Uprisen: Om å vere bokmeldarklasse

Hausten 2017 var 9. trinn ved Luster ungdomsskule bokmeldarklasse i Uprisen. – Ei felles oppleving som ingen av oss ville vore foruten, skriv lærar Mona Elin Solstad Vik.

Skrevet mai 3, 2018 i Bibliotek/lærer, Formidling, Lærer ungdomsskolen, Nyheter, ungdom, Uprisen - årets ungdomsbok Legg inn kommentar

Bokmeldarar: 9. trinn ved Luster ungdomsskule var ein av 30 bokmeldarklassar i Uprisen 2017.

Solstad Vik fortel om lesinga, meldingane, meistringa og motivasjonen som etter kvart gjekk av seg sjølv. Les hennar erfaringar under.

Vil klassa di vere bokmeldarklasse i haust? Søk her

Anmeldarklasse for Uprisen? Sei ja! Me gje terningkast 5,99

Greier me å motivere elevane våre til å lese minst to bøker, i tillegg til skulearbeidet neste haust? Det vart det store spørsmålet for norsklærarane på 8. trinn ved Luster Ungdomsskule våren 2017. Ja, me set i gang, dei likar å lese, og søknaden vart sendt. Det tok berre nokre få dagar før det positive svaret kom, og alt dagen etter tok bibliotekaren, Ellen Pauline Borch Veum, kontakt. Ho poengterte kor gjævt dette prosjektet var (og me fekk litt prestasjonsangst).

Lærarane snakka om Uprisen i klasserommet, me vitja sida, og hadde litt «førlesefase» i juni, så då skulen starta om hausten byrja elevane å etterlyse bøker. Det hadde vore heilt supert om nokre av boktitlane hadde vore klare fyrste skuledagen. Det kunne me lett ha ordna ved å samarbeide med biblioteket når boklista ligg klar.

Etter det obligatoriske lærarkurset i Oslo, hadde me både bøker og plan for korleis dette skulle gjennomførast; det vil seie utlån, tidsfristar og krav. Elevane gjekk i harde forhandlingar, dei var viljuge til å lese mykje dersom dei fekk minst ein lesetime på skulen. Bjarte Bakken frå Uprisen vitja klassane og kursa både lærarar og elevar i å skrive bokmeldingar. Biblioteket underviste i «Korleis bruke Ebok-bib», mobiltelefonane blei eit godt hjelpemiddel her. Vidare fekk me tilgang til bøker gjennom Statped og NLB. Me likestilte lytting med lesing, og har ikkje angra eit minutt. Rektor og skulefagleg ansvarleg grov djupt i lommane og fann pengar til bokkjøp og forfattarvitjing, samarbeidet fungerte svært godt.

Vekene forsvann bak oss, elevane las, bytta bøker, snakka om innhaldet, byrja å skrive bokmeldingar, haustferien kom og gjekk: Uprisveka sto for døra. Saman med biblioteket her, og i Balestrand fekk me Asbjørn Rydland på besøk. Han har vunne Uprisen med boka «Galderstjerna» og veit korleis han skal snakke til 9. klassingar. Vårt bidrag blei ein «lesevegg» på skulen. Elevane skreiv eigne tankar om det å lese og siterte kva store forfattarar har sagt om bøker og det skrivne ord. Lappane og framsida på bøkene hang framme til jul, og elevane skreiv etter kvart namna sine på dei titlane dei las.

Veggpryd: Elevar frå klassa har samla seg foran leseveggen.

Nasjonale prøvar i lesing kom, vart retta og me merka kraftig framgang, men kan ikkje komme med forsking som underbyggjer teorien vår om at Uprisen var ei genial satsing framfor den statlege testinga. Det blir berre synsing. Elevane byrja å smuglese i mattetimane, dei maste om nye bøker, og forfattarar vart meir populære enn andre. Nokre spurde om dei kunne få lese når dei var ferdig med anna arbeid – motivasjonsdelen var som ein leik (nesten heile tida).

Lurte me på noko så sende me e-postar til Bjarte Bakken. Han blei som ein guru for oss. Uprisen-organisasjonen er så liten at du får svar med ein gong, ikkje mykje byråkrati der. Bøker pakka i gråpapir landa i postkassa, blei stempla og lesne stort sett med ein gong. Kravet vårt var minst to bokmeldingar, men elevane las i gjennomsnitt tre bøker kvar.

I november melde seks elevar seg som superlesarar, då byrja PDF-filene frå forlaga å komme. Her oppdaga me skrivefeil, kommafeil og liknande hjå kjende forfattarar. Det var godt for både lærarar og elevar å sjå at du kan bli forfattar sjølv om du slit med doble konsonantar og kommaforståing. Denne øvinga gav oss forresten pizza på heile trinnet, i februar fann me fire feil i ei lærebok og sende klage til forlaget. Me har ikkje forska her heller, men me trur at elevane ser nytta av å skrive eit brev eller ei melding til rette vedkommande. Det løner seg å vise kva ein meiner og ta det eit steg vidare, publisere, skrive bokmelding eller ei klage.

Klassane hadde ikkje lyst til å lese fem bøker våren 2018, så me avslutta med ei stor marsipankake den 15. desember. Men ein elev ville gjerne vere medlem av sjølve nominasjonsjuryen. Boldiszar Kun melde seg, fekk reise til Oslo og me er steike stolte av han alle saman. Det å vere Bokmeldarklasse er masing, motivering, moro, meistring, mykje arbeid og det gjev klassane ei felles oppleving som ingen av oss ville vore forutan. Helsing stolte elevar og lærarar som er igang att med ei ny bok, denne gongen same boka til alle.