Å formidle som Maradona

Leseagent, Brannsupporter, Maradona- og Elvis-fan, Stig Elvis Furset, snakkar lesing og fotball.

Kor hentar leseagentane motet sitt ifrå? Finst det uante samanhengar mellom fotball og lesing? Må ein ha greie på fotball for å formidle for fotballungdom? For å svare på desse spørsmåla vil eg sette meg i tidsmaskina, type Tardis, årsmodell ukjent, fyre opp motoren, set tidsgiret i revers for fortid og trykke på årstalet 1986. Whoooosh!!!

Vi befinner oss i Mexico. Det er fotball-VM. Vi er komne eit stykke ut i meisterskapen. Til kvartfinalen. England møter Argentina. Eller eg skulle heller seie: Det er England på den eine sida av midtstripa. På den andre står ein liten plugg av ein mann som heiter Diego Armando Maradona. Han er utan konkurranse verdas beste fotballspelar gjennom alle tider. Det er elleve engelskmenn mot ein liten argentinar.

Fem minutt ut i andreomgangen skjer det. Diego Maradona er på veg fram mot eit innlegg som er i ferd med å lande innanfor sekstenmeteren. Han er åleine mot den engelske keeperen, Peter Shilton. Den på alle måtar store Shilton ser ut til å ha god kontroll, der han kjem ut for å bokse ballen vekk frå vesle Diego. Men eitt eller anna skjer idet vesle Diego hoppar opp for å nikke ballen. Eitt eller anna … mirakel …

For Shilton si hand treffer berre lause lufta. Og ballen treffer tilsynelatande vesle Diego sitt hovud, som berre kan styre ballen inn i det tomme målet. Vesle Diego springer mot kårnerflagget, med begge armane utstrekt i jubel. Ein kan såvidt ane at han kastar eit blikk bort mot dommaren. Det står 1-0. Det står 1-0 til Diego Maradona. Mot England.

Det ingen fekk med seg, bortsett frå Shilton og ein vaken fotograf bak målet, var at vesle Diego sjølv hadde boksa ballen i mål. Men når ein ser målet i reprise, er det plent umogleg å få med seg. Til og med for oss som har reist i tidsmaskin, og veit kva vi skal sjå etter. Etterpå, på spørsmål om ikkje dette var eit vel skitent og usportsleg triks, om ikkje dette var direkte juks, svarte vesle Diego, som sant var, at det ikkje var hans hand som laga målet. Tvert om, det var sjølvaste Gud si hand. Så kom ikkje her … Og eg skal bruke vesle Diego sin eigen kristenreligiøse terminologi no: Alle vart både fælne og redde over det dei såg og høyrte. Alle, utanom argentinarane sjølv. For det resten av fotballverda gløymte, var at i Argentinsk fotball blir juks godteke så lenge utføringa er stilfull. Så lenge jukset bærer den gatetruverdige sin frekke signatur, er det heilt greitt. Og så lenge du kjem unna med det får du applaus.

Sidan har vesle Diego vandra vidt ikring oss, og det skal nevnast at han i same kampen utførte ei enno meir mirakuløs skåring enn den som heiter «Guds hand», liksom berre for å stadfeste kven som hadde motet, viljen og evnene til å utføre mirakel denne heite juniettermiddagen i 1986.

Men mitt utgangspunkt for å fortelle kjent VM-historie er altså: Kva fortel denne historia oss om leseagenten sitt mot? Ein heil del. Som leseagent blant fotballungdom befinner ein seg langt unna biblioteket si trygge hylleryggdekning. Ein befinner seg også langt unna den relativt trygge settinga ei klasseromsformidling er. For som leseagent er det stor sannsynlighet for at ein står framfor ei forsamling som kun består av gutar. Då kan kvar og ein av oss ha behov for å tenkje på ei høgare makt.

Her kjem Maradona til hjelp. Han viste oss at det var lov å tørre og lov å prøve. Diego turte å prøve, medan heile verda såg på, å utføre noko ingen trudde var mulig. Det gjer han topp kvalifisert til å bli alle leseagentar sin skytshelgen.

