Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Parissyndromet

Heidi Furre Flamme forlag 2014

Draumar er draumar. – Neste gong flyttar me til Moskva, seier Anna mens me går nedover bulevarden. – Kva skal me gjere der, då? – Me kan selje popcorn på ein kino. Og me har fri på morgonen, så me kan sove lenge, kanskje lese på ein kafé, drikke vodka frå mjølkeglas, ta bilde framom dei kuplane som ser ut som godteri og skrive brev heim. – Eller me kan reise til Reykjavik, seier eg. – Klubbe om natta, gå turar om dagen. Sjå ut vindauget. Eller me flyttar til Texas, startar ein ranch og får oss pistolar, kveg og hestar. Eg kjøper ein cowboyhatt til deg, om du blir med, til Texas. – Howdy, seier Anna. Me har ofte den samtalen. – Me reiser til Tel Aviv, kan Anna rope frå kjøkkenet, og eg ropar okei frå soverommet. Og i dei landa me skal reise til, byane me skal bu i, skal me vere dei beste versjonane av oss sjølve, som me ein gong hadde tenkt å vere i Paris. – Visste du at det finst noko som heiter Parissyndromet? spør Anna. – Nei? – Det er ein diagnose ein gir japanske turistar som kjem til Paris og får alle draumar og illusjonar om verdas vakraste by fullstendig knust. Ein får ein fysisk reaksjon, feber, hjarteklapp, panikk, og mest av alt kjenner ein seg bedratt når ein ser at Paris er full av hundedrit, fattigdom og faenskap. Dei trur Paris er som ein fransk musikal frå 60-talet, og så er det jo berre Paris. Rått og hardt. Fullstendig kaos. – Prøver du å diagnostisere meg? spør eg. Me ler, litt fordi det er sant og litt fordi det er rart. – Det er visst veldig alvorleg, mange blir aldri friske igjen. – Eg trur ikkje på deg. Eg trur det er ein urband legend. – Jo, det er sant! Ein kan ringe ei slags hotline på den japanske ambassaden. Det skjer heile tida. Folk som får draumane slengt i trynet. Er det så rart? – I så fall burde ein ha ein sånn telefon overalt. Døgnopen. Ekstra personale i helger, bryllaupssesong, feriar og andre høgtidsdagar. – Og nyttårsaftan. – Og Valentines Day, seier eg. – Ein burde passe seg for alt som gir seg ut for å vere fantastisk, seier Anna. – Du burde ikkje snakke. Du står jo her i Paris, verdas mest fantastiske by.

– Draumar er draumar, seier Anna.

Anna får meg til å lure på kor mykje som kan bu i eit menneske. Ein kveld kjem eg heim etter å ha følgt Cecilia til pianotimen sin, Anna står midt på golvet, i kvit strømpebukse, lyseblå badedrakt utanpå, glitter i fjeset. – Hei, ropar eg gjennom musikken. Anna dansar. – Eg berre dansar litt, eg. Ho snurrar rundt, strekker armane ut, opp, i kryss framom seg og hoppar bakover, framover.– Bli med, då. Eg knyter opp skolissene, slenger frå meg jakka, går inn på soverommet og kler på meg tightsen eg brukar å springe rundt og rundt i parken med. Eg finn ein singlet med paljettar på, og drar på svart augeskugge, festar håret i ein høg hestehale, som ein dansar. Eg hoppar ut på golvet til Anna, ho har lange armar, lette steg, eg hermar og me dansar til Françoise Hardy og Daft Punk, snurrar over det knirkete tregolvet, når eg strekker hendene så høgt eg kan, når eg akkurat opp til taket. Vindauget vårt lyser ut mot gata, kanskje nokon ser ut eit vindauge på den andre sida, ser to jenter danse rundt i eit lite rom, lenge dansar dei, heilt til dei skrur av lyset og forsvinn inn i eit anna rom, tenner lyset som så vidt kikkar fram mellom gardinene. Før me legg oss viser Anna meg eit blåmerke ho har fått på skulen. Det er på størrelse med ei stor hand, mørkeraudt, med lilla og gule galaksar. –Herregud, seier eg, og bøyer meg ned for å studere det. – Me skulle lære oss å falle på scenen, og det skulle sjå rea-listisk ut. – Gjorde det ikkje vondt? – Jo, men eg måtte halde maska. Etterpå sneik eg meg ut i garderoben, for å sjå på det i spegelen, trudde eg skulle svime av. – Når skjedde det? – På måndag. – Kvifor har du ikkje sagt noko? – Eg veit ikkje, eg torde ikkje. – Neste gong må du seie ifrå. Ingen kan ha sånne blåmerke åleine. – Men du skjønnar ikkje, ein må liksom vere så hard. Lærarane på skulen er beinharde. – Franske lærarsvin.

Me snakkar tullefransk mens me pussar tennene, høhøhø, lalala, blåmerket til Anna er som eit svart hol i rommet.

Eg skal egentleg ringe Benedikte, men eg slår nummeret hans utan å tenke over det, blir overraska då eg høyrer stemma hans og prøver å late som om eg ringte med vilje. Eg kan høyre at han blir glad, han høyrest avslappa ut og eg skjønnar at han er ute, eg kan høyre trikken skrangle forbi i bakgrunnen. Hjartet mitt begynner å banke så fort at eg blir redd han skal høyre det gjennom telefonrøyret, eg legg meg ned på senga for å prøve å roe meg ned og finne noko å snakke om, fort, det blir feil å seie at eg berre slo nummeret hans ubevisst, at kroppen min gjorde det for meg. – Hei, seier eg. – Det var lenge sidan, seier han. – Eg tenkte berre eg skulle ringe og høyre korleis det gjekk. – Det går bra. Same gamle, men eg høyrde at du hadde flytta til Paris? – Ja då, bur i Paris no, seier eg og tenker at det ikkje høyrest så ille ut, det høyrest iallfall ut som om eg er på veg ein plass. – Det er jo dritkult, seier han. Så eg begynner å snakke om alle forskjellane, at det er lov å snyte seg så høgt ein berre vil på restaurant, og at alle som jobbar i serviceyrke er så sure, at ein kyssar kvarandre på kinnet i staden for å handhelse. Han ler og spør om korleis eg har det, er det fint? Eg drar litt på det, seier at det er fint, men at eg høyrde på Grieg her om dagen og fekk så heimlengsel. – Men du, ikkje sei at du sit i Paris og grin til Grieg og skriv dikt på kafé? spør han, og det boblar inni meg. Og me ler i lag, på kvar vår ende, han står i Storgata, eg ligg på rygg i rue Rochebrune. Han seier at Oslo er som det alltid har vore, at når eg kjem tilbake, kjem eg ikkje til å merke at eg har vore vekke. Det regnar framleis på søndagar og alle har det bra. Han spør om det ikkje blir dyrt for meg å snakke så lenge på telefonen, eg seier at det går bra, at eg ville betalt kva som helst for å høyre lyden av ein trikk no. Han ber meg om å bli der eg er, seier at eg ikkje veit kor heldig eg er. Han har heilt rett. Alt er det same, eg kan alltid komme tilbake. Eg er berre tre timar og ein femhundrelapp unna heime. – Kanskje me sest til jul? spør eg. – Kan me godt, seier han.

 

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 50-58.

Bonusspor

Forfatter Heidi Furre (28 år) debuterte med denne romanen.

Les mer på Flamme forlag.

I romanen Parissyndromet møter vi ei ung jente som drar fra Oslo til Paris fra vennene, familien og ikke minst han som bare lar henne dra. Hun skal være der et år, kanskje prøve å få seg en jobb, bli kjent med folk og lære seg fransk. I løpet av året blir hun konfrontert med sine egne forventninger til hvem hun tenker hun er og hvordan hun ønsker at livet skal være.

Parissyndromet er en roman om identitet, vennskap og det å finne seg en plass i verden. Slik sett plasserer romanen seg inn i tradisjonen til dannelsesromanen som også kalles Bildungsromanen. Begrepet dannelsesroman oppstod på midten av 1800-tallet. I denne sjangeren fokuseres det på hovedpersonens psykologiske og moralske modning. Hovedpersonen drar alene ut i verden, ofte fordi hun eller han har opplevd et følelsesmessig tap, og opplever på sin reise en gradvis modning og endring. På slutten av historien reiser hovedpersonen hjem, forandret og i ferd med å bli voksen.

Klassiske dannelsesromaner:

Wilhelm Meisters læreår (1777) av Wolfgang von Goethe.
– Denne romanen regnes som den første dannelsesromanen.

Jane Eyre (1847) av Charlotte Brontë.
– For å få publisert Jane Eyre måtte Carlotte Brontë skrive under det mannlige pseudonymet Currer Bell. Charlotte hadde to søstre til, Anne (Agnes Grey) og Emily (Stormfulle høyder) Brontë, som også skrev romaner. De tre søstrene vokste opp på en prestegård og alle tre døde unge av tuberkulose.

http://youtu.be/e8PLpXvhtlc

David Copperfield (1850) av Charles Dickens.

– Charles Dickens ga ut alle romanene sine som føljetonger I form av månedlige hefter på 32 sider hver. David Copperfield ble gitt ut fra mai 1849 til november 1850. Denne distribusjonsformen var en helt ny måte å tjene penger på som forfatter.

Moderne dannelsesromaner:

The Catcher in the Rye (Redderen I rugen) (1951) av J.D Salinger.
– Vi følger unggutten Holden Caulfields opplevelser I New York I dagene etter at han er utvist fra skolen Pencey Prep. The Catcher in the Rye er en moderne klassiker som ble svært viktig for ungdomssopprøret på 50-tallet.

Norwegian Wood (1987) av Haruki Murakami.
– Med tittel fra Beatles-låta Norwegian Wood forteller romanen om Toru, som husker tilbake til sine første år på universitet, da han møtte de to svært forskjellige jentene Naoko og Midori.

 

Ute av verden (1999) av Karl Ove Knausgård.

– Knausgård debuterte med denne selvbiografiske romanen om 26-årige Henrik Vankel som drar til en liten bygd i Nord-Norge for å jobbe som lærervikar.  Vankel blir forelsket i en av sine elever, Miriam. Knausgård skildrer en besettende kjærlighetshistorie som fører til at Vankel flykter sørover til Kristiansand.

Furuset (2012) av Linn Strømsborg.
– Furuset er en omvendt dannelsesroman. Eva har nettopp levert master og bestevenninna skal reise til Paris. Eva lurer på hva hun skal gjøre med livet sitt. Hun bestemmer seg for å ta en liten pause og flytte hjem igjen til foreldrene og drabantbyen Furuset. Der er ting akkurat som de alltid har vært. I hvert fall for en stund.

Et par filmklassikere:

Paris, je t’aime (2006)

Den fabelaktige Amélie fra Montmartre (2001)

Til toppen