Dikt 2

saks det finst ikkje noko oppskrift på diktskriving. Du kan gjera det nett slik du vil. Det einaste du må passa på, er at du smakar godt på alle orda du bruker. Og du kan skriva om det du vil – det er ikkje noko emne som er for lite og kvardagsleg for eit dikt. Måten du gjer det på, er det einaste som tel. Forfattaren Ola Grøvdal har for eksempel skrive dette:
  Ei framifrå oppfinning:
du kan klippe bort
det du vil
Ocean eller du kan skriva om noko stort som mange har skrive dikt om, men på ein ny måte, slik forfattaren Arild Stubhaug har gjort det i dette vesle diktet om havet:
  Havet seier ikkje mykje
men det det seier
seier det opp att og opp att og
opp att