Å stryka med rynka augnebryn
Å laga ein song er jobbing. Du kan sjølvsagt slumpa til å drøyma ein ferdig låt, slik Paul McCartney påstår han gjorde med Yesterday, men om ein skal sitja og venta på slikt kan ein lett bli grå i håret og skjør i lårhalsen før ein får gjort noko med det.
av Roald Kaldestad
Her er litt om korleis ein av mine songar blei til. (Du må gjerne høyra den også. Den finns på plata Nordstoga som kom ut i fjor haust.)
Det er tid
Dagen er her då eg skal dra
Hesten er skodd og veret bra
Fuglane syng i kor
utan ord
Ingen som ventar lenger no
Ikkje ein han – ikkje ei ho
Ikkje ei veke – ikkje to
Eg reiser no
Det er tid – for å sala opp og ri av stad
Det er tid – til å brenna
Det er tid – for å setja sine eigne spor
Eg er fri
Regnet i håret – blikket fritt
Alt dette her er berre mitt
Prærien ligg der
Vinden ber mine steg
Herifrå må vel alt bli godt
Herfrå skal livet levast rått
Utifrå svart og inn i blått
gjennom grått
Det er tid…
Ofte så ser eg meg sjølv
Ein liten gut på ei strand som ser imot byen
Ljos som funklar der inne
Regn over brustein og tog som skal gå
Det er tid…
Når eg skriv ein songtekst går eg ut frå ein konkret idé. Og ein idé kan vera så mangt. Det kan vera ei historie som murrar i bakhovudet, det kan vera ei stemning som eg vil prøva å fanga, det kan vera ei god formulering eller eit ordspel. Teksten over starta som eit ordspel. Eg pønska litt på dobbeltydinga i uttrykket: Det er tid.
Det kan tyda: at noko er på tide, eller at det enno finns tid, at det ikkje er for seint. Slik var altså utgangspunktet. Eg sette meg ned på ein kafé med blanke ark og god kaffi og assosierte ut frå denne ideen. Etter alt for mange koppar sat eg med fem A4-sider stappfulle av skribleri. Samstundes hadde det byrja å veksa fram ein slags rytme i rotet og ein liten melodi kom snikande. Det vart tydeleg at linja Det er tid, måtte bli eit slags refreng. Då eg kom heim sette eg meg med gitaren og improviserte rundt refrengideen.
Etter ei tid, eit par dagar, tok eg fram dei mange sidene eg hadde med tekstskisser. Sidan eg no hadde rytmen og melodien nokolunde klar, så var det i grunn berre å setja i gang med skrivinga. For meg minnar dette arbeidet litt om eit puslespel. Eg har eit sjølvbestemt mønster som eg skal fylla ut. Så og så mange linjer, eit fast rim og rytmemønster og ei oppbygning som sømer seg ein popsong: Vers – refreng – vers – refreng – bru/bridge – refreng. All pop/rockmusikk du høyrer har ei velkjent formelbunden oppbygning, så ikkje ver redd for det. Det er som oftast språket eller innhaldet som gjer at ein tekst skil seg ut.
Eg sat altså der med skisseblokka, og så byrja eg å stryka. Eg strauk alt det eg umiddelbart reagerte negativt på. På denne måten sat eg til slutt igjen med nokre få linjer som eg var nøgd med, og det var tydeleg at det låg ein liten historie der blant fragmenta. Det meste handla om å reisa, eller å bryta opp frå ein tilstand. Ei av linjene eg var nøgd med var Utifrå svart og inn i blått – gjennom grått. Setninga er inspirert av ei linje frå Neil Young sin song Hey Hey, My My. Out of the blue, and into the black, syng han. Hos meg vart det omvendt, og meininga er truleg at hovudpersonen i songen er på veg frå ei svart til ei blå sinnsstemning. Melankolske saker gitt! Eg har stor sans for tekstar som siterar andre tekstar, det er som ein blunkar til lyttaren og seier: me to veit i alle fall kor dette er henta frå! Slik er det også med linja: ikkje ei veke – ikkje to. Denne er inspirert av Odd Nordstoga sin tekst Om ei veke hell to frå plata Solreven med bandet Something Odd.
Bridgedelen, eller brua, er den delen av songen som melodisk skil seg frå vers og refreng. I min tekst skil den seg også ved at den ikkje har så klar rytme og at den er fri for rim.
Ofte ser eg meg sjølv
Ein liten gut på ei strand
Som ser imot byen
Ljos som funklar der inne
Regn over brustein og tog som skal gå
Dette var eigentleg ein del av eit dikt eg hadde skrive tidlegare, men eg såg at det hadde felles tema med songteksten. Det opna berre perspektivet enno meir mot verda der ute, og sa litt om korleis det er å lengta. Å føla at det viktige alltid skjer ein annan plass enn der ein sjølv er.
Slik fortsette eg med stryking og tilføring, leiting etter rett rim og pusling og mekking heilt til teksten var kort nok, og lang nok, og eg var ferdig. Og kva tid er teksten ferdig? Når du nikkande les gjennom teksten og ikkje får lyst til å tilføra eller stryka meir.
Det eg har skrive til no kan tolkast som om ein skal sitja og venta på inspirasjonen eller på dei gode ideane. Det meinar eg ikkje. Eg er heilt på bølgelengde med Nick Cave som nyleg sa til pressa:
Jeg ser på låtskrivingen som et arbeid. Jeg venter ikke på den store inspirasjonen, den er altfor upålitelig.
For dei aller fleste trur eg det er viktig å berre skriva så ofte ein kan. Få ned tankar og opplevingar, draumar og kjensler på papiret og (nb! Obs!) drit i om ikkje alt du skriv er like genialt. Kanskje brukar du ein heil dag på å skriva berre tull, men sannsynlegvis er det ein god idé der ein stad om du berre let det ligga og så ser på det med rynka augnebryn. Mitt motto er: Hjernen hugsar det den meinar er verdt å hugsa! Om ein ikkje stolar på sin eigen hjerne, kva kan ein då stola på?
Kven er Roald Kaldestad?
Gitarist, forfattar, hovudfagsstudent og låtskrivar.
Har blant anna bidrege med tekst og musikk på platene Solreven (BMG/RCA,1998,)
med bandet Something Odd, og Nordstoga (Grappa, 2000).
Debuterte som forfattar i 2000 med barneboka Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillp (Cappelen). Held nett no på med musikk til dramatisering av boka for Barnetimen på NRK.