Tid for ti

Tid for ti er ein leseaksjon for 7. trinn i samarbeid med Nynorsksenteret. Aksjonen går frå januar til juni kvart skuleår, og inneheld ein antologi med utdrag frå ti nynorske titlar skrivne for målgruppa.

Ei eiga nettside www.tidforti.no er knytt til aksjonen. Her er tekstane, bonusspor og lydfiler tilgjengeleg. Det er aktivitetar og konkurransar i aksjonsperioden, og ei eiga side for klassane. Her kan elevar gje tilbakemeldingar på tekstane i antologien. Til Tid for ti følgjer og ei lærarrettleiing.