For vesle Diego ber oss om å utfordre regelverket. Eg har i ulike samanhengar hevda at bibliotek er prega av ei «slik har vi alltid gjort det-haldning». Alle har fulgt reglane, og ingen har verkeleg mislukkast eller vunne noko stort. Den gongen i 1986, då vesle Diego gjekk opp i duellen med Shilton, tenkte han då: «No skal eg følgje reglane og ta hensyn til FIFA sitt mantra om ´fair play´?» Neppe. Snarare var det slik at han ville ta den meir ut i svingane. Utfordre grensene. Slik at det som før var ein regel, med hans gjennomføring, vart til noko meir og heilt anna enn det resten av fotballverda trudde. For ein hands som ingen ser, er det ein hands? Nei, det vart til «Guds hand». Ein kan seie kva ein vil om det, men ein ting er sikkert: Det vitna om eit rikt fantasiliv hos fotballguden.

Korleis utfordrar ein regelverket som formidlande bibliotekar? Med Maradona som forbilde legg ein vekk noko av den overdrivne respekten for boka som medium. Dette innebærer at ein tør å bevege seg utanfor teksten i formidlinga. At ein ikkje tenkjer på om ein er tru mot originalen i formidlinga. Å vere tru mot originalen er å komme med endelause handlingsreferat. Det er å spela ein type «fair play» med ei bok. Å vere tru mot originalen er å sjå etter kva budskap forfattaren har med teksten sin. Det å leite etter «tema» spelar ein type «fair play» med ei bok. Slikt blir det som regel dårleg formidling av. For det eg vil formidle når eg står med ei bok i neven framfor eit publikum, er å formidle kjensler.
Kjenslene er langt viktigare å formidle enn sjølve boka. For viss ikkje kjenslene er med på lasset, så dett som regel formidlinga saman før eg i det heile har kome fram til forfattar og tittel. Boka er ballen og det er opp til oss å spele med den nett slik vi vil. Då tenkjer ein ikkje etter, som i skulen, kva budskap forfattaren har tenkt at boka skal ha. Vesle Diego ville aldri ha lete seg begrense av dette regelverket dersom han var i mine skor. Med boka som ball har eg lov til å vere spekulativ. Eg har lov til å vere spekulativt oppteken av spenning, grøss, lått og løye, smerte, glede og kroppslege aktivitetar av alle slag, også sex, når eg formidlar ei bok. Alt som kan knyttast opp mot sanseapparatet.

Å utfordre regelverket innebærer dessutan at ein ikkje undervurderer målgruppa.  Ungdom kan lese «vaksenlitteratur». Ungdom treng noko å bite i. Og eg er ikkje sikker på om dei alltid får det i den typiske ungdomslitteraturen. I alle fall ikkje etter norske forhold. Det er ikkje det at den norske ungdomsboka ikkje handlar om utfordrande ting, for det kan den. Men det er eit svært drepande mantra ein eller annan plass som seier at det skal vere i passande mengder. Om ei bok krever noko av deg skal den gjere det på passande vis. Om ei bok inneheld sex skal det vere i passande mengder. Om ei bok er brutal, skal den vere det slik at det passar seg. Om ei bok handlar om rus skal det vere nett passe. Og det eg likar minst med haldninga til ungdomsbøker: Dei må ha «den håpefulle vending». Dei får sjeldan slutte ope, og dei er nødt til å ha håp. Skulen er langt inne i denne materien, og har greve seg såpass langt ned enkelte stader at elevane knapt kan lese bøker utan at det kjem i konflikt med eitt eller anna verdigrunnlag, evne til empati eller det som måtte vere på den pedagogiske moten på eit gitt tidspunkt.

Eg meiner dette strider imot korleis ein vanlegvis finner fram til bøker. Og det strider i alle fall mot fotballens vesen. For er det noko der som heiter at det er best å vere midt på tabellen?

