Aksjonen er i gang

Vi gjer bibliotekarar, lærarar og rektorar oppmerksamme på at påmeldinga til rein tekst no er i gang for fullt.

Meld på klassane dine via påmeldingsskjemaet på nettstaden vår. Målet med rein tekst er å gi ungdom mellom 16 og 19 år gode lesaropplevingar. Difor: Set samtidslitteratur på dagsorden! Set av tid til antologilesnad, diskusjonar og kortfilm i skuletida.

Påmeldingsfrist: 11. september. Me hadde litt problem med nettløysinga, derfor er fristen litt seinare enn først annonsert. Pakking og levering tek 2-3 veker.

Aksjonen er heilt GRATIS og inkluderer:

  • Antologi. Smakebetar på 16 av dei beste samtidsbøkene som har komme ut det siste året. Her er stor sjangervariasjon, tekstar med ulik vanskegrad og 25 % nynorskdel. Elevane, læraren og bibliotekaren får kvar si pocketbok til odel og eige. Eit klasseset = 30 stk antologiar. Sjå boklista her.
  • Lydbok. Huk av kor mange eksemplar du treng. Lydboka er i DAISY-format.
  • Lærarrettleiing utarbeidd av norsklærarane Astrid Kleiveland og Kirsten Kalleberg. Her blir det konkrete forslag til oppgåver og diskusjonstema til kvart tekstutdrag.
  • Forfattarbesøk. I samarbeid med Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining (NFF) kan me tilby i alt 20 gratis skulebesøk av sakprosaforfattarane som er representerte i antologien. Døme på tema: krigen i Afghanistan, bruk av niqab, å vere feit og single mann, og mykje meir. Det er med andre ord ikkje berre norskfaget som kan nyte godt av desse forfattarbesøka eller antologien. Forfattarane du kan tinge er: Marie Amelie, Anders Sømme Hammer, Hanna Helseth, Kristian Fjellanger, Aisha Shezadi og omsetjar Thomas Lundbo. Meir informasjon om korleis ein tingar forfattarbesøk står i lærarrettleiinga.
  • Dokumentarfilm (15 min). Talentfulle Benjamin Ree (21 år) har laga ein kortfilm om sjekkeskulane som har dukka opp i Noreg dei siste par åra. På berre nokre få veker lovar kurshaldarane at gutane kjem til å føle seg som rockestjerner på byen. Benjamin har infiltrert miljøet og prøver å finne ut korfor dei unge gutane har så dårleg sjølvtillit i utgangspunktet og kva triks dei lærar seg.

Antologien kjem også til å innehalde ein originaltekst på svensk og ein på dansk, og kan brukast i undervisninga i nabospråk.

Ta kontakt om de har spørsmål av noko slag. Me ber alle lærarane som melder seg på om å fylle ut eit enkelt tilbakemeldingsskjema når aksjonen er ferdig.

Kristine Isaksen
Prosjektleiar Foreininga !les
Kontortid: tysdagar og torsdagar
22 40 06 00/952 01 968
E-post: kristine@foreningenles.no