Opplegg til «Splintra»

Utdraget og denne lærarrettleiinga handlar om sorg og det å miste nokon. Det kan derfor vere lurt å vurdere klassa, og i forkant hente inn informasjon om enkelte elevar si erfaring med desse tema.

FØR

La elevane sitte saman i par og snakke om tittelen, «Splintra».

– Kva tyder ordet? Tenk at de skal forklare ordet for ein som held på å lære seg norsk.

– Kva er eit synonym? Kva synonym kunne ein brukt i staden?

– Kva er eit antonym? Kva antonym har ordet?

– Kva trur de ein ungdomsroman med denne tittelen handlar om?

Spleis to og to par og gje gruppene i oppgåve å studere forsida.

– Kva ser de på forsida og korleis kan ho bidra til å gje eit inntrykk av kva og kven fortellinga handlar om?

– Kva er dei lilla strekane, kva assosiasjonar får de av dei?

– Vi kan sjå ansiktet til ein av personane, men delvis skjult. Synest de vi likevel får eit inntrykk av ansiktsuttrykket? Er de einige i kva ansiktsuttrykk ho har?

– Gjett ansiktsuttrykk: byt på å halde hendene over nase og munn, slik at berre auga synst. Dei andre på gruppa skal prøve å gjette om du smilar, har sur munn eller ingen av delane. Er det enkelt å gjette? Er det nokon det synst betre på enn andre?

– Passar tittelen med forsida? Hugs å grunngje meininga

– Likar du forsida på boka? Får ho deg til å ville lese utdraget?

– Den på gruppa med bursdag nærast 17. mai kan lese ingressen for resten av gruppa.

– Individuelt: Hilde Myklebust har skrive romanen. Hovudpersonen i boka må flytte for å gå på vidaregåande skule og ho driv med song og går på musikklinja. Finn ut meir om forfattaren og kva samanheng det er mellom ho og hovudpersonen i «Splintra». Skriv ned minst 5 faktasetningar.

 

UNDER

Les utdraget høgt i klassa. Elevane bruker aktivt blyant, og skal streke under noko dei legg merke til, likar, undrar seg over eller ikkje forstår.

 

ETTER

Sett elevane saman i grupper på tre eller fire, og la dei snakke saman om det dei har notert seg i teksten, og deretter lese teksten ein gong til. Målet med gruppesamtalen er å kome lenger inn i teksten, forstå meir eller ha fleire spørsmål.

Elevane skal kort leggje fram det dei har notert seg i plenum. Alle elevar må seie éin ting kvar om teksten. Dette kan og vere spørsmål. Snakk saman i samla klasse, men utan at læraren kjem med «fasit». Det er viktig at alle opplever tankane og innspela sine som relevante.

Vidare klasse- eller gruppesamtale:

– Kva er sorg?

– Finst det ulike typar sorg?

– Kan ein sørgje over ein person før døden inntreff?

– Finst det ulike måtar å sørgje på?

– Er det greitt å smile, le og ha det fint, sjølv om ein person ein er glad i har det vondt?

– Korleis kan du vere ein god klassekamerat om ein i klassa mistar nokon?

– Mia kjenner at det er vanskeleg å prate om døden. Er de einige? Er det uheldig? På kva måte?

– Korleis forstår de slutten på utdraget?

– Kva tenkjer de om stemninga i utdraget?

 

Kreative skriveoppgåver:
La elevane velje ei av oppgåvene under. I etterkant av skrivinga kan dei bruke kompisvurdering til å få tilbakemeldingar på førsteutkastet av teksten sin, slik at dei kan forbetre han.

– Bruk utdraget som inspirasjon til å skrive ei novelle på nynorsk med sorg som hovudtema.

– Korleis går det vidare med Mia? Skriv ein tekst på nynorsk om Mia etter festen og hendinga utanfor sjukehuset om natta.

– Korleis opplever Are å vere lenka til senga på sjukehuset? Skriv ein tekst på nynorsk sett frå Are sitt perspektiv.

