Handling

KVA ER DET FORTELJINGAR HANDLAR OM

prat_liten.gif
Forteljingar handlar ofte om ein person som manglar noko. Noko personen må prøva å skaffa seg. Heile forteljinga kan handla om det. Eksempel på kva ein person kan mangla :

  • ein venn
  • ein kjærast
  • ein mordar (nokon er drepne)
  • egg til pannekakerøra
  • pengar
  • eit toalett
  • eit kjæledyr
  • vegen heim (har rota seg vekk)
  • nøklane til huset
  • ein god idè til ei forteljing

Forteljingar handlar og om ein person som har for mykje av noko. Noko personen må prøva å kvitta seg med. Eksempel på kva ein person kan ha for mykje av :

  • ein uvenn
  • ein klengete person som trur det er kjærleik med i bildet
  • eit lik (nokon er drepne)
  • egg (høna legg trehundreogåtte egg til dagen)
  • pengar (han er vel ein tjuv då ?)
  • toalett (alle rom i huset er toalett?)
  • eit kjæledyr (det viste seg å vera ein dinosaurbeibi)
  • for mange gode idèar til forteljingar

Forteljingar handlar om personar som skal redda verden. Den mest berømte er forteljinga om Jesus. Nokre andre er:

  • Tarzan
  • Fantomet
  • James Bond

Forteljingar handlar om ein person som har fått ei mindre oppgåve enn å redda verden, men som likevel er vanskeleg nok. For eksempel :

  • Greier han å sløkka brannen ?
  • Greier ho å temma den ville hesten?
  • Greier ho å få mora til å forstå at ho må ha ei gul bukse?

Vil du at forteljinga skal vera spennande er det 2 ting som kan vera lure å hugsa på :

  1. Det må vera vanskeleg for personen å få det til. Dess vanskelegare dess meir spenning.
  2. Det må hasta. Dess dårlegare tid dess meir spenning.

Det mest spennande spørsmålet pleier likevel å vera dette :
Får dei kvarandre til slutt ?