Dans med fantasien

ALT EG KAN OM Å SKRIVA FORTELJINGAR HAR EG LÆRT ETTERPÅ

prat_liten.gif
Eg tru ikkje det går an å læra å skriva forteljingar ein gong for alle. Ein kan læra å skriva den forteljinga ein held på med. Snu og venda på idèen. Prøva mange nye byrjingar. Trekka frå litt. Legga til noko. Bli meir presis. Men neste gong er det ein ny idè, og den må brukast på ein annan måte.

Det viktigaste er kanskje å gje opp. Når du kjem så langt, at du kjenner du ikkje får til meir, då er du komen langt. Då må du ha tillit til din eigen fantasi. Den arbeider ofte best, når du held på med noko heilt anna. For eksempel ryddar på rommet ditt eller står på eit nes og fiskar.

Manglar du idèar er det lurt å lesa forteljingar som andre har skrive. Då kjem ein ofte på noko. Då kan ein ta med seg nokre stilige knep. Det er lov å herma etter andre. Det var slik vi lærte å gå og snakka.

Hugs at den viktigaste lesaren er du sjølv. Om ikkje du likar forteljinga, kven tru du då likar den? Kanskje du må skriva det du har lyst å lesa.

Når du skriv inviterer du fantasien din opp til dans. Eg trur fantasien din elskar det. Men den lovar deg ingenting. Den bryr seg ikkje alltid om gode karakterar og fin omtale, men den har mange overraskingar på lur.