Skriv

SKRIV TIL DU DETT AV STOLEN

skribent1.gif

Når du er i gong med skrivinga, skal du ikkje tenka på rettskriving, eller om det er dumt eller klokt. Det viktigaste er først av alt å trilla ut heile historia. Etterpå kan du gå tilbake og fiksa og triksa. Kanskje må du stryka ein god del fordi du har sagt det same fleire gonger. Kanskje må du legga til nokre små detaljar for at det skal virka truverdig. Om du skriv om ein veg, og du fortel oss om noko rask som ligg i vegkanten, då vil vi tru at alt du skriv om denne vegen er sant. Det er altså stundom lurt å ta med nokre unødvendige detaljar.