Bjørn Hatterud: Mot normalt

FØR:
Klassesamtale

– Kva tenker de når de les tittelen, Mot normalt?
– Kva vil det seie å vere normal?
– Kva slags ord kan vi bruke for å beskrive det som ikkje er normalt?
– I kva grad meiner de at ord som unormalt og mot normalt dekker det same?

Les ingressen.
– Har du nokon gong hatt kjensla av å ikkje passe inn? Tenk i så fall på ein situasjon eller ein periode i livet ditt og sjå han for deg.
– I kva grad trur de at ei slik erfaring kan bidra til at de forstår situasjonen til Bjørn Hatterud?
– Korleis trur de det var å vekse opp i Brumunddal som avvikar og skeiv?
– Synest de synd i Bjørn Hatterud?

– Kva slags forventningar har de til ein tekst i sjangeren «personleg essay»?
(Les ev. meir om sjangeren i bonussporet til Mot normalt her)

Gå deretter inn på nettsidene til Rein tekst og klikk på framsida til Mot normalt. Gjer klar til å spele av lydfila til utdraget som ligg i høyremargen. Fortel elevane at dei skal ta notat medan dei lyttar slik at dei etterpå kan skrive eit samandrag av teksten.

UNDERVEGS:

Ta notat til teksten mens de lyttar til lydfila. Spel gjerne av lydfila to gongar.

 

ETTER:

1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.

Skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

2. Samanlikn samandraga
Grupper på to-tre elevar

Når alle har skrive eit samandrag, samanliknar elevane det de har skrive i grupper på to-tre elevar:
– Kva er likt, og kva er ulikt?
– Korleis er det å skrive samandrag av ein tekst utan å ha lese han – berre å ha lytta?
– Er det forskjell på å skrive samandrag av skjønnlitteratur og sakprosa (essay)? Grunngi svaret.

3. Diskusjon
Klassesamtale

Del først erfaringane med å skrive samandrag i heil klasse.
Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og følg opp med spørsmål som bygg vidare på svara til elevane. Følgande spørsmål kan ev. inngå i diskusjonen:

– Kva slags inntrykk får de av Bjørn Hatterud?
– Korleis vil de beskrive onkelen?
– Korleis vil de beskrive relasjonen mellom Bjørn Hatterud og onkelen hans?
– Liker de onkelen? Kvifor/kvifor ikkje?
– Korleis trur de det må vere å leve med risikoen for å få hjerneskadar?
– Korleis forstår de setninga: «eg var livredd – for at nokon skulle forstå»?
– Korleis vil de summere opp Hatterud sin erfaring med å komme ut som homofil?
– Er det framleis vanskeleg å komme ut av skapet som homofil i Noreg i dag?
– Meiner de at det er meir vanskeleg å komme ut på bygda enn i byen?
– Kva er ei klassereise?
– Kvifor meiner Hatterud at alle vanskane hans har vore sjølve billetten til ei klassereise og eit godt liv?

Bjørn Hatterud bruker ein del formuleringar av typen: «Då synet mitt svikta, var eg ni år»; Då eg var femten år, sette ryggmergen min seg fast i arrvev;  «Då eg var elleve år, la eg merke til» osv.
– Kvifor trur de han bruker slike formuleringar?

Teksten er kategorisert som «personleg essay».
– Er de einige i denne kategoriseringa? Kvifor/kvifor ikkje?
Sjekk ev. definisjonen av omgrepet «personleg essay» i bonussporet – her.
– Lever han opp til dei forventningar de har til ein tekst i denne sjangeren?

Til slutt kan de samanlikne teksten med utdraget frå Kongonotatene (verkelegheitslitteratur) og/eller Charlotte (dokumentarroman).
Kva slags likskaper og ulikskaper ser de mellom tekstane?

Aktuelle kompetansemål:

-Lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner (VG1)

-Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer (VG2)

-Lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid (VG3)