Edmund Austigard

Ukens pappa Edmund Austigard vil slå eit slag for barneromanen.


Austigard er administrerande direktør i Det Norske Samlaget. Han voks opp i Årdal i Ryfylke, er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt og har i tillegg to mastergradar frå USA i finans, politisk økonomi og marknadsføring.

Hvor ofte leser du for barnet/barna dine?
– Stort sett kvar dag.

Hva leser du for barna dine?
– Har barn på 1, 4 og 6 år. Det går derfor i alt frå biletbøker til barneromanar og faktabøker. Fotball-VM gjorde det høgaktuelt å finstudere atlas i sommar for å fastslå kor Ya Ya Toure og Diego Forlan kjem frå. Mens Vrimlebøkene frå Samlaget er interessante for heile flokken. For seksåringen gjeld Tonje Glimmerdal av Maria Parr og Jakta på Bjednekniven.

I hvilken sammenheng leser du for barna dine?
– Høgtlesing ein typisk ettermiddags- og kveldsaktivitet hos oss. Og det bygg bru frå ein smått hektisk (kvar)dag for små og store til ein rolegare kveld. Elles kan vi tilpasse lesinga til det som står på dagsordenen. Har vi planlagt ein tur, les vi om nokon som er på tur. Da seksåringen nå begynte på skolen, las vi forteljingar om det, som til dømes Albert Åberg.

Hva gir høylesing for barna dine deg som pappa?
– Oftast dette med å oppdage og oppleve noko av betyding i flokk. I verdsmålestokk er det uviktig at familien Wedde Austigard veit at Diego Forlan kjem frå Uruguay i Sør Amerika, og at Rasmus Løland frå Suldal fann opp den norske barnelitteraturen, men det kjennes rett at familien sit i samla flokk rundt ei bok, og slår dette ettertrykkeleg fast. Kanskje blir det ein del av det ein litt pompøst kan kalle familiekulturen, altså noko av det vi deler fordi vi har opplevd det saman. Samtidig opnar tekstane i seg sjølv for fantasi og kunnskap. Så om høgtlesinga som ei hending er felles for dei som høyrer på, er tolkinga likevel forskjellig. Og det som gledar meg mest er kanskje å høyre korleis barna spinn vidare på teksten, og ikkje minst korleis dei etter kvart refererar til forteljingane i ulike samanhengar.

Hva liker du å lese selv?
– Eg vil slå eit slag for barneromanen. Barneromanar som evnar å kommunisere både til barn og foreldre samtidig slik til dømes Pixar gjer i animasjonsfilmane er spennande. Eg synes Maria Parr sine romanar er veldig gode. Ei bok i denne kategorien som eg sjølv hugsar frå barndomen er Bjørnen, Reven og Pinn-Ola av Engvald Bakkan. Dei tre dyra møtes tilfeldig, overvinn ulikskapane og opplevere ein eventyrrik sommar saman. Boka er dessverre berre tilgjengeleg frå antikvariat nå. Elles les eg det eg finn tid til av alle sortar litteratur. Kjartan Fløgstad og Fredrik Nyberg er to forfattarar eg set pris på.

Hvilken betydning har biblioteket hatt for din leseinteresse?
– Farmor styrte biblioteket i heimbygda mi Årdal i Hjelmeland, eg kan ennå hugse den eventyrlege lukta og høgstemde stilla som rådde der. Vandringa langs bokhyllene og gleda av å oppdage ei ny bok, eit nytt eventyr.

Hva leser du akkurat nå?
Tales of the Jazz Age av Francis Scott K. Fitzgerald på e-bok format. Fitzgerald er vel verdt å lese. Samtidig prøver eg meg på den flotte boka Gjenreise. Ferdaminne etter A. O. Vinje av Jon Severud. I haust skal eg lese debutantbøker frå nye norske forfattarar for å leite etter friske stemmar og nye litterære vegar. Ofte dukkar det opp ein ny vri, eller ei litt vridd vinkling, og så får ein seg nokre nye heltar. Hausten er jo høgtid for alle som ventar på ny litteratur.