Dikt 4

krittet aa2dikta er å sjå tinga på nytt og å finna ord for det du ser. Det er det same me gjer når me lagar gåter: Me skildrar noko på ein forunderleg måte, slik at alle må sjå seg godt om før dei oppfattar kva me tenkjer på. Denne teknikken blir mykje brukt av diktarar – for eksempel er mitt dikt om linerla eit gåtedikt (der tittelen opplyser om kva som blir skildra i teksten). Gåtespråket er eit fint verkemiddel når du skal skriva dikt – det utfordrar både den som skal skriva og den som skal lesa. Ein gong eg var på besøk i ein skuleklasse, hadde ein av elevane skrive dette gåtediktet og bad oss alle seia kva det handla om:
Det er så kvitt, så kvitt.
Det blir mindre og mindre
for kvar time.
læraren og eg var dei siste som kom på svaret: Krittet.