Send søknad for klassen din!

Juryen til 2014/15-kåringen er nå klar. Ny søknadsfrist i mai 2015.

Ungdommens kritikarpris søkjer sju klassar i vidaregåande skole til å velje ut den beste boka frå inneverande år. Nå kan din klasse bli ein av dei utvalte.

Kva er Ungdommens kritikarpris: Sju klassar skal lese dei åtte beste bøkene frå 2015. Klassane skal kåre den beste boka, og dele ut prisen til vinnaren på Litteraturhuset i mars 2016.

Juryklasse fra Meløy vgs med vinner Agnes Ravatn. Foto Kjersti Svendsen/Meløy vgs

Juryklasse fra Meløy vgs med vinner Agnes Ravatn. Foto Kjersti Svendsen/Meløy vgs

I 2014 mottok Agnes Ravatn prisen for «Fugletribunalet». Les juryens begrunnelse her.

Ungdommens kritikarpris er Noregs einaste pris for norsk voksen skjønnlitteratur delt ut av ungdom. Vi vil ha ein jury som representerar breidda i den norske skolen, og ønskjer oss derfor søknadar frå både allmenn- og yrkesfaglege studieretningar. Vi oppmodar yrkesfaglege linjer til å søkje. Geografisk spreiing er eit mål for oss.

Gjennom Ungdommens kritikerpris når klassene mange av kompetansemålene i norsk. Mer om det her.

Dei åtte bøkane nomineres av ein jury frå Norsk Kritikarlag.

Vi tilbyr
– Eit eineståande og intensivt møte med norsk samtidslitteratur
– Eit opplegg som gir mykje merksemd rundt skolen og deltakarklassen
– Skoleringsseminar for lærarane
– Leseeksemplar av alle dei nominerte bøkene
– Ein litteraturkritikar som fungerer som fadder for klassen
– En høgtideleg prisutdeling i Oslo med forfattarmøte der elevane får møte dei nominerte forfattarane

Vi er ute etter

– Motiverte lærarar og klasser
– Skoler som er villige til å sette av lærarressursar

Les meir på vår lærarsider.

Ønskjer din klasse å vere juryklasse for Ungdommens kritikarpris? Send ein søknad der du grunngir kvifor din klasse bør sitte i juryen. Søknadsfrist 30. mai 2015.

Når du skriv søknaden:

– Skriv om kvifor din klassen skal få vere med
– Legg gjerne ved ei side der elevane sjølv skriv at dei vil vere med på prosjektet
– Skriv gjerne om korleis du har tenkt å gi elevane tid til å lese dei nominerte bøkene
– Viss mulig, kan det vere smart å skrive korleis du vil legge opp undervisninga i samband med prosjektet.

Send søknaden til:
e-post: bjarte@foreningenles.no

Post:
Foreininga !les
Øvre Vollgate 15
0158 Oslo

Har du spørsmål om det å søkje om å vere med som juryklasse til Ungdommens kritikarpris, kontakt Foreininga !les ved Bjarte Bakken: bjarte@foreningenles.no | 94109026

Ungdommens kritikarpris er eit samarbeid mellom Foreininga !les, Norsk kritikarlag, Utdanningsforbundet og Den norske Forleggerforening.