!les20: Blir i godt humør av god litteratur

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, har alltid lese mykje skjønnlitteratur og har stor glede av det. – Eg blir rett og slett i veldig godt humør av å lesa godt skrivne tekstar, skriv ho blant anna i vekas 20-årstekst.

Skrevet juli 31, 2017 i Bibliotek/lærer, Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Formidling, Lærer ungdomsskolen, Lærer videregående, Nyheter Legg inn kommentar

Foreningen !les er 20 år i år. Kvar veke i jubileumsåret vil vi publisere tekstar frå ulike personar som bidrege i vårt arbeid med å skape leselyst blant barn, ungdom og vaksne.


Denne veka kjem teksten frå Åse Wetås. Åse er direktør i Språkrådet. Språkrådet er medlem i Foreningen !les og var blant anna samarbeidspartnar under Norvengelsk-aksjonen i 2003.

«Norvengelsk-aksjonen, der 27 000 skoleungdommar frå heile landet deltok, var svært viktig for Språkrådet. Målet var å gjera elevane medvitne om skilnadene mellom god norsk og god engelsk.

Eg les ein god del norsk og nordisk skjønnlitteratur. Nett nå står Vigdis Hjorts Arv og miljø for tur. Hjort er ein av favorittane mine, og eg gleder meg veldig til å lesa den boka! Til dagleg les eg òg veldig mykje sakprosa, særleg aviser. Eg har alltid lese mykje skjønnlitteratur og har stor glede av det. Når ein les, får ein høve til å reisa i tid og rom frå eigen sofa, og på kjøpet blir ein klokare! Eg blir rett og slett i veldig godt humør av å lesa godt skrivne tekstar.

Å lesa er å skaffa seg innsikt i livet og i verda kring seg. Når ein les mykje, blir ein òg meir merksam på eigen skriftspråkleg praksis. Dei gode tekstane med det gode språket verkar skjerpande!

Til lukke med åremålet og til lukke med det vidare arbeidet for ei veldig viktig sak!»