– Må ikkje overstråle litteraturen
Vi tok ein prat med Noregsmeistar i litteraturformidling, Gjertrud Øvland.
Aust-Agder bibliotek og kulturformidling arrangerte i 2012 historias første Noregsmeisterskap i litteraturformidling i Arendal kulturhus. Deltakarane formidla Drakeguten av Asbjørn Rydland og vinnaren vart barne- og ungdomsbibliotekar, Gjertrud Øvland, ved Deichmanske bibliotek i Oslo.
Kvifor er litteraturformidling, spesielt til barn og unge, viktig?
– Fordi det inspirerer til å lese. Det gir tips om bøker ein elles ikkje ville funne fram til sølv. Lesing er viktig av to grunner: Det eine er sjølve lesetreninga. Øving gjer meister. Dess meir ein les, dess flinkare blir ein. Det å vere god til å lese gjer at ein klarer seg betre i skolefaga. Den andre grunnen, som eg synes er like viktig, er at ein «utvidar horisonten». Du blir kjent med andre personar og livssituasjonar. Du blir rett og slett litt klokare av å lese bøker, og eg vil gjerne vere med å bidra til at flest mulig finn ny, spennande litteratur.
Er det skiland på å formidle til barn samanlikna med vaksne?
– Mykje fungerer både på barn og vaksne, som det å bruke humor. Eg formidlar mest til barn og da er det freistande å legge vekt på «ekle» ting. Eg veit at supertruser og prompepulver fengar. Men formidlinga fungerer dårleg viss det blir ein orgie av promp. Det skjer også noko i formidlingsaugeblikket som avgjer korleis alt blir. Eg har opplevd å formidle dei same bøkene til to klassar på same dag, men likevel på to heilt ulik måtar. Eg prøver nok å være litt meir seriøs og virke litt meir vaksen dei gongane eg snakkar for vaksne menneske.
Korleis forbereder du deg til formidlingsbesøk?
– Først les eg boka og finn ut kva eg synes er spesielt med ho. Deretter prøver eg å finne ut kva som vil få andre til å lese ho. Eg prøver å finne «knaggar» å henge boka på som eg trur vil få mottakaren til å ønske og lese ho. Kva eg legg vekt på kjem an på kven eg formidlar til. Eg tenkjer også gjennom kva eg vil seie og skriv som regel ned nokre stikkord.
Kva meiner du gjer at ein formidlingssituasjon blir vellukka?
– Engasjement, men ikkje nødvendigvis så høglytt. Formidlaren skal ikkje overstråle litteraturen som blir formidla. Formidlaren må kjenne seg trygg på det som skal formidlast og snakke ut slik at ein også inkluderar dei som sit på bakerste rekke. Det er ein stor fordel å like boka du formidlar, sjølv om eg har snakka om bøker eg ikkje har vore så begeistra for.
Kva er skilnaden på å formidle i og utanfor biblioteket?
– Eg har formidla mest for skoleklasser. Da er det liten skilnad på om klassen er hos meg eller om eg er hos dei. I bibliotek har vi også mykje ein-til-ein-formidling der lånaren kjem og vil ha boktips. Dette kan vere vel så utfordrande sia eg ikkje kan forberede meg, men må improvisere. Særlig når eg merkar at lånaren har veldig ulik litteratursmak enn meg.
Kva for formidlingstips vil du gi til andre formidlarar?
– Vær deg sjølv og stol på at du har noko å bidra med. Viss du liker boka, er det sikkert andre som også vil like den. Viss du skal snakke om fleire bøker, så sats på variasjon.
Kan du skildre ditt verste og beste formidlingsaugeblikk?
– Mitt verste var da eg var høggravid og ute på besøk i ein klasse på 3. trinn. For kvar bidige bok eg tok opp, sa ein av guttene: «Den har jeg lese!» Kvar gang han sa det falt energien min og eg mangla ekstra energi til å jobbe meg opp igjen. Eg var ganske glad da den timen var over. Når eg snakkar for ungdomsskoleelevar kan eg av og til høyre dei mumle: «Den skal eg ikkje låne.»
– Mitt beste augeblikk var nok da eg kom meg gjennom Drakeguten av Asbjørn Rydland under NM i litteraturformidling. Vi hadde ei tidsavgrensning på maks tre minutt og sjølv om eg hadde tatt tida på forhand, visste eg ikkje om eg ville få sagt alt. Det var ei god kjensle da eg var ferdig og hadde komme meg gjennom det eg skulle seie.
Kva les du for tida (17. januar red.anm.)?
– Eg leser Over det kinesiske hav av Gaute Heivoll og Hva sier reven? av Ylvis og Svein Nyhus.
NB! Neste NM i litteraturformidling er fredag 26. september. Da er lyrikk sentralt.
Les meir her.