!les20: Eit bilete av Terje

Forfattar Terje Torkildsen tenkjer tilbake på då han vann Uprisen for andre gong og ein fotograf frå Dagbladet tok eit bilete han skjems av. Heldigvis hadde han ein av dei kulaste skjortene sine på seg.

Skrevet juli 3, 2017 i Bibliotek/lærer, Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Lærer ungdomsskolen, Lærer videregående, Nyheter Legg inn kommentar

Foreningen !les er 20 år i år. Kvar veke vil vi publisere ein tekst frå personar som har bidrege i foreiningas arbeid med å skape leselyst blant barn, ungdom og vaksne.

Neste bidragsytar er Terje Torkildsen. Terje er forfattar og vann Uprisen i 2009 for boka Marki Marco og i 2012 for Dystopia III. Han også har vore konferansier for utdelinga av Uprisen.

«Det finst eit bilete av meg på internett, som eg skjemst av. Dette sikkert noko eg har til felles med mange unge menneske i dag, men eg er ikkje eit ungt menneske. Eg er ein vaksen mann. Dersom det hadde funnest mobiltelefonar med kamera då eg var tenåring, ville internettet fløymt over av bilete som eg kunne skjemst av. Men heldigvis fanst det ikkje digitale kamera og sosiale medium på åttitalet og mine pinlegaste handlingar finst heldigvis berre som vage minne hos meg sjølv. Men det finst altså likevel eit bilete av meg på internett, som eg skjemst av.

Biletet eg snakkar om blei teke på Lillehammer den 31. mai 2012 i totida, viss eg ikkje hugsar heilt feil. Det blei knipsa av ein fotograf frå Dagbladet berre nokre sekund etter at eg hadde vunne Uprisen for andre gong. Eg er vanlegvis ein ganske avslappa og normalt utsjåande fyr, men på dette biletet ser eg gal ut. På dette biletet kan eg sjå sider av meg sjølv, som eg vanlegvis ikkje viser fram. Eg ser at eg er egoistisk, stolt, revansjesugen og grådig.

Den første gongen eg vann Uprisen, i 2009, så visste eg ikkje kva prisen betydde. Eg hadde aldri høyrt om Uprisen før eg sjølv blei nominert. Då eg vann for andre gong, i 2012, visste eg alt om Uprisen. Og eg visste kor utruleg viktig han er, både for meg sjølv, for lesinga og for lesarane. Difor mista eg kontrollen nokre sekund, og då var det sjølvsagt ein fotograf der med kamera og blits. Og difor finst det altså eit bilete av meg på internett som eg skjemst av. Og dette biletet har ein lei tendens til å dukka opp når nokon treng eit festleg illustrasjonsfoto til ein omtale av Terje Torkildsen.

Men det er eigentleg heilt greitt. Mange har sikkert langt verre bilete der ute. Sjølv om eg ser galen ut, så er eg i det minste påkledd. Har til og med ein av dei kulaste skjortene mine på meg. Og eg er veldig stolt over å ha vunne Uprisen to gonger. Eg er også veldig takksam for at Foreningen !!es finst.

Gratulerer med jubileet. Eg kjenner ingen andre tjueåringar som har gjort så mykje bra for lesinga i landet vårt.»

Vinnar: Terje Torkildsen får Uprisen for boka «Dystopia III». Dette er ikkje biletet han skjemst av, trur vi. (Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les)