2011/12

Utdrag frå desse bøkane var med i rein tekst 2011/12:

rein-tekst-11_12Den største landsdekkjande leselystaksjonen i Noreg, rein tekst, har som mål å gi ungdom mellom 16 og 19 år gode lesaropplevingar. Difor: Set samtidslitteratur på dagsorden! Set av tid til antologilesnad, diskusjonar og kortfilm i skuletida.

Kvar lærar/bibliotekar melder på sine klasser via skjemaet på nett. Opplev de problem med skjemaet, send bestillinga til kristine@foreningenles.no i staden. Påmeldingsfrist: 11. september. Skulane får materiellet i slutten av oktober.

Sjølv om ikkje alle har tid i ein travel skulekvardag til å køyre full kampanje i klasserommet, håpar me likevel at mange lærarar tingar rein tekst-materiell. Til dømes kan elevane få kvar sitt eksemplar av antologien til heimelesnad.

Aksjonen er heilt GRATIS (inkl. porto) og omfattar:

  • ANTOLOGI. Smakebetar på 16 av dei beste samtidsbøkene som har komme ut det siste året. Her er stor sjangervariasjon, tekstar med ulik vanskegrad og 25 % nynorskdel. Elevane, læraren og bibliotekaren får kvar si pocketbok til odel og eige. Eit klasseset = 30 stk antologiar. Sjå boklista som ligg HER.
  • LYDBOK. Huk av kor mange eksemplar du treng. Lydboka er i DAISY-format. Lydboka er produsert og finansiert av NLB – biblioteket som låner ut lydbøker til alle NLB logo rd 2som slit med å lese vanlege bøker. NLB har eit stort utval lydbøker til barn, ungdom og vaksne som er gratis å låne. Les meir: nlb.no
  • LÆRARRETTLEIING utarbeidd av norsklærarane Astrid Kleiveland og Kirsten Kalleberg. Her blir det konkrete forslag til oppgåver og diskusjonstema til kvart tekstutdrag.
  • FORFATTARBESØK. I samarbeid med Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining (NFF) kan me tilby i alt 20 gratis skulebesøk av sakprosaforfattarane som er representerte i antologien. Døme på tema: krigen i Afghanistan, bruk av niqab, å vere feit og single mann, og mykje meir. Det er med andre ord ikkje berre norskfaget som kan nyte godt av desse forfattarbesøka eller antologien for den del. Forfattarane du kan tinge er: Marie Amelie, Anders Sømme Hammer, Hanna Helseth, Kristian Fjellanger, Aisha Shezadi og omsetjar Thomas Lundbo. Meir informasjon om korleis ein tingar forfattarbesøk står i lærarrettleiinga.
  • DOKUMENTARFILM (15 min). Talentfulle Benjamin Ree (22 år) har laga ein kortfilm om mannen bak sjekkeskulen Dating Adventure, Fredrik Worren. Kva triks er det han lærar bort og korleis går det når ein sjekkekonge forelskar seg? Dokumentarfilmen er laga innanfor New Journalism-retninga, og fleire spørsmål og diskusjonsoppgåver til filmen står i lærarrettleiinga.
  • ELEVKONKURRANSE. Vinn splitternytt Kindle-lesebrett!
  • NETTRESSURS. På foreningenles.no kjem antologien til å bli lagt ut som pdf. Her blir også relevante lenkjesamlingar til alle tekstutdraga lagt ut, lydspor, fullversjonen av lærarrettleiinga og bilete.

Antologien kjem også til å innehalde ein originaltekst på svensk og ein på dansk, og kan brukast i undervisninga i nabospråk.

Foreininga !les er ei ideell foreining med medlemmer frå heile bredda av Bok-Noreg: biblioteka, forleggjarane, bokhandlarane, skribentane og aktørar frå utdanning og forsking. Me ønskjer å spreie engasjement for lesing i heile befolkninga generelt og blant barn og ungdom spesielt. Me mottek driftsmidlar over statsbudsjettet og frå medlemsorganisasjonane våre. Les meir om oss og prosjekta våre på foreningenles.no

Ta kontakt med prosjektleiar Kristine Isaksen om de har spørsmål av noko slag: kristine@foreningenles.no / 952 01 968.  Me ber alle lærarane som melder seg på om å fylle ut eit enkelt tilbakemeldingsskjema når aksjonen er ferdig.