Dikt 3

Om du vil skriva noko om for eksempel vatn, må du fyrst bli kjent med dette elementet slik at du føler det på kroppen, slik at du får kontakt med dei orda du treng. Det kan vera bra å skriva små tekstar ut frå ulike innfall, som desse:

water 1) Vatn er blankt og stivnar ved null grader Celsius.
2) Vatn er hydrogen og oksygen i passeleg blanding.
3) Vatn er noko du treng når du er tørst.
4) Vatn er rått og godt!
5) «Vatn» er eit ord som peikar på eit stoff som er vått og blankt og flytande. Men ordet «vatn» er verken vått eller blankt eller flytande.

Held ein på slik ei stund, kan det til slutt komma ein tekst som viser seg å vera eit dikt. For meg skjedde det, og det blei fyrst til den vesle regla «Eg dusjar». Seinare kom det eit dikt som liknar på ein liten tale:

Vatnet kan dropla
ned ifrå takrenna,
risla frå himmelen
som hårfint regn
eller slå i marka
som hardt regn.
Det kan hanga
nedetter fjellsida
som eit kvitt band,
det kan smyga
gjennom heile det harde
fjellet i ørsmå gangar.
Vatnet er så mjukt, så
vennleg mot handa, og
det kan bryta
ned eit fjell.