Opplegg til Pønkarar med vekttal

Last ned PDF her. 

Mål med opplegget 

Å vekkje elevane sin interesse for sakprosa:
gjennom at elevane utforskar tekstane
gjennom at elevane set ord på si personlege leseoppleving
gjennom at elevane diskuterer tema som blir teken opp i teksten
gjennom at elevane brukar sakprosatekstar som inspirasjon og modell for eigne tekstar
gjennom at elevane reflekterer kritisk over tekstane si påverkingskraft og truverd 

Før lesing 

-Sjå på overskrifta, bilete, ingress og underoverskrifter. Kva slags inntrykk får du av teksten? Kva for ein sjanger er teksten?

-Har dokker høyrt om Daufødt? I tilfelle kva? Om ikkje, kva er inntrykket ditt av bandet berre ved å høyre namnet? 

-Finn Ingenmannsland av Daufødt og songteksten. Høyr på songen medan du les teksten. Likar du den eller ikkje? Kvifor?

-Har du eit annleis inntrykk av teksten etter å ha høyrt songen eller ikkje?
 

Undervegs  

-Set strek under påstandar frå bandet du er einig eller ueinig i.  

Etter lesing 

Klassediskusjon 

-Kva meiner du om denne artikkelen? Var den interessant eller ikkje? Kvifor?

-Pønk er ein politisk sjanger, og fleire av songtekstane til Daufødt er politiske. Veit du om fleire musikksjangrar som ofte har politiske tekstar?

-Kva meiner du om politisk musikk? Kan musikk og anna kunst ha ei innverking på samfunnet? Forklar. 

-Daufødt er frå Sørlandet, som ofte blir kalla «bibelbeltet». Kvifor? Kan det ha noko med dei religionskritiske tekstane til Daufødt å gjere?

-Kvifor trur du Annika blei provosert av at Flekkerøya samla inn 3 millionar til ei ny kyrkje? Er ikkje det berre fint?

-I Noreg har vi ytringsfridom og religionsfridom. Kan desse verdiane kome i konflikt med kvarandre? Korleis?
 

Vidare 

-Gjennomfør eit rollespel med klassepartnaren din, kor ein er intervjuar og den andre ein kjent musikar.

-Finn informasjon om pønkrørsla og lag ein presentasjon. Pønkarane er kjende for kleda sine, så om du vil kan du lage eit moodboard.

-Skriv ein debattartikkel kor du diskuterer korleis ytringsfridom og religionsfridom kan kome i konflikt med kvarandre. Bruk nettkjelder for å finne argument. Vær kjeldekritisk.