Internasjonal interesse for Idrett og lesing
Stig Elvis Furset frå Buskeruds Fylkesbibliotek haldt eit innlegg om prosjektet Idrett og lesing ved den årlege verdskongressen til IFLA.
IFLA står for International Federation of Library Associations and Institutions og kongressen blei avvikla i Quebec i Canada frå 10. til 14. august. Furset snakka på ABM-utvikling sin del av eit halvdagsprogram kalla ”The Global Literacy and Reading Fair: sharing good library practises in support of the United Nations Literacy Decade 2003-2012”.
– Her vil ulike leseprosjekt frå heile verda bli presentert, og Idrett og lesing er såpass unikt i denne samanhengen at det vekkjer internasjonal oppsikt, seier Furset til Foreningen !les.
Litteraturformidlingas Maradona
IFLA er ein organisasjon som er bibliotekfeltets “globale stemme”, og er den internasjonale paraplyorganisasjonen for dei nasjonale bibliotekforeningane rundt omkring i verda (les meir på http://www.ifla.org). Temaet for årets verdskongress er ”Libraries without borders: Navigating towards global understanding”, og tematiserer korleis framtidas bibliotektjenester vil sjå ut eller korleis dei skal utformast. Furset fortel om innhaldet i sitt innlegg:
– Det vil vere å presentere hovudidèane bak prosjektet, dei erfaringane ein har gjort fram til no og ikkje minst peike på at idrettsarenaen er eit flott alternativ til skulen når ein skal nå fram med litteratuformidling mot unge.
Difor vil Furset også leggje vekt på bibliotekarane si rolle:
– Prosjektet føyer seg også fint inn i tankane om at biblioteket treng å få sprita opp imaget sitt hos dei unge. Eg håpar å få sagt noko der om at garderobebibliotekarane er litteraturformidlinga sitt svar på Diego Maradona, seier han.
Betydningsfull presentasjon
Idrett og lesing får stadig større merksemd her heime i Noreg. Fleire breidde-, elite- og landslag, idrettslinjer, særidrettsforbund og toppidrettsutøvarar melder si interesse.
– Vi jobber med å få Idrett og lesing til å bli ein integrert del av tenkninga på samtlige nivå innan idrettsrørsla. Samstundes er det ei utfordring å rekruttere stadig fleire garderobebibliotekarar og identifisere breiddelag som ynskjer å vere ein del av prosjektet, seier prosjektleiar Ole Ivar Storø.
Kongressen i Quebec vil i så måte ikkje ha så stor betydning for prosjektet, men Furset ser likevel det viktige i å presentere Idrett og lesing i ei slik forsamling.
– Eg trur at det å få presentert eit prosjekt som er såpass nyskapande kanskje vil kunne få ringverknader ut over grensene. At andre tør å gjere det samme. I tillegg ligg det sjølvsagt prestisje i å vere blant dei ti prosjekta som er valgt ut til å presentere seg på denne delen av programmet.
Stikker hol på to myter
Som garderobebibliotekar sjølv, og ivrig Brann- og Manchester Unitedsupportar, har Furset få problem med å sjå verdien av å kombinere idrett og lesing.
– For å seie det på denne måten: Kva er likskapen mellom ei bok og ein fotball? Begge deler kan driblast og triksast med. Kva er likskapen mellom karate og litteraturformidling for ungdom? Begge deler er kampsportdisiplinar. Kva er likskapen mellom ein garderobebibliotekar og ein idrettsutøvar? Begge er opptekne av å prestere.
Og: – Det er jo ein vinn-vinn-situasjon for både litteraturen og idretten. Begge får bygt opp og om på imaget sitt. Ein stikker hol på to myter: At litteraturlesing er kjedeleg tidtrøyte og at idrettsutøvarar ikkje er interessert i litteratur, avsluttar idrett- og lesingentusiasten.