Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Brenn huset ned

Frode Grytten Oktober 2014

MORGONFUGLAR, HÆ? sa han inn i mikrofonane. Klokka var kvart på tre, ein onsdag i universet. Andre folk sine ettermiddagar er alltid ei rockegruppes morgonar. Foajeen på Bond’s summa og buzza. Joe geispa og flirte. Kosmo hadde fått hengt opp gule og raude Clash-plakatar på veggane. Ein diger spot var retta mot bandet. Journalistane hadde plassert mikrofonar og bandopptakarar på det vesle bordet framfor The Clash, som om dei hadde blitt flogne inn for å fortelje det amerikanske folket den heile og fulle sanninga. Joe sat til venstre med Paul ved sida seg. Topper bortanfor der. Mick heilt ute til høgre. Bernie svirra ein stad i bakgrunnen. Alle røykte. Ei serveringsdame kledd i brun uniform serverte kaffi. Joe lengta etter ein øl, å blåse skummet av det første glaset for dagen. Han kjente at han lukta svovel. Kvar gong han var trøtt og lei, tok kroppen hans til å tikke og han lukta svovel. Han hadde forsøkt å dusje vekk lukta, men no sat han her, i svart Clash-t-skjorte og raud ermelaus vest, framfor eit fullt pressekorps og lukta svovel. Er pønken død? spurte ei røyst. Joe kunne ikkje sjå fyren, han stira inn i tv-lamper og blitsar. Dei køddane dokumenterte kvart ord han sa, og kvart ansiktsuttrykk han hadde, sjølv såg han ingenting av dei. Pønken er ikkje død, svarte han, vi lagar betre songar, vi er blitt betre til å spele, vi ser betre ut enn nokon gong, eg har til og med fått meg nye tenner. Korfor spelar de på eit diskotek og ikkje nede på CBGB for pønkarane? spurte den same røysta. Skulle vi ha spelt på CBGB, måtte vi ha spelt kvar kveld i ti år om alle skulle ha fått sjå oss, svarte Joe. Kva med Madison Square Garden? kom det frå mørket. Joe serverte sin Shakespeareideologi. Shakespeare hadde som prinsipp at ensemblet hans aldri skulle stå på ei scene som var så stor at folk ikkje såg ansikta deira. Folk måtte vite at skodespelarane meinte kvart einaste ord. Vi er Shakespeare anno 1981, sa Joe. Det var Bernie som hadde booka dei inn åtte kveldar på Bond’s International Casino. The Clash kunne lett ha fylt Madison Square Garden, men Bernie meinte at Bond’s ville gi dei ein aura av noko farlig og sexy. Madison var for Elton John og Grateful Dead. Bond’s låg på Times Square mellom 44. og 45. gate, midt i sexsjappe-strøket, eit diskotek som sannsynligvis minte Bernie om lokala der The Clash spelte heilt i byrjinga, ein type sleazy nattklubb med mafiafolk som talte cash og dop på bakromma. Joe hadde komme fram til at dette var Bernies form for nostalgi, han lengta tilbake til korleis ting var i oppoverbakke. Kva er bodskapen dykkar? Spurte ein journalist. Dette var det verste. Å rævsleike ei heil yrkesgruppe som opplagt var inkompetent til å gjøre jobben dei var sett til. Kvafaenmeinerdu? spurte Paul. De har vel ein bodskap? Forstår du ikkje, vi gjør bare jobben vår her, sa Mick. Vi er ei rockegruppe, vi gir ut plater og spelar konsertar. Kom på konserten i morgon kveld, sa Joe, så skal du få bodskap. Men kva er bodskapen? Jo, bodskapen er at vi vil lære heile verda å snakke japansk. Folk lo. Det er ikkje mykje japansk på platene dykkar? Då må du høre betre etter, sa Joe. For noko piss, for ein fullstendig bortkasta bruk av tid og krefter. Han tenkte at det hadde vore betre om han hadde gjort noko anna, at han hadde lese ei bok eller glodd på tv, sprunge ein tur i Central Park, alt anna enn dette. Problemet med pressefolk var at dei hadde glømt korfor folk likte musikk. Han kjente seg rastlaus. Handa verkte framleis. Han hadde gått frå Gaby før ho vakna, han hadde lurt på om han skulle fortelje ho om drømmen, at han hadde drømt at han såg sitt eige dødsfall på nyheitene, men han var ikkje eingong sikker på at det var ein drøm. Han sippa kaffi, tente ein ny røyk. Om musikken kunne preike. Om musikken kunne ta alle telefonane. Om musikken kunne tatt seg av alle journalistane. The Clash burde gå inn på scena kvar kveld, spele det beste rock’n’rollshowet folk nokon gong hadde sett, og så komme seg til helvete vekk. Det var pønk. Gå inn. Eksplodere. Komme seg ut. Oftare og oftare hadde han denne kjensla av at dei aldri kom til å spele. Alt var bilar, bakrom, burgersjapper, hotellbarar, bandmøte, pressekonferansar. Heile tida måtte dei forlate ein song for å hoppe inn i minibussar, sjekke inn på fly, sjekke inn på hotell. Bernie kom snikande krokrygga inn frå sida, retta på ein mikrofon på bordet, dukka ned som om han ville vere usynlig, noko som gjorde at alle stira på han. Joe lente seg fram: Bernie Rhodes, mine damer og herrar! Mannen som fann opp pønken! Bernie forsøkte å komme seg vekk, men snubla leidninga. Og det var tydeligvis for mykje for han, la Joe til. Ein journalist siterte Paul Weller frå The Jam som uttalte at The Clash no hadde blitt big business og ingenting anna. Korleis ville gruppa sjølv definere det å selje ut? Mick tok ordet. Vi spelar på Bond’s, sant? Og så sel vi ut alle billettane, sant? Og når det ikkje er fleire billettar igjen, så er det definisjonen på å selje ut, sant? Alle lo. Nokre klappa. Men Sandinista er ikkje mykje av eit pønkealbum, er det vel? spurte ein journalist. Vel, sa Joe, vi har gått i rundt 35 ulike retningar på den plata, forstår de ikkje at vi er ein gjeng idiotar som gjør akkurat som vi sjølv vil? Kva er pønk for dykk? spurte ei røyst ute på venstre side. Joe peikte på sigaretten og sa at der hadde du pønk, å finne eit oskebeger når nokon tente ein røyk, ikkje vente til oska fall på bordet, å sjå problemet og fikse problemet, det var pønk. Kva er det som driv dykk? kom det frå høgre side. Desperasjon, svarte Joe og flirte. Eg kan trygt anbefale desperasjon. Kva er desperasjon for The Clash? Vel, det er å vakne kvar dag og vite at det er meir jobb å gjøre. Også vi må opne auga om morgonen. Eg er 28 år no, og det vi gjør, handlar ikkje om å sitje på ein mjuk stol og skrive noko piss til neste dags avis, det er 300 gongar meir fysisk enn det, vi er valde til å gjøre ein jobb, og den jobben er endå ikkje gjort.

