Opplegg til «Nidhoggr»

FØR

  • Kva er det fyrste du legg merke til når du ser denne bokframsida? 
  • På kva slags vis skil denne bokframsida seg frå andre bokframsider? Hugs å grunngje svaret ditt. 
  • På framsida av boka ser vi teikninga av to menneske. Studer korleis dei står i forhold til kvarandre, og korleis dei ser ut. Kva slags situasjon viser teikninga?  
  • Kva seier teikninga om relasjonen mellom dei to personane du ser? 
  • Gjett kva denne boka handlar om, berre ved å studere bokomslaget. 
  • Beskriv skrifttypen og fargen på boktittelen. Kvifor har dei ikkje valt ein meir lesevennleg og tydeleg skriftfont, trur du? 
  • Sjangeren til denne boka er thriller. Føler du at bokframsida speglar att sjangeren? Korleis då?  
  • Kva forventningar har du til thriller-sjangeren? 
  • På bokomslaget ser vi eit fyrtårn, som ofte fungerer som eit symbol i språket og i litteraturen. Veit du noko om kva dette symbolet kan stå for? Kan eit fyr også fortelje noko om kvar ein er? 
  • Thrilleren heiter Nidhoggr. Slå opp ordet og finn ut kva namnet viser til. 

UNDER

Ver ein aktiv lyttar under lesinga. Prøv å få med deg så mange detaljar som mogleg.  

ETTER

Sit saman to og to og skriv stikkord som svar på oppgåvene. Felles klasseromssamtale mot slutten av timen. 

  • Snakk saman om korleis dokker opplevde å lese romanutdraget.  
  • Kva adjektiv føler dokker passar best til romanutdraget? Kanskje kan nokre av orda i adjektivbanken inspirere dokker? Hugs å grunngje svara.  

Adjektivbank: spennande, kjedeleg, overraskande, forutsigbart, morosamt, tankevekkjande, dystert, inspirerande, forvirrande, mystisk, intenst, gripande, spennande, vittig, uhyggeleg, artig, nervøst, rørande, mørkt, stemningsfullt, hjartebankande. 

  • Kva spørsmål sit dokker att med etter å ha lese thrillerutdraget?  
  • Dokker har no lese ti sider av ei heil bok. Har dokker likevel ei forståing for kva plottet i denne thrilleren er?  
  • Kva slags type får dokker inntrykk av at Finn Baal er?  
  • Monika får ei melding frå bestefar sin som er urovekkjande. Snakk saman om korleis meldinga speler inn på spenningsutviklinga i romanutdraget. 
  • Kva håpar dokker skjer vidare i thrilleren? 
  • «Eg trur på treet og slangen. Treet og slangen. Ikkje Herren. Vi må sjølv ta hemnen på alvor. Blodhemn er ei fordømt plikt. Einig?» seier Finn Baal på side 128. Kva trur dokker han meiner med denne replikken? 
  • Fekk dokker lyst til å lese vidare på thrilleren? Kvifor, kvifor ikkje? 
  • Kva har biletet som dokker ser på side 122, med romanutdraget å gjere? Bruk Internett og finn informasjon om Yggdrasil og Nidhoggr for å kunne svare på spørsmålet.

Felles i klassa 

  • I thrillerutdraget snakkar Finn Baal om både Gud, Johannes openberring og treet og slangen. Det å vise til andre kjende tekstar eller filmar er vanlege verkemiddel i skjønnlitteratur. Sjå filmen Kva er intertekstualitet henta frå NDLA.no, og snakk saman om korleis den bibelske forteljinga og den norrøne mytologien påverkar forståinga av det som skjer i romanen.  
  • Sjå filmane under og snakk saman om kva tittelen Nidhoggr kan symbolisere Yggdrasil – en vegganimasjon 
    Nidhoggr: The Evil Dragon of Norse Mythology (Gå inn på innstillingar og trykk på norsk omsetjing av filmen) 

Kreative oppgåver
Romanutdraget sluttar slik på side 133:

«Eg ser opp i lufta, der ei lita sky driv raskt vekk i panikk.
Kom deg vekk! seier skya. Vekk, vekk, vekk!» 

Samskrivingsoppgåve:

  • Dokker skal no skrive vidare på thrilleren. Skriveoppdraget handlar om å gjere forteljinga så spennande som mogleg. Prøv å skrive i same stil som forfattaren har gjort. Nærles difor teksten ein gong til, og finn ut korleis han vekslar mellom replikkar, skildringar og tankereferat.  

Deling av tekst 
Dokker avgjer sjølv korleis dokker vil presentere teksten dokkar for resten av klassa, men målet er å formidle han på ein engasjerande måte. Alle tekstpresentasjonane må inkludere ei eller anna form for bilete og/eller film og lyd.  

Her kjem nokre tips som kan hjelpe dokker til å førebu tekstpresentasjonen: 

Vel ut fleire stemningsfulle bilete som kan illustrere teksten dokker nettopp har skrive. Vis bileta på skjermen medan teksten vert opplesen. Hugs at dokker kan datagenerere eigne illustrasjonsbilete eller filmsnuttar med KI, om dokker ønskjer det. 

Vel ut ein instrumental melodi på Spotify som dokker føler passar til teksten, og spel han av under opplesinga. Det går også an å lage eigne lydkulissar til teksten dokker har skrive. Dei finn dokker her 

Bestem om dokker vil lese teksten høgt i klassa eller om dokker vil spele inn filmen som ei lydfil. Det finst mange appar der dokker kan ta opp eller redigere lyd. Her er tre av dei: 
Creaza Audio Editor
Anchor
Audacity 

  • I romanutdraget snakkar kameraet og skyene til hovudpersonen Maria. Tenk deg at tinga rundt deg kan kommunisere med deg og gje deg viktige beskjedar. Kva vil tavla, pulten eller korktavla i klasserommet seie til deg? Skriv ein kort tekst der du opplever at gjenstandane rundt deg snakkar til deg. Flett inn tankereferat og skildringar. Les tekstane opp for kvarandre i klassa. 
  • To og to saman: Lag ein teikneserie basert på den norrøne mytologihistoria om Nidhoggr. Dokker kan velje om dokker vil lage teikneserien på papir eller digitalt. På TonyTool kan du til dømes lage gratis teikneseriar, og på canva.com finn du gratis teikneseriemalar. Presenter teikneseriane for kvarandre i klassa.

 

Kompetansemål

Norsk

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane 
  • samanlikne og tolke romanar, noveller, lyrikk og andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtid 
  • kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer 
  • bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema 
  • informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium 
  • skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål 
  • bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar 
  • uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar 
  • lage samansette tekstar og grunngi val av uttrykksformer 

PDF av opplegg til Niddhogr