Eirik Ingebrigtsen

Forfattar Eirik Ingebrigtsen er denne vekas pappa.

Eirik er aktuell med Heimfall. Ei juleforteljing, men dette intervjuet blei gjort i 2010. Han seier han foretrekkjer å lese sakte, undrande europeiske og modernistiske romanar. Eirik debuterte i 2001 på Forlaget Oktober med romanen Vesen. I tillegg til å vere forfattar, jobbar han som forfattarkonsulent i Norsk forfattarsentrum. Han spelar også på det norske forfattarlandslaget i fotball.

Hvor ofte leser du for barnet/barna dine?
– Blir cirka annankvar dag, statistisk sett. Denne eraringsstatistikken viser også at det blir meir lesing i sommarhalvåret enn om vinteren: Lys og lesing heng saman med opplagtheit og meir vakentid saman.

Hva leser du?
– Biletbøker og korte kapittel-bøker. Ein miks av ny bunke frå biblioteket og klassikarar frå hylla (definert av 3- og 5-åringen) som alltid er tilgjengeleg. Fint å sjå korleis dei vekselvis strekk seg opp (vanskeleg) eller ser seg tilbake (tidleg nostalgi) alt utfrå boka som er i fokus. Vi kikkar og les i faktabøker om Verdsrommet, Newton, dinosaurar, og om språk og tal. Eller så les vi om Bø og Bæ, Stian, Thomas, Karsten og Petra og andre som driver på med kvardag og liv.

I hvilken sammenheng leser du?
– Innimellom praktikum når ein av dei spør og eg klarar å sleppa det eg held på med. Eller før soving…

Hva gir høylesing for barna dine deg som pappa?
– Ro, fokus, eit tema. Ein samtale vidare ut frå boka. Tid i lag.

Hva liker du å lese selv?
– Sakte, tenkande europeiske modernistiske romanar (Walser, Bernhard, Mann).

Hvilken betydning har biblioteket hatt for din leseinteresse?
– Skulebiblioteket på barneskulen og ungdomsskulen betydde ein del. Forfattarbesøk også (levande liv kom inn utanfrå). Folkebiblioteket lite.

Hva leser du akkurat nå?
– Ei bok om FIFA og Roberto Bolaños Chilensk nocturne.