Opplegg til «Kvil i fred»

FØR

Per og Oskar er kameratar og har nokre veker igjen av 10. klasse. Kompisen Oskar er vel ikkje mors beste barn, men han er den einaste venen Per har. Kapittelet «Mørkekøyring» er plassert om lag midt i romanen, derfor kan det vere greitt med eit lite innblikk i heile forteljinga.

  • Les omtalen av Kvil i fred på sidene til Nynorskbok. Sjå også på bildet på framsida av romanen, og snakk saman om korleis dokker trur Per har det.
  • Les romanutdraget høgt i klassen eller lytt til lydfila på denboka.no. 

 

UNDER

Elevane markerer noko dei reagerer på i teksten, medan dokker les.

 

ETTER

Elevane utvekslar synspunkt på tekstutdraget i par. Kva reaksjonar har dei på det dokker har lese? Blir dei oppgitte, nysgjerrige, interesserte m.m.? 

Samtalespørsmål: 

  • Finn ein definisjon på kva kriminalitet er. Kor mykje av det som går føre seg i «Mørkekøyring», vil dokker definere som kriminelt?  
  • Kvifor gjer Per og Oskar det dei gjer? Eg-personen Per har det vanskeleg heime og på skolen. Kan det unnskylde dette han er med på? 
  • I Noreg er den strafferettslege lågalderen 15 år, og du kan få straff om du gjer noko ulovleg. Les meir om ungdomsstraff. Diskuter kva straff Per og Oskar kan få for dei lovbrota dei gjer her.  
  • Kvifor høyrer dei ikkje på Freddy som seier: «No er det nok! De er femten år og rusa, de kan ikkje køyra bil. Kom dykk ut av bilen og gå heim med ein gong!»? Diskuter om reaksjonen til Freddy er den som fungerer best i ein situasjon som denne. 
  • I kor stor grad trur du Per vel fritt kva han vil vere med på, eller i kva grad han er påverka av Oskar eller andre? Det kan verke som om Per er utan motførestillingar eller tanke på kva konsekvensar lovbrota kan ha. Men kor lett er det å seie nei og velje annleis? 
  • Kva ville du gjere om du visste at ein ven/veninne på 16 år tjuvlånte bilen til mora si? Grunngi svaret ditt.  
  • I 2023 vart det registrert 28 prosent fleire saker med gjerningsperson under 18 år, samanlikna med året før. Les meir om ungdomskriminalitet. Kva kan grunnane vere til at det blir fleire unge kriminelle? 

Rollespel

Paneldiskusjon om ungdomskriminalitet.  

Desse er med:  

  • Debattleiar som innleier om saka som skal diskuterast, og introduserer debattdeltakarane etter kvart. Kven skal få ordet først? Debattleiaren må også førebu seg på å ta inn spørsmål frå salen.  

Debattleiaren summerer opp diskusjonen i etterkant.  

  • Politikar som meiner at det må vere strengare straffer for ungdommar som gjer lovbrot, og at det må byggast ut fleire ungdomsfengselsplassar. 
  • Politikar som meiner ungdomsfengsel ikkje hjelper. Ein må satse på førebyggande tiltak.  
  • Lærar som er bekymra for ein gjeng i klassen som hen veit driv med steling og hasjrøyking, og det går ut over skolemotivasjonen deira. Dei er på grensa til å ha for høgt fråvær.  
  • Ungdomspolitikar som peiker på at det finst svært få tilbod til ungdommar i bygda, og at det kan vere ein medverkande årsak til problema. 
  • Ung gut som har vore ein del av ein slik gjeng, men som har kome seg ut av miljøet. 
  • Ein forelder som ikkje veit si arme råd for sonen sin og andre ungdommar, og som ikkje synest han/ho får noko hjelp. 
  • Andre aktuelle deltakarar? 

Del klassen i grupper som får i oppdrag å førebu seg på kvar sine roller. Kva argument har ein å kome med? Lag ei liste med argument som passar til oppdraget dokkar, og prøv argumenta på kvarandre. Tenk på om dei argumenta dokker har, er relevante og haldbare. Skal dokker spele på etos, patos og/eller logos?  

Etterpå deltar nokre elevar i sjølve debatten medan dei andre sit i salen og kan kome med spørsmål og innlegg der ifrå.  

Skriveoppgåver:  

  • Skriv eit kort debattinnlegg til lokalavisa der du tar opp noko du som ungdom er opptatt av i lokalmiljøet ditt.  
  • Du sit og ser ut av vindauget ditt, og du blir vitne til at nokon bryt seg inn i ein bil og køyrer av garde. Skriv ein tekst om kva du tenker og kva du gjer.  
  • «Kunne me ha krasja? Det tenkjer eg aldri på». Skriv ein tekst som startar med dette sitatet. 

 

Kompetansemål

Norsk  

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane 
  • samanlikne og tolke romanar, noveller, lyrikk og andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtid 
  • kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer 
  • bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema 
  • informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium 
  • skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål 
  • bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar 
  • uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar 
  • lage samansette tekstar og grunngi val av uttrykksformer 

 

Samfunnsfag: 

  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald 
  • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar 
  • beskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt 

PDF av opplegg til Kvil i fred