Dikt

Per Olav Kaldestad: tips for deg som vil skriva dikt

parachute.gif aa.gifskriva litteratur er å sleppa seg laus, la orda komma som dei vil, ikkje bry seg om anna enn å finna sin eigen måte å skriva på. Du treng ikkje tenkja så mykje på om det er dikt eller forteljing du skal skriva, men det er greitt å vita litt om forskjellen likevel.Når du skriv ei forteljing, er du oppteken av å komma vidare. Men når du skriv dikt, lagar du eit rom å vera i. Mange dikt liknar likevel på forteljingar. Ikkje berre dei gamle folkevisene, men òg meir moderne dikt som for eksempel dette av Jan Erik Vold:
Fallskjermen
åpnet seg
ikke denne
gangen
heller
m.gifen likevel er det fyrst og fremst eit tanke- eller opplevingsrom me prøver å skapa når me lagar dikt.
Ein gong eg las om korleis byen Venezia sakte søkk ned i havet, såg eg ein notis i avisa om at dette også skjer med oljeplattformene i Nordsjøen. Ikkje lenge etter skreiv eg diktet «Venezia og Ekofisk»:
Venezia er ein stor by i Italia.
Ekofisk er ein liten landsby i Nordsjøen.

Begge står med vatn til knea
og lurer på kva som skal skje med dei.
Heile tida kryp havet ørlite
høgare
oppover.
Likevel puslar dei på med sitt
gjennom dagane, og tenner lampane
kvar kveld. Store og små lys
nikkar i vatnet.
venezia.gif
Diktet er ei lita forteljing, men rommet er viktigare enn tidsforløpet. Dette rommet er bygt opp av motsetningar. Det er motsetningar i bilda (stor-liten, nedover-oppover, uro-ro, dag-natt, eld-vatn), det er motsetningar i rytmen (roleg-rask) og det er motsetningar i lyden (mørke vokalar mot lyse vokalar). Og slik diktet er oppsett på sida, minner det både om ei boreplattform og ein by som står på sokkel – det blir som eit rom, det også. Du treng ikkje tenkja på alt dette kvar gong du skriv eit dikt. Heller ikkje ein forfattar tenkjer så mykje over slikt når han skriv som best: Det er noko ein har i seg når ein har skrive lenge. Men det er viktig å vita om det den dagen du treng det. Sjå nøye på dikt du kjem over, og spør diktarar du møter korleis dei arbeider.

Dikt 2

et finst ikkje noko oppskrift på diktskriving. Du kan gjera det nett slik du vil. Det einaste du må passa på, er at du smakar godt på alle orda du bruker. Og du kan skriva om det du vil – det er ikkje noko emne som er for lite og kvardagsleg for eit dikt. Måten […]

Les mer

Dikt 3

Om du vil skriva noko om for eksempel vatn, må du fyrst bli kjent med dette elementet slik at du føler det på kroppen, slik at du får kontakt med dei orda du treng. Det kan vera bra å skriva små tekstar ut frå ulike innfall, som desse:

Les mer

Dikt 4

dikta er å sjå tinga på nytt og å finna ord for det du ser. Det er det same me gjer når me lagar gåter: Me skildrar noko på ein forunderleg måte, slik at alle må sjå seg godt om før dei oppfattar kva me tenkjer på. Denne teknikken blir mykje brukt av diktarar – […]

Les mer

Dikt 5

Ein annan bra måte for å sjå seg om med friske augo, er å leika at ein er noko anna enn seg sjølv. Når ein spelar ei rolle, opplever ein verda på ein ny måte, og ein finn ord ein elles ikkje ville funne. Alle kjenner dette diktet av Inger Hagerup:

Les mer