Leseagent hos Syril IL

Leseagent Gunn Angelskår ved Leikanger Folkebibliotek har vært på besøk hos et jentelag i fotball hos Syril IL. Her er ho si opplevelse.

Bokbag: Leseagent Gunn Angelskår ved Leikanger Folkebibliotek gjer seg klar til å besøkje fotballaget Syril.

Eg var på trening hos eit lag med 20 jenter. 17 av 20 spelarar var til stades, pluss tre vaksne. Etter at trenaren hadde stilt dei spørsmål, starta fleire med at bøker er noko dei les fordi dei må. Men eg kjenner desse spelarane frå skulebiblioteka, så eg var ikkje forundra då dei avslutta med å krangle (vennskapeleg) om kven som skulle ha boka om Messi fyrst.
Trenaren på si side, sikra seg Løsrivelse av Stig Inge Bjørnebye.

Spelarane trener nett no handball, men det var tydeleg at dei ser seg sjølv like mykje som fotballspelarar. Vi tipsa lokalpressa på førehand, men dessverre kom dei ikkje denne gangen.

Eg gjennomførte presentasjon av prosjektet, bokbag og bøker i hallen like før trening. Jentene sat på benker ved sidelinja, noko som gjorde at det ikke blei så høgtideleg. Eg fikk frista dei med smakebitar frå Landet under isen av Lars Mæhle, ga nokre saksopplysingar om Messi, og  glimt frå kontrastane som Stig Inge Bjørnebye skildrar i boka si, og eg viste fram bilde frå eit par av bøkene.

Dessutan brukte eg sitat frå fotballspelarar og trenarar om kvifor gode fotballspelarar bør lese bøker. Det såg absolutt ut til å engasjera spelarar og medspelarar.

I neste omgang skal eg avtale tid med gutelaget.

Gunn Angelskår, Leikanger Folkebibliotek

Les meir om Leikanger Folkebibliotek her og Syril Fotball her.

Se film om Hat trick.