Historia

KOR MYKJE ER DET SOM MÅ TIL

Så å seia alle historier har dette til felles : Det er ein stad. På den staden er det ein person/nokre personar som gjer noko.

Øv deg på å skildra ein stad eller eit rom eller eit landskap.

EKSEMPEL 1
Stranda var tom for folk. Nokre småbølger slo inn mot det mørke våte berget. Ein ganske ny joggesko låg og vippa fram og tilbake inne på grunna.

EKSEMPEL 2
Eg sat på rommet hennar og venta. Det lukta heilt annleis her enn på mitt rom. Var det vanilje? Eller kanskje ei blanding av fruktsjampo, skyllemiddel og pusten hennar. I vindaugskarmen låg tre kvite steinar og ein rusta skrue. Ja, ein rusta skrue. Ranselen hennar sto under det vesle bordet. Ho hadde ikkje opna den endå. Ei skapdør sto litt på gløtt, og eg hadde så lyst å sjå gjennom kleda hennar som tøyt ut av

EKSEMPEL 3
Dei sto på toppen av fjellet, og den iskalde vinden fann kvar minste opning i kleda. Bak den store steinen dei sat på låg restar etter ei knust ølflaske og ein eingongsgrill.

EKSEMPEL 4
Ho sat ytst på greina. Ein kvist stakk henne djupt inn i det venstre låret. Ho høyrde korleis greina tok til å bresta, og like under henne sto Anders og Mariann heilt stille og såg kvarandre djupt i auga.

EKSEMPEL 5
Det var eit heilt alminneleg busstopp. Ei stang med eit lite blått skilt på. Ingenting spesielt. Det var så vanleg at det var til å få makk av.

EKSEMPEL 6
Soverommet var ganske stort. Siste bussen frå senga til klesskapet gjekk presis 23.17.

EKSEMPEL 7
Huset låg så langt ute mot fjorden, at det såg ut som det berre var sekundar før det ville hoppa uti.

EKSEMPEL 8
Det var ein lang smal veg, og det var midt på natta.

Øv deg på å skildra personar.

EKSEMPEL 1
Han såg alltid ut som han hadde tenkt å spørja om du ville kjøpa lodd.

EKSEMPEL 2
Han heitte Anders, og han gjekk alltid i den gule buksa si.

EKSEMPEL 3
Ho såg ut som ho var klyppt rett ut av ein reklame for knekkebrød og brunost. Dei kvite tennene hennar var store og sterke og hadde fått rikeleg med plass i det smale lyse andletet.

EKSEMPEL 4
Straks ho såg på meg gløymte eg alt anna. Dei blå blå auga som lyste under den knall oransje luggen.

EKSEMPEL 5
Ho var gammal. Huda hennar var liksom blitt for stor til henne.

EKSEMPEL 6
Han hadde lange smale fingrar. Alt ved han virka langt og smalt. Om det kom eit sterkt vindkast ville han falla over ende.

EKSEMPEL 7
Ho heitte Line. Like under det venstre øyra hadde ho eit arr som likna ei stjerne.

Så å seia alle historier har dette til felles: Dei handlar om eit problem.

Med ein gong du har skildra staden og personen/personane og problemet er forteljinga i gong.

Nokon likar å vera godt førebudd. Dei vil vita alt som skal skje og korleis det skal slutta. Vi skriv på forskjellige måtar alle saman.

Eg likar å vita litt om kva som skal skje. For eksempel at guten på stranda møter ei jente, at han vil spandera ei pølse på henne i ein kiosk, og at ho kjem til å søla ketsjup på den gule buksa hans. Noko meir vil eg ikkje vita før eg begynner å skriva. Eg skriv for å finna ut korleis i all verda det kjem til å gå med dei.

Men når eg kjem til den delen i forteljinga der dei står og et pølse i brød med alt på, finn eg kanskje ut at det ikkje vil passa med ketsjupsøling i denne forteljinga. Då finn eg berre på noko anna. Slik er det å dansa med fantasien. Vi veit aldri heilt kva som kjem til å henda.

Lukke til. Og hugs :

Det er viktig å gje opp. Det er viktig å ha ein premie på lur. Fantasien din ligg og ventar på deg uansett.