Opplegg til Bygdedyret og psykisk helse
Opplegget er laga av Nynorsksenteret.
Til læraren
Å arbeide med informasjonstette tekstar som forklarar og utforskar ulike emne er viktig for å utvikle leseforståinga til elevane. I dette undervisingsopplegget skal elevane arbeide med problemstillingar knytte til bygdeliv, utanforskap og psykisk helse. Gjennom førebudde samtalar og kreative skriveoppgåver vert elevane oppmoda til å reflektere over korleis mobbing og utestenging kan påverke den psykiske helsa vår. På denne måten får dei også tenkt over korleis dei sjølve kan bidra til å skape eit meir inkluderande ungdomsmiljø.
Tips: Ved å lese novella Liket av Tor Jonsson, anten før eller etter dette arbeidet, kan elevane få tilgang til ein verdifull referanse og historie.
Før lesing
To og to saman
Før vi les teksten, skal vi stoppe litt opp ved overskrifta.
- Overskrifta til teksten består av ein metafor. Kva trur du metaforen bygdedyret kan vise til?
- Kva kan bygdedyret ha med den psykiske helsa vår å gjere, trur du?
- Kva er det som kan påverke den psykiske helsa vår?
- Kva trur du denne teksten handlar om?
- Ingress: Det å vekse opp på bygda kan vera både godt og vondt for den mentale helsa. Korleis skal ein manøvrere gjennom dette som ungdom? Finn ut kva verbet manøvrere betyr.
- Korleis trur du Peter F. Strassegger, som både er forfattar og psykolog, bruker fagkompetansen sin i denne teksten?
- Må ein vere ekspert for å kunne skrive saktekstar, eller kan kven som helst skrive dei?
- Kva slags lesestrategiar passar å bruke når ein skal lese informasjonstette tekstar, som denne sakteksten?
- Skriv ned overskrifta og alle underoverskriftene i teksten. Kva fortel underoverskriftene deg om strukturen og oppbygginga av teksten?
- Kvifor kan det vere lurt å skrive ned alle underoverskriftene når du skal planlegge å skrive ein saktekst?
Medan me les
Utstyr deg med ein blyant. Strek under ord eller setningar som du ikkje skjøner.
- Les teksten høgt i klassen.
- Etter vi har lese teksten høgt, finn vi ut kva orda eller setningane vi har streka under, betyr.
- Du skal no lese teksten ein gong til, stille for deg sjølv. Medan du les, skal du lage eit samandrag på ei–to setningar for kvart avsnitt. Læraren din viser med eksempel frå det fyrste avsnittet korleis du kan gå fram.
Etter at vi har lese
To og to saman
Samtaleoppdrag
- Kva handlar denne teksten om?
- Visste de noko om dette temaet frå før, eller har de lært noko nytt?
- Korleis opplevde de å lese denne teksten? Var han lett å lese, utfordrande, heilt grei å lese? Hugs å grunngje synspunktet dokkar.
- Snakk saman om korleis forfattaren bruker omgrepet bygdedyret og forteljinga om Arne til å ramme inn teksten. Kvifor gjer forfattaren dette, trur de?
- Hadde teksten forandra seg om forteljinga om Arne ikkje var med? Korleis då?
- Les opp samandraga de har skrive til kvart avsnitt, for kvarandre. Har de kome fram til dei same poenga i samandraga?
Intertekstualitet
I teksten refererer forfattaren til bygdedyret og Tor Jonsson si novelle Liket frå 1949. Han bruker forteljinga om Arne som ei rammeforteljing til å utdjupe poenga sine om bygdeliv og psykisk helse. Når ein tekst viser til eller byggjer på ein annan tekst, kallar vi det intertekstualitet. Kjenner de til andre tekstar, filmar eller seriar der ein refererer eller viser til andre verk?
Førebu ein klasseromssamtale
Snart skal vi ha ein felles klasseromssamtale om teksten vi har arbeidd med. For å førebu oss til samtalen, skal vi svare på nokre spørsmål. Målet med klasseromssamtalen er å reflektere over tematikken i teksten vi har lese. Å reflektere vil seie å gjere seg sine eigne tankar om eit tema, sjå ei sak frå fleire sider og prøve å sjå samanhengar. Når du blir beden om å reflektere, er det viktig å kunne grunngje tankane du har om temaet, og vise til eksempel.
- Skriv ned dei ulike ungdomstypane det blir vist til i teksten, og skriv kva som kjenneteiknar dei.
- Finst desse ungdomstypane overalt, trur du? Kvifor, kvifor ikkje?
- Ifølgje rapporten som teksten viser til, er det forskjellar mellom kjønna når det gjeld psykisk helse. Kva går denne kjønnsforskjellen ut på?
- Korleis påverkar venskap den psykiske helsa til ungdom på bygda?
- Kva kan spele positivt inn på den psykiske helsa til ungdom, ifølgje rapporten?
- Kva faktorar bidrar til at du trivst og har det bra? Skriv ned fire-fem punkt.
Ha ein felles klasseromssamtale om spørsmåla.
Skriveoppdrag 1 – å reflektere
I teksten blir det vist til bygdedyret og at det er gift for den mentale helsa. Er det krefter i ungdomsmiljøet som av og til kan verke på same vis som bygdedyret? Finst det eit ungdomsdyr eller skuledyr? Skriv ein tekst der du reflekterer over temaet og kjem med konkrete råd til korleis vi kan arbeide for å skape eit tryggare og meir inkluderande ungdoms- eller skulemiljø. Bruk femavsnittsmetoden som grunnlag for skrivinga, og hugs å vise til kjelder på ein etterretteleg måte.
Skriveoppdrag 2 – å skildre
Gå saman to og to og skriv ei scene til ein spelefilm om ei jente eller ein gut som veks opp på bygda og opplever utanforskap og einsemd. Målet med scena er å formidle hovudpersonen sine tankar og kjensler og å gjere scena så truverdig som mogleg. I scena skal de flette inn både tankereferat, skildringar og metaforar. Framfør scenene for kvarandre i klassen, eller spel dei inn digitalt.
Skriveoppdrag 3 – å inspirere
Gå saman to og to og lag ei liste med tips til korleis ungdom kan bidra til at alle kjenner seg inkluderte og som ein del av fellesskapet på skulen. Bruk desse tipsa som utgangspunkt for å lage ein appellerande og lettlesen plakat som kan hengast opp i klasserommet eller rundt på skuleområdet. Finn ein illustrasjon som forsterkar bodskapen. Målgruppa for plakaten er andre ungdomar. Tips: Besøk nettsida til verdsdagen for psykisk helse og la dykk inspirere av plakatane deira.