– Det finst ei bok for alle

– Bøkene er som klesskapet inn til Narnia, dei opnar dørene for ei magisk verd, seier Anne Marta V. Vadstein, rådgjevar ved Nynorsksenteret.

Skrevet mars 6, 2017 i Nyheter 1 kommentar

Foreningen !les feirar 20 år i 2017. Under jubileumsåret vil vi publisere tekstar og helsingar frå ulike aktørar som har bidrege i foreningens arbeid med å fremme leselyst blant barn, ungdom og vaksne. Vi takkar alle saman for det gode samarbeidet til no og håper på mange fine augeblikk i framtida.


Denne veka kjem teksten frå Anne Marta V. Vadstein. Anne Marta er rådgjevar ved Nynorsksenteret og ein viktig samarbeidspartnar i den nasjonale leseaksjonen Tid for ti.

«Som tilsett på Nynorsksenteret har det vore fantastisk morosamt å få samarbeide med Foreningen !les om antologien Tid for ti. I lag skulle vi velje ut ti av dei mest artige, skumle, kjekke og spennande bøkene for 7. trinn. Kva ville falle i smak hos dei unge lesarane? For min del var det viktig å vidareformidle innspel frå skular som Nynorsksenteret har samarbeidd med tidlegare, i Bodø, Lørenskog, Trondheim, Bergen og Volda. Eg er glad for at mange av favorittbøkene deira kom med i Tid for ti, slik at nye 7. klassingar blir kjende med bøkene. Ekstra morosamt for min eigen del var det å få gje stemme til lydbokversjonen av to av utdraga. Kapittelet frå fantasyromanen «Skammarens dotter», der dei skal til å gå inn til draken som ligg samankveila i den mørke borggarden, får det til å gå kaldt nedetter ryggen på lesaren, og det rykte godt i skodespelarmuskelen då eg skulle lese inn akkurat det utdraget.

Eg er glad i å lese, både stilt for meg sjølv og høgt for andre. I jobbsamanheng les eg mest bøker som er skrivne for barn i alderen 0–13 år. Aller helst vil eg lese alle nynorske barnebøkene som kjem ut, slik at eg kan formidle bokinspirasjon vidare til lærarar og barnehagelærarar. Det er jammen ei interessant og kjekk oppgåve! Heldigvis kom det ut så mange nynorske barnebøker at eg ikkje kom gjennom alle i fjor. Det betyr at det finst minst ei bok for alle, og at alle kan finne ei bok som dei kan like. Det er jo derfor vi bør lese, fordi det er givande, og fordi vi kan få møte situasjonar og personar vi elles ikkje hadde møtt, og gjere oss erfaringar utan å måtte rydde opp i alt rotet etterpå. Bøkene er som klesskapet inn til Narnia, dei opnar dørene for ei magisk verd.

Barn er ulike og vil lese om ulike tema. Lærarar vi er i kontakt med, spør ofte spesielt etter bøker som appellerer til gutane. Foreningen !les og Nynorsksenteret har hatt det i tankane i arbeidet med mellom anna Tid for ti, og ønskjer å leggje til rette for at gutane skal finne bøker dei får lyst til å lese.

Om eg skal få tipse om nokre bøker eg og dei tre gutane mine les for tida, vil eg velje Det er ein elefant i barnehagen, ei ny bildebok av Bjørn T. Bøe, som fireåringen min likar godt. Illustrasjonane er store, og det er passeleg mykje tekst på kvar side. I lag går vi på leiting etter elefanten som gøymer seg på kvart oppslag. Midtimellombroren likar at vi har fleire bøker på gang samstundes, så vi kan veksle litt på kva vi les. Det forferdeleg geniale freseskyflyet av Rolf Losnegård, Harry Potter og Gutta i trehytta-bøkene er ein fin miks. Eldstemann på elleve er halvvegs i Cherub-serien av Robert Muchamore, men dei bøkene er best å lese sjølv, synest han. Eg ser den. Barneagentar i kamp mot kriminalitet og lovløyse misser liksom litt brodden når det er mamma som les høgt.

Nokre personlege favorittar akkurat no, er bøkene til Aina Basso og Ruth Lillegraven, som eg oppdaga for alvor i året som gjekk. Dei to skriv sterke kvinnehistorier, og eg var oppriktig lei meg då eg hadde lese alle dei fire romanane til Basso og der ikkje var fleire å begynne på! Slik skal det vere med gode bøker, dei skal gje lyst til å lese meir. Lista over bøker eg gler meg til å lese, er lang, og eg skulle gjerne hatt fleire timar i døgnet til å lese. Eg vil skildre det med orda til forfattar Erna Osland: Å lese er ei trening i å leve.

Foreningen !les er med på å leggje til rette for gode leseopplevingar for elevar og vaksne. Takk så langt, og lykke til med dei neste tjue åra. Vi på Nynorsksenteret gler oss til å halde fram med det givande samarbeidet.»

En kommentar på “– Det finst ei bok for alle

  1. Takk for kloke og inspirerende ord, Anne Marta! Og takk til både Foreningen !les og Nynorsksenteret for det gode arbeidet dere gjør for oss skolebibliotekarer og elever og lærere i skolen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *