Forteljemåtar

KORLEIS BLIR EI FORTELJING SKUMMEL ELLER ROMANTISK?
SKAL FORTELJINGA VERA ...

gul_tenke2.gif
Romantisk?
Det var ein stille kveld på stranda. Månen skein, og eg hadde på meg den nye gule buksa eg hadde fått mor mi til å kjøpa.

Ekkel?
Det var ein stille kveld på den møkkete stranda. Ein høg tynn fyr med ein grusom ånde og ei skrekkelg gul bukse gjekk fram og tilbake utan stans.

Rar?
Ein gut med gul bukse gjekk stille bortover stranda. Det virka som han tenkte voldsomt, og ein merkeleg stemning av ro og forventning omgav den lutrygga skapnaden.

Keisam?
Det var ein stille kveld. Det gjekk ein gut på stranda. Guten hadde gul bukse og virka ganske vanleg. Det var som sagt ganske stille. Så byrja det å blåsa. Så blei det stille igjen.

Morosam?
Det var ein stille kveld på stranda. Det var som om både fisken og manetene heldt munn, og ikkje ein gong dei vimsete småkrabbane slapp frå seg eit rap. Ein liten fyr i gul bukse dreiv og vimsa hit og dit i sanden.

Skummel?
Det var den sjette kvelden etter tredje fullmåne. Ein liten gut i gul bukse gjekk uroleg rundt på den stille stranda der havet kviskra sine løgnaktige småbølger inn i sanden. Ei kald tåke seig inn mot land for liksom å dempa alle lydar i det kalde våte kveldslandskapet.

Trist?
Han gjekk aleine på den store stille stranda. Mora hadde overtalt han til å ta på den dumme gule buksa, og han visste at ingen ville koma denne kvelden heller.

Tøff?
Han var ein gut for det nye tusenåret. Buksa var like gul som håret, og krafta i den høgreiste kroppen var så voldsom at han hadde vanskar med å stå stille. Det var ein ny kveld i den gamle verda, og han visste tida var inne for hans risikofylte og utspekulerte leik på den store stille stranda.

Søt?
Han gjekk fram og tilbake på den store møkkete stranda. Han hadde på seg den gule buksa, og i eit lunt holrom han hadde lagd med nevane hadde han den vesle hamsteren Sigurd.