– Skriv eit dikt på nynorsk med sorg som hovudtema

 

Sakleg skriveoppgåve:

– Finn informasjon i ulike kjelder og skriv ein faktatekst om kreft. Du vel sjølv kor spissa du ønskjer at teksten skal vere. Om læraren din tilet bruk av Chat GTP kan du bruke det til å lage innleiinga til teksten din. Husk at du må lese igjennom og rette feil og viss noko er uklårt.

 

Omsetting:

Til denne oppgåven treng elevane tilgang til tekstane til dei seks songane under. La elevane jobbe i par eller individuelt. Har de tid kan de òg starte med å lytte gjennom alle songane saman i klassa og snakke om inntrykk og bodskap.

– Vel ein av songane under.

Blowing in the wind (B. Dylan)

Brigde over troubled water (P. Simon)

Everybody hurts (R.E.M)

Tears in heaven (E. Clapton)

Yesterday (J. Lennon & P. MacCartney)

Wish you were here (D. Gilmoure og R. Waters)

 

– Lytt til songen samstundes som de les songteksten. Ta notatar/strek under sentrale setningar og ord.

– Korleis forstår de budskapet i songen?

– Det disse songane har til felles er at dei ofte blir spela i gravferder. Kvifor det, trur de?

– Vel eit til to vers og omsett dei til norsk. Deretter må de jobbe kreativt med å gjendikte, altså gje verset eit godt språk, med alt det inneber av rim og verkemiddel.

 

Langsvarsoppgåve om temaet kreft:

Framlegg til gjennomføring: 4 undervisningstimar. Her kan produktet til dømes vere podkast, framføring, veggavis, informasjonsfilm, artikkel.

1. time: Kva lurar elevane på når det gjeld unge og kreft? Ha ein klassesamtale eller gruppesamtale, der elevane får lufte kva dei lurar på når det gjeld kreft blant unge. Skriv alle spørsmåla ned og del lista med elevane. Ut ifrå denne lista kan elevane velje seg eit spørsmål eller undertema dei ønskjer å jobbe vidare med.

Om de har tid kan elevane jobbe med å lage ei god problemstilling:

– Ei god problemstilling er kort og blir vanlegvis formulert i ei setning og som eitt enkelt spørsmål.

– Den bør også vere avgrensa, tydeleg og mogleg å svare på.

– Bruk spørreord

2. time: Informasjonsinnhenting. Hugs å vere kjeldekritisk og vise til kjeldene dine.

Forslag til kjelder:

https://kreftforeningen.no/

https://www.helsenorge.no/sykdom/kreft/barnekreft/

https://www.kreftregisteret.no/Temasider/om-kreft/

https://ungkreft.no/kreft-i-ung-alder

 

3. time: Jobbe vidare med informasjonsinnhenting og ferdigstilling av produkt.

4. time: Ferdigstilling og eventuelt framføring/innlevering.

 

– «Splintra» var ein av fem nominerte ungdomsromanar til Uprisen – årets beste ungdomsbok 2023. Les heile boka og sjekk om du er einig eller ikkje i nomineringa.

PDF av opplegget til Splintra

Kompetansemål:

Norsk:

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og reflektere over tekstenes formål, innhold, sjangertrekk og virkemidler
  • sammenligne og tolke romaner, noveller, lyrikk og andre tekster ut fra historisk kontekst og egen samtid
  • utforske og reflektere over hvordan tekster framstiller unges livssituasjon
  • bruke kilder på en kritisk måte, markere sitater og vise til kilder på en etterrettelig måte i egne tekster
  • bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer
  • informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium
  • skrive tekster med funksjonell tekstbinding og riktig tegnsetting og mestre rettskriving og ordbøying på hovedmål og sidemål
  • uttrykke seg i ulike sjangre og eksperimentere med sjangre på kreative måter
  • bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og bearbeiding av tekster