 

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 18-29.

Bonusspor

Les meir om forfattar Frode Grytten her. Som du ser har Grytten stor kjennskap til populærmusikken.

Her kan du lese meir om historia til bandet The Clash.

Brenn huset ned handlar om det legendariske rockebandet The Clash. Sjekk ut denne legendariske videoen med ein av deira store hits, Shoud I Stay Or Should I Go.

Under kan du sjå ein video til, der bandmedlemmane sjølv kommenterer videoen og det å vere superstjerne. Verker dei lik teksten som Grytten har skrive om dei?

Kva synes du om utdraget frå Brenn huset ned? Her kan du lese kva ein kritikar meiner om boka.

Har du lyst å lese fleire bøker som Brenn huset ned? Da kan du sjekke ut desse:

Jennifer Egan: Bølle på døra
– Dette er kanskje ein av dei beste bøkene som er komme dei siste åra. Her møter du forskjellige karakterar i eit punkrock-miljø i USA. Kva skjer med dei når dei blir vaksne og får jobb? Kva gjer tida med oss? Ei unik bok…

Siv Wyller: Hockeysveis fører til dårlige rim
– Les om Lazze, byens store helt og frisør, ein dansebandentusiast som snakkar på rim. Men kva skjer når han mistar sin store kjærleik til byens prest, og hockeysveisen er i ferd med å dø ut? Les ei annleis, og veldig morosam, bok om å leve for musikk.

Sturle Brustad: Anarchy in Åmot
– Det er en varm augustdag i 1978. Det er siste sommeren før 9. klasse, Hans Petter (HP) er på Modum Cup, der hjemmelaget Åmot møter erkerivalen Vikersund. Plutselig skjærer en skingrende lyd ut over høytaleranlegget.

Noen har lurt seg inn i speakerboden og satt på Sex Pistols med låten «Anarchy in the U.K.». Det som for noen er bråk, er for andre liflige toner. Mens ordføreren skjeller ut den forkvaklede bygdeungdommen, lar HP seg fange av musikken. Dette er opptakten til Åmots eget pønkeband.

Til toppen