Foreningen !les er viktig for norsk skule
Forskarar, lærarar, elevar og forbundsleiarar er einige om at Foreningen !les er ein viktig samarbeidspartnar for skuleverket.
– Utdanningsforbundet har samarbeida med Foreningen !les i mange år. Gjennom dette samarbeidet, og ut frå tilbakemeldingar frå medlemmene våre, veit vi at Foreningen !les gjer ein særs viktig jobb med å stimulere til leseglede hos barn og unge, seier leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied.
Ungdommens kritikarpris i regi av Foreningen !les blir for eksempel kvart år arrangert i samarbeid med Utdanningsforbundet. Lied er ikkje i tvil om effekten.
– Gjennom ei årrekkje har prisen gjeve elevar frå heile Noreg ein unik sjanse til å lese og vurdere det beste av norsk samtidslitteratur. Tilbakemeldingane frå elevar og lærarar er at dette eit prosjekt som gjev både leseglede, nye kunnskapar og inspirasjon i norskfaget samt at det fungerer som verdifull etterutdanning for norsklærarane.
– Om Foreningen !les skulle miste eller få redusert støtta si slik at aktiviteten må reduserast, vil det vere eit tap for lærarar og elevar og for norsk skule, seier Lied.
Forskar Astrid Roe ved Institutt for lærarutdanning og leseforsking ved Universitetet i Oslo, er også bekymra og meiner skulen treng fleire støttespelarar.
– Vi må bevara alle tiltak som kan få ungdom til å lese meir enn dei gjer i dag. PISA-undersøkinga viser at norske elevar leser betre enn OECD-snittet. På skulen engasjerer ikkje elevane seg i bøkane på same måte som når dei les bøker dei har valt sjølv. Barn og unge må hjelpas inn i litteraturen, seier Roe til Klassekampen.
Ho får støtte frå forskarkollega Kåre Kverndokken ved Høgskulen i Vestfold.
– Dei nasjonale leseorganisasjonane har gjort ein betydeleg innsats for å auke lesekompetansen og lesemotivasjonen i ulike lesargrupper, seier Kverndokken til Klassekampen og nemner Leser søker bok og Foreningen !les som gode eksemplar:
– Foreningen! les har som eksempel på formidlingstiltak brukt kjente personar, for eksempel frå idrettsmiljøet, som lesande forbilde. Gutar har påviseleg blitt inspirert til å lese gjennom å møte ein lesande idrettshelt. Slik blir lesing legitimert som ein viktig aktivitet også på andre arenaer enn i skulen, seier han til avisa.
I følge forskaren klarar ikkje skulen å sikre gode lesetiltak aleine.
– Organisasjonane kan bidra med fagleg kompetanse og leseentusiasme som lesarane treng.
Kvart år deltek fleire hundretusen norske elevar i Foreningen !les sine prosjekt. Kutt i støtta vil få konsekvensar for dei. Det bekymrar lærarar og elevar.
– Uprisen er eit fantastisk verktøy som ligg klart til bruk kvar høst, og eit prosjekt som passar perfekt til den nye satsninga på ungdomstrinnet. Prisarbeidet gir motivasjon og kjensle av meistring, seier lærar Hege Fjeld ved Lundenes skule i Troms.
– Foreningen !les sitt arbeid blir alltid lagt merke til på Sagene. Det er veldig stas å komme heim igjen frå Uprisen på Lillehammer og fortelja om alle dei kjente folka vi såg, som Karl Ove Knausgård for eksempel. At ungdom får kåre sin eigen litteraturpris betyr alt. Det viser at vi også interesserar oss for bøker, at vi er kapable til å bestemme over ting som angår oss, og forfattarane får faktisk vite at målgruppa som dei skreiv til sett pris på boka dei skreiv, seier elev Vemund Breen Haugen ved Sagene skole.
– Det ville ikkje betydd like mykje viss ein gjeng i midtlivskrisa hadde sagt at denne boka passar for ungdom. Det er når ungdom over heile landet veljar ein bok at prisen får tyngde, legg han til.
Breen Haugen meiner !les gjer eit unikt arbeid.
– Det flømmer ikkje akkurat over av folk som strever for å finne akkurat den eine boka som skal til for å vinna deg over til bøkenes verden. Arbeidet !les gjer er unikt. Det er ingen anna organisasjon eg veit om som gjer ein like iherdig innsats for å få oss giddelause ungdommar til å lese bøker. Det ville vore synd dersom færre ungdommar begynner å lese, og dermed mister denne gode kjelda til kunnskap, berre fordi dei ikkje hadde !les til å vise den for seg.