Jobbutlysing: Vil du skrive for Faktafyk?

Desse fire ungdommane har alle skrive tekstar til Faktafyk 2012. Neste år er det kanskje ein faktaboks om deg her?


Til ungdom 13-16 år:
Har du lyst til å skrive for Faktafyk?

Skriv til redaktør Kristine Isaksen, kristine@foreningenles.no, og fortel kort om deg sjølv og ideane dine. Du må leggje ved ein CV i tillegg. Sjå oppskrift på søknad og CV i bladet på side 64-66 før du set deg ned for å skrive. Alle bidrag i Faktafyk blir honorerte.

Bli med på å gjere Faktafyk endå meir aktuelt. Få verdifull skrivepraksis du kan setje på CV-en!

Faktafyk er eit årleg sakprosamagasin om saker som opptek ungdomsskuleungdom, og neste nummer kjem ut i januar 2014. Nettstaden foreningenles.no/faktafyk blir oppdatert året runt.

Frist for å sende inn søknad er 1. april 2013.

Edith Embla Frydenlund

Edith går no i 1. klasse på Oslo Bys Steinerskule. Ho har skrive intervjuet med fantasyforfattar Hans Frederik Follestad i lag med Vemund Breen Haugen (sjå side 16-19 i Faktafyk).

Les mer

Phajsi Halvorsen

Phajsi går no i 1. klasse på Oslo Katedralskule. Ho har skrive om Trollmannsrock, ein heilt eigen musikksjanger inspirert av Harry Potter (sjå side 48 i Faktafyk).

Les mer

Eirik Toressønn Myrvold

Eirik går no i 9. klasse på Sagene skule i Oslo. Han har skrive bokmeldingar av tre bøker frå tXt-aksjonen av året som han likte særleg godt (sjå side 9 i Faktafyk).

Les mer