Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Fugletribunalet

Vinner Av Ungdommens Kritikerpris 2014

Allis flyktar frå Oslo etter ei personleg krise. Ho begynner sitt nye liv i ei lita bygd på Vestlandet. Der bur og arbeider ho som ei slags hushjelp for ein mann ved namn Bagge.

Agnes Ravatn Samlaget 2013 2014

Pulsen steig mens eg tråkka gjennom den stille skogen. No og då eit fugleskrik, og elles berre grå, nakne lauvtre, greinete ungskog og ein og annan blågrøn brake i bleik aprilsol. Der den smale skogsvegen runda ein knaus, kom ein uflidd allé av kvite, ranke bjørketre til syne. Kvar bjørk hadde store greinflokar i toppen, som påbegynte reir. I enden av alleen var eit kvitfalma stakittgjerde og ein port. Bak porten: huset. Ein liten, eldre trevilla med lappeskifer på taket.

Eg lukka porten lydlaust bak meg, gjekk over tunet og opp dei få trinna til ytterdøra. Ingen opna då eg banka på, eit lite søkk gjekk i meg. Eg sette veskene frå meg på trappa, gjekk ned og følgde steinhellene som låg som ein sti rundt huset. På framsida opna landskapet seg. Fiolette fjell med spreidde snøflekker kvilte på andre sida av fjorden. Krattskog omkransa eigedomen på begge sider.

Han stod nede i hagen ved nokre slanke tre, ein lang rygg i ein mørkeblå ullgenser. Han kvapp då eg ropte hallo. Snudde seg, helsa med ei hand og gjekk mot meg i tunge støvlar over den gulgrå marka. Eg drog pusten. Eit ansikt og ein kropp i førtiåra ein stad, han såg ikkje ut til å vere det minste pleietrengande. Eg maskerte overraskinga med eit smil og tok nokre steg imot han. Han var grovbygd og mørk. Såg meg ikkje rett inn i augo, men forbi då han strekte ut neven.

Sigurd Bagge.

Allis Hagtorn, sa eg og trykte den store handa hans lett. Ingenting i blikket hans vitna om at han drog kjensel på meg. Kanskje var han berre god til å spele.

Kor har du bagasjen din?

På baksida.

Hagen bak han var ein vintergrå tragedie av daudt buskas, våt halm og klunger. Når våren snart kom, ville det bli ein jungel. Han fanga opp den bekymra mina mi.

Ja. Det er litt å ta tak i.

Eg smilte, nikka.

Hagen er kona mi sitt prosjekt. Eg treng nokon til å hjelpe så lenge ho er på reise.

Eg gjekk etter han rundt huset. Han tok éi veske i kvar hand og gjekk inn i entreen.

 

Han viste veg opp til andre etasje, gjekk med harde steg opp dei gamle trappene. Rommet mitt var enkelt møblert med ei smal seng, ein kommode og eit skrivebord. Det lukta reint. Senga var reidd opp med blomstrete sengetøy.

Fint rom.

Han snudde seg utan å svare, bøygde nakken og gjekk ut, nikka mot badet mitt, ned trappene att med meg etter, ut og rundt hjørnet, over tunet og bort til det vesle reiskapshuset. Det knaka i treet då han drog opp døra og peika bortetter veggen: rive, spade, spett. På det høgaste graset må du bruke ljå, om du veit korleis?

Eg nikka, svelgde.

Her finn du det meste. Hagesakser, fortsette han. Eg hadde blitt glad om du greidde å få ein slags orden på hekken. Og sei frå om det er utstyr du saknar, så skal du få pengar.

Han brydde seg ikkje om å sjå på meg når han snakka. Eg var tenar, distanse skulle etablerast frå første stund.

Var det mange som svara på annonsen? glapp det ut av meg.

Han kasta så vidt eit blikk på meg under den svarte luggen.

Det var ein god del.

 

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 20-24.

Bonusspor

Les meir om forfattar Agnes Ravatn her.

Sjølv om Fugletribunalet ikkje er ei morosam bok, så er Ravatn meir kjend for sine humoristiske tekstar. Sjekk dette opptaket der ho skal oppsummere 00-talet saman med ein annan artig forfattar, Ragnar Hovland:

Fugletribunalet vann både Ungdommens kritikerpris og P2-lytternes romanpris. Les om P2-lytternes pris her.

Kva meinte elevar i den vidaregåande skolen om Fugletribunalet? Les juryens begrunnelse her.

Les intervju med Agnes Ravatn her.

Verker Fugletribunalet spennande? Her har du andre bøker du kanskje òg vil like:

Marisha Pessl: Nattfilm

Stig Sæterbakken: Usynlige hender

Jan Roar Leikvoll: Songfuglen

Til toppen