Informasjon til lærere 2024/25

I menyen til venstre finn du undervisningsopplegg til dei ti tekstane i tXt "Slagside" 2024/25.

Målet med tXt-aksjonen er at elevane skal bli inspirert til å lese meir. Vi håper tekstane i antologien bidreg til dette, og at du finn forslaga til undervisningsopplegg i lærarrettleiinga nyttige. Disse finn du i menyen på venstre side. Rettleiinga inneheld tips og idear som kan virke inspirerande i arbeidet med å leggje til rette for at elevane oppnår leselyst og utviklar engasjement for lesing.

Her kan du laste ned plakat for tXt – aksjonen 2024/2025

I læreplanen i norsk (LK20) står det blant anna at «[e]levene skal lese tekster for å oppleve, bli engasjert, undre seg, lære og få innsikt i andre menneskers tanker og livsbetingelser.» Litteraturen speler her ein nøkkelrolle. Den gode leseopplevelsen er sentral for å skape engasjement for lesing blant unge.

Oppgåvene i denne lærarrettleiinga legg vekt på å la elevane sine opplevingar kome til orde, og å få fram moglegheitene som litteraturen kan gi. Utdraga og oppgåvene skal stimulere til leselyst, gi rom for utveksling av tankar, synspunktar og meininger, og bidra til refleksjon over den litterære erfaringa.

Oppgåvene er forankra i læreplanen LK20. I tillegg til norskfaget finn du fleire oppgåver som du kan legge tett opp til arbeidet med kompetansemål i blant anna samfunnsfag og kunst og handverk. Likeså kan fleire av oppgåvene passe godt til å inngå i lengre eller kortare prosjekt innunder dei tverrfaglege temaene helse og livsmestring, og demokrati og medborgerskap.

Den didaktiske ramma til opplegga er prosessorientert lesing, ein god og fleksibel metode for å vekkje lyst og engasjement for litteratur. Vi har delt opp alle oppgåvene i fasane før-, under- og etter-lesing. Målet er at tekstane blir opna for elevane, og at dei får bidra aktivt med utgangspunkt i eigne opplevingar og erfaringar. Fordi vi ønskjer at leseopplevinga skal vere det sentrale, er undervegoppgåvene ofte få og konkrete. Dei er meint som ei støtte til sjølve lesinga.

I tillegg til å lese individuelt, kan lesinga også skje gjennom høgtlesing, både ved at elevane les for kvarandre, eller at læraren les for heile klassen. Forskarar ved Lesesenteret i Stavanger anbefaler å bruke tid på å lese høgt på ungdomstrinnet. Ei felles leseoppleving ved høgtlesing kan engasjere og gi grobotn for refleksjon og diskusjon, og dermed bidra til at elevane finn lyst og motivasjon til å lese sjølv.

I nokre av oppgåvene har vi valgt å foreslå organisering av arbeidet, mens vi i andre tilfelle har latt det stå meir åpent.

Vi er alltid på utkikk etter tekstar, bilete og videosnuttar laga av ungdom som vi kan publisere på denboka.no. Dersom dine elevar lagar interessante og spennande prosjekt på bakgrunn av tekstane i tXt Slagside, vil vi gjerne høyre frå deg. Send til oss på eira@foreningenles.no, så kan vi vise fram elevane sitt arbeid.

Har du elevar som slit med å lese mykje tekst? I menyen på venstre side finner du lydfilen til kvart utdrag. På denboka.no, den nye nettsida vår for ungdom, kan elevane finne lydfiler, utdraga digitalt og mykje meir.

Lukke til og ikkje nøl med å ta kontakt med oss viss de lurar på noko!

Vennleg hilsen Eira Kluge
eira@foreningenles.no