Eg kan ikkje slutte å skrive romanar etter dette!

Humoristen, romanforfattaren og vinnaren av Ungdommens kritikarpris (UKP), Agnes Ravatn, snakkar ut.

Skrevet mars 31, 2014 i Lærer videregående, Nyheter, Ungdommens kritikerpris, Videregående Legg inn kommentar

Prisvinnar
-Eg ser på romanen omtrent som eit laboratorium: dersom ein tar to personar, med kvar sin psykologiske bagasje, og stenger dei inne på eit avgrensa område: kva skjer? Eg prøver å skrive så instinktivt og intuitivt som muleg. Av og til går det av seg sjølv, av og til må eg hale og dra i orda. Det blir best når eg skriv utan at eg tenkjer over at eg sit og skriv, at eg gløymer omgivnadene mine og berre er ein slags sekretær for historia.

Vinner: Agnes Ravatn vant Ungdommens kritikerpris. Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les.

Vinner: Agnes Ravatn vant Ungdommens kritikerpris. Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les.

Dette seier Agnes Ravatn om Fugletribunalet, boka ho nylig vann UKP for. Ho har hatt stor suksess med den kritikarroste boka. Boka handler om NRK-kjendisen Allis som stikker av frå Oslo og mediestyret etter ei offentleg sexskandale. Ho dreg til eit lite sted på Vestlandet og begynner som hushjelp for ein fåmælt mann ved navn Bagge. Etter hvert utvikler det seg til ein intens thriller. I tillegg til UKP, vann Ravatn tidlegare i år P2-lyttaranes romanpris.

-Det spesielle med desse prisane, er at begge er lesarprisar. I dei aller fleste prisane har du ein  profesjonell jury som plukkar ut vinnaren. Her er det dei ein først og fremst skriv for – dei heilt normale lesarane – som bestemmer. Og det er jo dei ein aller helst vil nå.

Kva betyr det å vinne UKP?

– Mykje! Juryen består jo av framtidas lesarar,

DSC_2025

Agnes Ravatn svarer på spørsmål frå elevane i juryen.
Foto Vibeke Røgler/Foreningen !les

Elevmøte. Etter utdelinga fekk Agnes og dei andre nominerte forfatterane møte elevane frå juryen.

– Det var ein både inspirerande og krevjande dag, fortel Ravatn. Elevane stilte vanskelegare spørsmål enn eg vanlegvis får. Dei hadde openbart lese svært grundig, og nokre stilte til og med spørsmål som fekk meg til å sjå boka på ein litt annan måte. Det var givande.

Men Agnes fekk også noen kritiske spørsmål frå skarpe jurymedlemmar.

-På same måte som er det mistenkeleg å få 99 prosent av røystene ved eit presidentval, er det litt mistenkeleg å berre skulle få ros. Å få kritiske spørsmål stadfestar først og fremst inntrykket av at ungdommen ikkje består av ein gjeng ukritiske nek!

Grunngjevinga. I juryens grunngjeving blir miljøskildringane nevnt som svært gode og viktige for handlinga. Ravatn fortel at ho alltid har skrive litteratur med mykje dialog og lite skildring og at det i denne boka blei det motsette.

-Det var kanskje for å gi meg sjølv ei utfordring, seier ho. Det har vore svært lite natur i dei tidlegare bøkene mine, men med åra har eg nok blitt meir opptatt av natur – utruleg nok. Og eg ville sjå om eg fekk til skrive så sanseleg at lesaren nesten kan kjenne den rå lukta av våt jord.

Utdelere Foto Vibeke Røgler

Anne Beate Sæther og Martin Hestvik deler ut prisen. Foto Vibeke Røgler/Foreningen !les

I boka gjenfortel Allis Baldermyten. Juryen likte måten det var gjort på. De synes det var elegant korleis myten gjorde historia om Allis og Bagge større og meir interessant. Og det er ikkje tilfeldig at Ravatn brukar nettopp denne myten.

-Det sentrale i Baldermyten er at gamle synder må sonast for at ei ny, god verd kan oppstå. Det speglar tematikken i historia mi. Eg las mykje norrøn mytologi som barn, og Balders død var det som gjorde sterkast inntrykk.

Humoristen. Ravatn er kjent som en humorist og kritikarane las Fugletribunalet i lys av det. Noen lurte på om det var ein ironi der som dei ikkje forstod. Andre synes boka var morosam. Og mange forventa nok at humoren hennar skulle vise seg på en eller annen måte. Men den som var mest overraska var Ravatn sjølv.

