Opplegg til Fridommen til å vere seg sjølv

Opplegget er laga av Nynorsksenteret.

Last ned PDF. Last ned PPT.

Til læraren

Rapp er ein musikksjanger alle ungdommar kjenner til. I dette undervisingsopplegget får elevane møte ein sakprosatekst som handlar om ei dansk rapp-gruppe. Opplegget er laga for å engasjere ungdommane gjennom ulike reflekterande og praktiske oppgåver, som ulike leseaktivitetar, diskusjonar og kreative skriveoppgåver. Målet er å gje elevane eit godt og lærerikt møte med sakprosa.

Oppvarmingsspørsmål, to og to saman

  • Kva skil ein saktekst frå ein skjønnlitterær tekst?
  • Kor mange saktekstar les du dagleg?
  • Kvifor er det å kunne lese saktekstar ein viktig kompetanse?
  • Samtal om påstanden “Det er viktigare å vere kritisk til saktekstar enn til skjønnlitterære tekstar.”

Før vi les

Faktafyk er eit sakprosamagasin for ungdom.

1) Kva er eigentleg sakprosa?

2) Kva slags typar tekstar trur du magasinet inneheld?

3) Om du skulle lage eit sakprosamagasin for ungdom, kva skulle tekstane ha handla om?

4) Kva slags type sakprosa likar du å lese, og kvifor?

Korleis kjenne att teksttypen og lese han effektivt?

To og to saman

1) Kva slags type tekst er dette? Korleis kom du fram til svaret ditt?

2) Bruk BISON-overblikket på teksten for å få eit raskt oversyn over han.

3) Usikker på kva BISON-overblikket viser til?

To og to saman

Kva fann du ut om teksten etter å ha brukt BISON-blikket på han?

Sjanger og kjenneteikn

To og to saman

1) Kvifor kan vi kalle teksten vi skal lese, ein samansett tekst? Kva slags ulike element eller modalitetar består denne teksten av?

2) Kva slags funksjon speler bileta i teksten?

3) Korleis hadde teksten endra seg om bileta og den store overskrifta vart tekne vekk?

4) Mange unge liker å lese samansette tekstar betre enn reine verbaltekstar, kvifor det, trur du?

5) Vi veit at vi skal lese ein saktekst som er skriven som ein samansett tekst, men kva slags sjanger er teksten skriven i? Slå opp i norskboka, og prøv å finne ut svaret.

Vi les teksten høgt i klassa

Fokusområde medan vi les

1) Kven er det som blir intervjua?

2) Kvifor blir dei intervjua?

3) Kvifor er dei aktuelle?

4) Kva er bodskapen deira?

Les teksten stille for deg sjølv

Svar på spørsmåla skriftleg når du er ferdig med å lese. Hugs å svare i heile setningar.

1) Kven er det som blir intervjua?

2) Kvifor blir dei intervjua?

3) Kvifor er gruppa aktuell?

4) Kva er bodskapen deira?

Ferdig? Gå saman to og to, og samtal om spørsmåla før dokker går gjennom dei samla i klassa.

Samtale- og skriveoppgåver 1

Teksten vi har lese, handlar om ei dansk rappgruppe.

1) Kjenner du til dansk eller svensk rapp? Kva slags songar eller grupper kjenner du i så tilfelle til?

2) Om ikkje: Kunne du ha høyrt på dansk eller svensk rapp? Kvifor, kvifor ikkje?

3) Finn ein rapptekst skriven av ei dansk eller svensk rappgruppe. Skjøner du kva som står i teksten? Skriv ned ti ord du forstår godt, og ti ord du ikkje forstår.

Gå gjennom orda med læringspartnaren din. Har dokker skrive ned dei same orda?

4) Finn ut kva dei ukjende danske eller svenske orda tyder.

Samtale- og skriveoppgåver 2

  1. a) Rapp er ein av dei mest populære musikksjangrane for ungdom. Kvifor trur du det er slik?
  2. b) Ta stilling til påstanden: “Rapp har ei heilt anna slagkraft enn pop.”
  3. c) Kva er det som kjenneteiknar ein god rapp-låt, synest du?
  4. d) Skriv ei liste med dei fem beste rapp-låtane. Les opp lista du har skrive, til sidemannen. Om dokker får tid: Gå saman og lag ei spotify-liste med dei beste rapp-låtane.

Skriv ein rapp-tekst

1) Set dokker saman i grupper på to og to. Skriv forslag til ein rapp-tekst som handlar om å vere ungdom i 2025. Nærles det som står skrive i kjeldeteksten om korleis Hunnid22 gjekk fram for å skrive rapp.

  1. a) Avgjer kva som skal vere bodskapen i rappen dokkar.
  2. b) Kva slags verkemiddel vil dokker ta i bruk i skrivinga?

Jobb ekstra godt med å få til eit godt refreng. Om dokker får tid: Tonesett rappen.

Sjå neste side for tips til nyttige sider du kan ta i bruk i arbeidet.

Tips

Sjå her for tips til korleis du kan bruke ordboka som eit kreativt verktøy i skrivinga. Bruk GarageBand, SoundTrap eller eit anna gratisprogram til å lage lydkulisse for rappen.

Ferdig? Øv på å formidle rappen og framfør han for klassa, eller spel inn ein kreativ musikkvideo.

Skriveoppdrag

Skriv ein reflekterande tekst med overskrifta “Fridommen til å vere seg sjølv”. Du vel sjølv vinklinga på teksten. Hugs å grunngje synspunkta dine og flette inn eksempel.

Førebuing

Kva inneber det å reflektere? Veit du korleis du kan skrive reflekterande tekstar? Korleis kan du strukturere ein slik tekst for å få fram tankar og refleksjonar på ein god måte? Be læraren din om hjelp.