Skap

ALLE MENNESKE HAR TO SKAP OG DIKTAR FLEIRE GONGER I DØGNET OM DEI VIL DET ELLER IKKJE

Det eine skapet heiter kjennskap.

kjennskap.gif
Det viktigaste skapet i mi skriving har alltid vore KJENNSKAPET. Først av alt må eg våga å tru at det eg har opplevd verkeleg har skjedd. Så må eg våga å tru at det skal gå an å laga forteljingar om det. Eg treng ikkje skriva akkurat det som skjedde. Det er eg som bestemmer. Eg kan lyga og overdriva så mykje eg vil og inneheld det du har opplevd.

Det andre skapet heiter kunnskap
kunnskap.gif
Nokre gonger må eg innom KUNNSKAPET. For eksempel for å finna ut kva ein kardang er. Eg likte det ordet så godt, at eg ville bruka det i ei bok. Først måtte eg slå opp i leksikon for å finna ut kva det verkeleg var. Om ein brannmann treng ein brannbil, så treng ein forfattar fantasi. Men alle menneske har fantasi, og fantasien driv og diktar om vi vil eller ikkje. Tenk berre på alle draumane dine. Du trudde vel ikkje dei kom frå NRK eller TV2 ? Tenk på dei gongene du må lyga litt. Då er det fantasien som hjelper deg. Dei mørkredde diktar så godt at dei trur på det sjølv og inneheld det du har lært av lærarar, bøker, filmar, fjernsyn, aviser og andre folk.