-Det var underleg å innsjå at eg hadde skrive ei bok som ikkje var morosam. Her og der er det noko som er litt morosamt, men i det store og heile er det er mørk og alvorleg bok. Eg synest at humor på sitt aller beste er med og forsterkar alvoret, men i denne boka blei det motsett: det morosame reiv teppet vekk under beina på alvoret. Derfor måtte eg rett og slett omtrent med skalpell fjerne dei morosame setningane i manuset (ein smertefull men nødvendig prosess).

Spenning. Ei anna overrasking for Ravatn var at ho hadde skreve ei spenningsroman. Juryen seier følgande i grunngjevinga: «Det er uten tvil en spenningsroman, der det gjennom hele boken er en mystisk stemning. Kontrasten mellom stillferdige omgivelser og handlingen skaper uforutsigbarhet som mot slutten ender i en overraskende tvist.»

-Det er iallfall mange spenningselement i historia, seier Ravatn, og lesinga blir driven framover ved at ein ønskjer å få svar på dei spørsmåla som dukkar opp etter kvart. Og det ligg ting i fortida som langsamt blir rulla opp, altså ein meir retrospektiv teknikk. Men ingen var så overraska over at eg hadde skrive ein spenningsroman som eg!

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på utdelingen. Foto Vibeke Røgler/Foreningen !les

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på utdelingen. Foto Vibeke Røgler/Foreningen !les

Ravatn er ikkje den første som har skreve eit kammerspel frå Vestlandet. Men ho har sin vri på det samtidig som ho brukar miljøet og landskapet for alt det er verdt.

-Den fåmælte vestlendingen er vel nesten ein slags arketyp i norsk litteratur. Men eg opplever jo faktisk mange menneske slik, vestlendingar og andre. Ein har dei som seier mykje med få ord – og dei som seier lite, med mange ord. Stort sett alltid er det mellom linjene at det interessante ligg.

Nynorsk. Fugletribunalet er den andre boka på nynorsk som har vunne UKP. Helga Flatland vann i 2010 med Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Ei bok delvis på bokmål og delvis på nynorsk. Erfaringa til Foreningen !les er at nynorsk ikkje er noe problem. Så lenge historia fenger er målform uinteressant. Likevel er det uvilje mot nynorsk blant mange elevar og lærarar. Det finnast forfattarar som startar som nynorskforfattarar og ender som bokmålsforfattarar. Så vi spør Ravatn kvifor ho skriv på nynorsk.

-Nynorsk er morsmålet mitt. Det var det språket eg lærte, og det språket eg brukte, heilt frå starten. Det er det som ligg meg aller nærast. Eg kan sjølvsagt skrive rett bokmål, men eg mistar kontakten med meg sjølv, det liknar parodi, og eg synest det er vanskeleg å vurdere om det eg har skrive er bra eller ei. Omtrent som det nok kjennest for mange bokmålsbrukarar å skrive nynorsk. Eg trur mykje av motstanden ligg i måten ein underviser i sidemål på, og korleis ein presenterer det: noko keisamt som ein må gjennom og aldri kjem til å få bruk for, og det blir først introdusert i den mest skuletrøytte alderen. Men då eg snakka med elevane i UKP var det ingen av dei som nemnte nynorsk med eit ord. Det viser at dersom ein gir dei litteratur som treffer dei, så speler målform inga rolle.

Om skriving. Ravatn begynte å skrive omtrent frå da ho lærte å skrive. – Eg har alltid dikta historier. I oppveksten var det ofte humoristiske, svært overdrivne historier, ofte inspirert av bøker eg las.

Har du eit skrivetips til ungdom?
-Skriv om det som betyr noko for deg på den eine eller andre måten. Gå innover, mot der det er litt vondt eller litt farleg. Ikkje skriv om det du trur du burde skrive om, men det du kjenner er viktig. Dersom det du skriv betyr noko for deg, vil det mest truleg bety noko for andre òg.

Kjem du med fleire romanar?
Eg kan ikkje slutte å skrive romanar etter dette! Men først skal eg gjere ferdig ei lita sakprosabok som kjem til hausten – som ungdommen kan ha stor nytte av.

Vil din klasse sitte i juryen? Søknadsfrist 30. mai 2014.