Hat trick under KM

Leseagent Gunn Angelskår ved Leikanger folkebibliotek var i helga på besøk under Kretsmesterskapet (KM) i fotball for å overlevera bokbag til Syrils guttelag i 13-14-årsklassen.

Fotball og lesing: Trenaren for Syrlis guttelag trur bokbagen vil være eit viktig innslag i fotballkvardagen til spillerane.

Angelskår håpar bagen kan følgje laget under trening og ved reiser.

– Utøvarane bestemmer sjølve korleis dei vil gjera det med utlån og innlevering. Bagen skal gjere det lettare å plukke ei bok i Syril-bussen eller med seg heim. Om dei vil ha meir bøker med seg på turar når denne porsjonen er unnagjort, kan dei koma på biblioteket og låna påfyll, seier ho.

Og lagets trenar var positiv til bøkane.

– Ungdomane var litt meir opptekne av siste kamp og neste kamp, men det var likevel ein av gutane som straks melde seg som materialforvaltar for bagen, og boka om Cristiano Ronaldo skulle i alle fall lesast. Trenaren misjonerte for Nick Hornby, fortel Angelskår.

Som en del av prosjektet Hat trick i regi av Foreininga !les trur leseagenten at lesing kan gjera spillarene flinkare i fotball og omvendt. Ho sitere eit utvalg av fotballprofilar, blant anna:

– Det er viktig for fotballspillere å trene fantasien og forestillingsevnen. Det å kunne se for seg, og helst forutse, spillet på banen er en viktig egenskap hos gode spillere. Gjennom å lese bøker trener man denne evnen. (Åge Hareide)

Og:

– Det hender jeg leser bøker for å koble ut fotballen. Nå sist leste jeg boka om Zlatan. Det er fascinerende å se hvordan andre har blitt gode. (Ole Gunnar Solskjær)