Opplegg til Min kulturaugneblink

Opplegget er laga av Nynorsksenteret.

Last ned PDF. Last ned PPT.

Førlesingsaktivitet med gruppediskusjon  

  1. Har du ein aktivitet eller noko som gjev deg glede, fellesskap eller meistring? Kva er det, og kvifor betyr det så mykje for deg?  
  2. Har du nokon gong opplevd ein augneblink der du følte deg ekstra stolt eller motivert? Kva skjedde? 
  3. Læraren viser eit bilete eller ein video av ein idrettssituasjon, konsert eller ein annan aktivitet der lagarbeid eller fellesskap er i fokus. Be elevane om å reflektere over kva kjensler dei assosierer med det dei ser. Kor viktig er det å vere ein del av eit fellesskap? Kvifor?  

Utforsking av teksten 

Høgtlesing og førsteinntrykk 

Læraren les teksten høgt, eller elevane les han i par. Diskuter:   

  1. Kva er førsteinntrykket ditt av teksten?  
  2. Kva handlar han om?  
  3. Kva er bodskapen?  
  4. Selma skriv om korleis handball er hennar «fristad». Kva legg ho i det?  
  5. Korleis skildrar Selma samhaldet på laget?  
  6. Kva teksttype/sjanger er dette? Grunngje svaret ditt.  

Litterære verkemiddel  

Læraren forklarar sentrale litterære verkemiddel (ordval, kontrastar, metaforar). Elevane skal deretter finne døme på:  

  1. Skildringar: Kva for bilete blir skapte gjennom ordval?  
  2. Kontrastar: Korleis blir spenning bygd opp gjennom motsetningar? 
  3. Metaforar: Kva for metaforar finn du, og kva uttrykkjer dei?

Elevane sine eigne kulturaugneblinkar  

Skriveoppgåve: Skriv ein personleg tekst med utgangspunkt i eigne erfaringar. 

Vel ein augneblink som har hatt mykje å seie for deg i ein aktivitet eller ein situasjon. Det kan vere idrett, musikk, gaming, naturopplevingar eller noko anna. Beskriv kva som skjedde, korleis du opplevde det, og kva du har lært.  

Krav til innhald 

  • Bruk skildringar og litterære verkemiddel for å gjere teksten meir levande.  
  • Reflekter over kva augneblinken har betydd for deg. 

Framgangsmåte 

  • Lag eit tankekart. Kva skjedde? Kven var der? Korleis opplevde du det?  
  • Del tankekartet ditt med ein medelev for innspel.  
  • Skriv eit førsteutkast.  

Tekstutvikling og medelevrespons  

Elevane skal dele teksten sin med ein medelev. Gje tilbakemelding med utgangspunkt i desse spørsmåla:  

  • Kva fungerer bra i teksten?  
  • Kva kan bli betre eller utviklast vidare?  

Elevane redigerer tekstane sine med utgangspunkt i responsen dei har fått.  

Tekstdeling og refleksjon 

Deling i grupper 

Elevane les teksten sin høgt i grupper. Etter delinga reflekterer gruppa saman: 

  • Korleis liknar eller skil desse opplevingane seg frå kvarandre? 
  • Korleis kan me lære av kvarandre sine erfaringar?  

Felles refleksjon 

Korleis kan slike opplevingar bidra til å forme identitet og byggje sjølvtillit?  

Ekstra aktivitet 

Kreativiteten lenge leve 

Be elevane om å lage eit bilete eller ein illustrasjon som symboliserer augneblinken dei har skrive om. Heng resultata opp i klasserommet.