Opplegg til Sherlock Holmes og saka om lettpåverkelege jenter

Opplegget er laga av Nynorsksenteret.

Last ned PDF. Last ned PPT.

I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide med ulike lesestrategiar i møte med tekst. For å få ei oversikt over teksten skal elevane starte med å skumlese han. Dei skal deretter bruke tid på nærlesing, der dei mellom anna skal sjå nærmare på detaljar og språklege verkemiddel. Til slutt skal dei sjølv skrive ein personleg tekst basert på eigne interesser, hobbyar eller ein trend dei har vore opptekne av.  

Lesestrategiar 

Elevane skal markere ulike delar av teksten ut ifrå: 

  • Kva som er lett å forstå (grønt) 
  • Kva som er meir utfordrande (gult) 
  • Ord og uttrykk dei ikkje forstår og treng ei forklaring på (raudt)  

Dei skal deretter sjå på markeringane dei har gjort, saman to og to.  

Leseforståing 

  • Kven er avsendaren? 
  • Kva er føremålet med teksten?  
  • Kva var det med Sherlock Holmes som appellerte til forfattaren? 
  • Kvifor byrja forfattaren å spele fiolin?  
  • Korleis skildrar forfattaren seg sjølv?  

Innhald og tema 

  • Korleis blir 11-åringar, såkalla «tweens», framstilte i teksten?  
  • Kvifor er forfattaren kritisk til sine eigne erfaringar?  

Refleksjonsoppgåver 

Skriv ein tekst på om lag 100 ord der du fortel om noko du har vorte påverka av i di eiga ungdomstid. Det kan til dømes vere eit rockeband, ein TV-serie, eit fotballag, ein hobby.  

Diskusjon 

Korleis blir dagens unge påverka av media og populærkultur i dag? Trur du dette har endra seg dei siste åra?  

Analyse av språk og verkemiddel  

Finn døme på språklege verkemiddel i teksten, som: 

  • humor og sjølvironi 
  • kontrastar 
  • metaforar 
  • overdriving  
  • samanlikningar  

Gjennom teksten vender forfattaren seg til lesaren på ein direkte måte: «Denne jenta trur eg kven som helst kan førestille seg». Kva gjer det med lesaren si oppleving av teksten?  

Skriveoppgåve: 

Du skal skrive ein personleg tekst der du fortel om ei interesse, ein hobby eller ein fase i livet som har påverka deg. Bruk språklege verkemiddel bevisst. Bruk spørsmåla under til å skrive ein utfyllande tekst.  

  • Humor og sjølvironi: Korleis kan du gjere teksten din morosam?  
  • Personlege anekdotar: Fortel ei historie frå ditt eige liv som du knyter til temaet. 
  • Overdriving: Skildre kor mykje du elskar til dømes hobbyen din. Forsøk å ha eit glimt i auget.  
  • Kontrast: Skildre ein situasjon der noko har endra seg for deg – frå tidlegare til no.  
  • Referansar til populærkultur: Knyt historia di til ein TV-serie, ein artist, ein film eller ein trend som har påverka deg.  

Omfang: 300–500 ord.  

Krav: Bruk fleire språklege verkemiddel.