Ein kan overføre det til bøkene. Vil ein lese det som er «midt på tabellen-bøker»? Eg har lita erfaring som utøvar når det kjem til stykket, men desto større erfaring som supporter av eit lag. Eg veit at midt på tabellen er den verste plassen som finst. Du har ingenting å kjempe for. Ingenting som enten trugar med å rive deg sund, og sende restane ned i mørkret. Ingenting som lovar å løfte deg opp i euforisk glede, som nærmast eigenhendig gjer deg i stand til å fyke. Det er i nedrykkstriden og medaljekampen ein kjenner seg levande. På tabellmidten er det lunkent. Tabellmidten er nett passe. Difor spyttar ein ut det som kjem derifrå. Fordi det ikkje har kjensler verken den eine eller andre vegen.
Må ein leseagent ha greie på fotball for å kunne formidle bøker til fotball-ungdom? Nei, ein leseagent må først og fremst ha peiling på bøker. Og lesartypar. Men det hjelper å vere medviten om at bøker og fotball ikkje nødvendigvis er på motsette banehalvdelar. Dei er for lagkameratar å rekne. Sjå på dei to skåringane til Maradona mot England ein gong til. Kva er det han eigentleg gjer? Han bruker ferdighetene sine til å skape kunst. Han bruker fantasien. Begge måla er stor litteratur. Det er skåringar som utfordrar og utivdar verkelegheitsbiletet vårt. Det er skåringar som tek oss med til ein heilt anna plass, til ei bane vi aldri har vore på før. Så snart han fekk ein fotball i føtene (eller ein mikrofon i handa) så starta Diego å dikte. Sjangeren hans heiter magisk realisme.

Maradona ville aldri blitt verdas beste fotballspelar om han ikkje hadde dei djupe og høge kjenslene og erfaringane med seg. Kjenslene brukte han på ballen. Det er kjensler som ein leseagent overfører på bøkene og litteraturen, slik at formidlinga blir i harmoni med kravet som finst på både tribunene og garderoben om at ein skal blø for drakta.

Det er den innsatsen som krevst for at ein skal kunne oppleve den gyldne augeblikken der han eller henne som aldri har gidda å lese ei bok kjem opp til deg etter at du er ferdig og seier at han har lyst til å lese noko av det du har med deg. Når det skjer veit ein at ein har greidd å formidle noko nytt og uventa for ein komande lesar. Det er då ein er i kontakt med litteraturens «Guds hand». Og det er då ein kan sende ein djuptfølt takk til Diego Maradona, fotballfantasiens meister. Og, som sagt: alle leseagentar sin skytshelgen.

Myta seier at idrettstutøvarar leser lite, og dei som er aktive innanfor verdas største idrett, fotball, gjer det enno mindre. Når idrettsutøvarar får spørsmål om kva som er favorittbok i samband med ulike medieoppslag etc. er svaret meir ofte enn vi set pris på at dei ikkje leser bøker, og at dei las bøker sist då dei gjekk på skulen. Dette er med på å danne to sett med fordommar om lesing og litteratur. Først: Idrettsutøvarar leser ikkje. Dernest: Litteratur er kjedeleg, og kun noko som er relatert til lekser og plikt. Målet må være å rive ned desse fordommane. For det er ikkje slik at idrettsfolk ikkje leser. Mangfoldet er større enn ein trur. Mange unge ser opp til idrettsstjerner, og når desse står fram som lesarar vil det gjere noko med det biletet som unge har av lesing som aktivitet. Eg kan leggje til at før seriestarten i 2008, var det avisoppslag i Bergensavisene om min eigen favorittklubb, SK Brann. Der hadde ei gruppe av spelarane danna ein lesesirkel. Dei kommenterte at det var med på å skape ein ny type fellesskap, noko som gjer det lettare å dra lasset saman under kampane. At klubbens og daværende Eliteseriens toppskårar, Thorstein Helstad, var ein av dei mest aktive i lesesirkelen ser vi sjølvsagt på som ein fin ting. Og ein kan også merke seg at når leseentusiasten Thorstein Helstad forsvann til den franske klubben Le Mans i august same året, starta det også å gå alvorleg dårleg med Brann. Ein samanheng?
Det mange av toppidrettsutvørane elles fortel, er at dei er opptekne av å prestere (sjølvsagt). Men for å prestere treng ein i tillegg til solide dosar trening, også å kvile og koble av. Der kjem litteraturen inn. Dei står fram som lesarar, fordi dei har erfart at det gir god avkobling å bli underhaldt av ei bok.

stig_elvis_liten
Av Stig Elvis Furset
Buskerud Fylkesbibliotek