Opplegg til «Vulkan»

FØR:

Sjå nøye på framsida av boka. Legg merke til tittelen.  

Samtale i klassa:
– Korleis vil de beskrive illustrasjonen? Kva slags detaljar legg de merke til?

– Tittelen på boka er «Vulkan». Kva tenkjer de er samanhengen mellom tittelen og illustrasjonen?

– Kva assosiasjonar får de til ordet vulkan? Kva trur de ein ungdomsroman med denne tittelen kan handle om?

– På baksida av boka står det:

Vulkan er ei kjærleikshistorie. Men kjærleik mellom menneske kjem til uttrykk på mange ulike måtar. For foreldra til Anna innebar kjærleiken at Anna og mora hennar kom på krisesenter og måtte flytte til ein ny by. For Chili, venninna til Anna, er det kjærasten Oscar som betyr alt, spørsmålet er om ho betyr alt for Oscar. Og for Anna sjølv er møtet med Idris noko heilt spesielt. Men det er vanskeleg å finne sin eigen veg i kjærleiken når ein blir vikla inn i kjærleiksforhold mellom andre menneske. Anna vil gjerne starte på nytt. Men det er vanskeleg å begynne på eit nytt kapittel når det første kapittelet aldri sluttar. 

– Har denne baksideteksten noko å seie for korleis de forstår framside og tittel?

– Boka er skriven av danske Zakiya Ajmi og omsett av Runa Kvalsund. Kva veit de om andre omsette titlar frå dansk eller andre språk? (Fleire oppgåver om omsettingar i etterarbeidet).

– Kva slags forventing har de til ei bok som blir omtala som ein roman?

– Kva forventar de av utdraget? Snakk saman i grupper.

 

UNDER: 

Eleven/klassa les sjølv eller lyttar til teksten (høgtlesing av læraren, medelev eller eventuelt lydspor).

ETTER:  

Klassesamtale/gruppesamtale:
– Korleis forstår de situasjonen til Anna og mora hennar?

– Kva er PTSD?

– Kva synest de om hovudpersonen?

– Korleis kan vi forstå namnet på dei tre kapitla i utdraget på fleire måtar?

– Kva synest de om stemninga i utdraget?

– Kva er eit fatamorgana?

– Kva trur de Chilli meiner med at Idris ikkje har «forbindelse til jorda»? Er det andre setningar eller ord ein kunne brukt for å beskrive ein slik person?

– Kva synest de om slutten på utdraget?

Oppgåve i læringspar:
– Finn de setningar i utdraget som skildrar desse interessane, tema og personane: Musikk, familie, kjærleik, usikkerheit, venskap. Skriv dei ned.

Gruppeoppgåve:
– Kva slags setningar har de funne fram til? Er dei like eller ulike?

– Synest de at skildringane er gode?

– Kva er eigentleg hensikta med skildringar? Fungerer desse skildringane slik i dette utdraget?

Individuelt:
Øv deg på å skrive skildringar: finn eit bilete av eit naturlandskap eller ein storby på nett:

Tenk deg at du er inne i dette landskapet eller miljøet.

– Kva ser du?

– Kva høyrar du?

– Kva luktar du?

– Kva kjenner du fysisk på kroppen?

Skriv skildringane i ein samanhengande tekst og les den for læringspartnaren din.

Omsettingar og forfattar:
Boka er skriven av danske Zakiya Ajmi og omsett av Runa Kvalsund. 

Diskuter i plenum/mindre grupper:

– Kva veit de om andre omsette titlar frå dansk eller andre språk?

– Les de helst bøker på originalspråket eller omsett litteratur. Kvifor? Grunngje svaret ditt.

– På BookTok er det ofte tips til engelske bøker, og ikkje dei omsette, norske versjonane. Kvifor er det slik, trur du?

– Kva må ein omsettar gjere for å omsette utanlandske bøker på ein god måte? Lag ei liste på minst fem punkt.

– Finn ut meir om Runa Kvalsund og kva for bøker ho har omsett.

– Korleis blir ein omsettar? Finn ut meir om utdanning, opplæring og karrieremoglegheiter.

– Er det berre skjønnlitteratur, eller der det også andre teksttypar som ein må omsette?

– Finn gode omsette bøker de likar og lag ei boktipsliste saman. Heng lista opp i klasserommet.

Skriveoppgåver:
– Finn eit dikt, eller ein songtekst på engelsk som de likar. Omsett teksten til nynorsk.

– Skriv ein kort biografi om Zakiya Ajmi.

– Ein roman kan vere mange ting. Den kan vere kort, lang, dramatisk, humoristisk, tung eller lett. Finn ut meir om romansjangaren og skriv eit essay. Kor kjem omgrepet frå? Kven skreiv den første romanen? Kva slags fellestrekk må ein roman ha? Grei ut og forklar. Her finn du tips til korleis skrive eit godt essay. 

Blackoutdikt – gjendikting:
Læraren tek med tekstar på nynorsk, dette kan vere frå avisar, magasin, kopiar frå lærebøker eller denne antologien.

  • Elevane jobbar individuelt og får i oppgåve å stryke ut ord og setningar for å skape eit dikt.
  • Heng dei ferdigskrivne dikta opp i klasserommet.
  • Dikta kan og vere temabasert.
  • Sjå døme på blackoutdikt i tilleggsmaterialet

Samanlikninsgoppgåve:
Samanlikn Sander i «Gangster» med hovudpersonen i «Vulkan».

Begge hovudpersonene har på ulike måtar hamna litt utanfor.

– Kva betyr det å vere utanfor?
– Korleis er dei utanfor?
– Kva slags forutsetningar har dei for livane sine vidare? Kva tenkjer du er viktig for at Sander og Anna får gode liv?

Vulkan på originalspråket
Norsk og dansk har mykje til felles, men det er òg nokre forskjellar.

– Kor godt forstår du skriftleg dansk? Les tekstutdraget fra Vulkan på  originalspråket, dansk Skriv ned ord du ikkje forstår, legg merke til ord du synest er rare. Sitt så saman to og to, og samanlikn, snakk om leseopplevelsen og diskuter spørsmålet i starten av oppgåva.

– Kor godt forstår du muntleg dansk? Lytt til utdraget på dansk saman i klassa. Diskuter så: Korleis var lytteopplevelsen? Fekk de med dykk alt? Kvifor trur de det er så mykje vanskelegare for nordmenn å forstå muntleg enn skriftleg dansk?

– Held fram med klassesamtale: Kva er de største forskjellane mellom dansk og norsk?

Her kan du lese meir om dei tre skandinaviske språka.

PDF av opplegget til Vulkan

 

Kompetansemål:

Norsk:

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og reflektere over tekstenes formål, innhold, sjangertrekk og virkemidler
  • sammenligne og tolke romaner, noveller, lyrikk og andre tekster ut fra historisk kontekst og egen samtid
  • lytte til og lese tekstar på svensk og dansk og gjere rede for innhald og språklege trekk
  • utforske og reflektere over hvordan tekster framstiller unges livssituasjon
  • bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer
  • informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium
  • uttrykke seg i ulike sjangre og eksperimentere med sjangre på kreative måter

Utdanningsvalg:

  • utforske utdanningsmuligheter på varierte måter, og
    gjøre rede for ulike utdanningsveier og hvilke yrkesområder de kan føre til