Kvardagen i eit lite folkebibliotek

- Sjølv om biblioteket er lite, er mange av oppgåvene dei same som i større bibliotek. Det seier Liv Ese, sjef ved Balestrand bibliotek.

Formidlingskurs: – Det er viktig å delta på kurs, spesielt for bibliotekarar som jobber åleine, seier Liv Ese (nr to f.h.). Her saman med Jorun Systad (t.v.) frå Høyanger bibliotek, fortellar Marit Hallén og Robert Haugen frå fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane.

Ese er einaste ansatte, i 50 prosent stilling, ved biblioteket. Det daglege arbeidet som biblioteksjef er krevende, men også givende.

– Møte med lånarane, klassebesøk, innkjøp, registrering, fjernlån, purring, rydding tek tid. Når ein arbeider åleine i ein halv stilling, seier det seg sjølv at ein ikkje får gjort alt det ein skulle ynskje og alt det ein ser kunne vore gjort. Så i min jobb vert utfordringa å prioritere. Og ein må prioritere ulike ting alt etter tidsperiode, sier ho.

Ese, som i tillegg jobbar 50 prosent som lærar, meiner likevel kombinasjonen mellom dei to stillingane har sine positive sider.

– Kombinasjonen bibliotekar-lærar er på mange måtar ein positiv kombinasjon. Samarbeidet skule og folkebibliotek er viktig, og som lærar har eg ein fordel der.

Balestrand kommune har rundt 1300 innbyggjarar. Fordelen med å jobbe i ein såpass liten kommune, meiner Ese er at ein som bibliotekar kjenner lånarane rimeleg godt.

– Det er kanskje lettare å finne litteratur som passar. For meg er dette det mest positive med jobben som bibliotekar. Ofte har eg noko «på lur» som eg trur passar til den og den. Mitt inntrykk er at lånarane set pris på det, seier ho.

Biblioteket tilbyr bøker, lydbøker, DVD-er med mer. Men dei gjennomførar også ulike arrangement.

– Arrangementa har ofte ein positiv effekt på utlånstala, seier Ese.

– Dei gjer biblioteket synleg både hjå folk i bygda og hjå dei som sit med pengane, legg ho til.

Foreningen !les møter Ese under formidlingskurset, som Foreningen !les arrangere i samarbeid med fylkesbiblioteket, i Førde i Sogn og Fjordane.

– Å delta på formidlingskurs som dette betyr mykje. Formidling er etter mitt syn det viktigaste i bibliotekarjobben.

– Eg lærte ein del lure knep under kurset. Eg falt også for Hat trick og kunne godt tenkt meg å starte med det, men i haust må eg prioritere anna arbeid.

Ese syns det er viktig å delta på fagkurs, spesielt for dei av bibliotekarane som jobber åleine.

– Vi treffer kollega frå andre bibliotek og kan diskutere. For oss med to jobbar kan det sjølvsagt bli ei utfordring å komme seg på kurs. Mykje skal klaffe, men denne dagen i Førde var verdt arbeidet med å organisere alt for å få til å komme.