Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Mot normalt

Bjørn Hatterud er funksjonshemma. Han er fødd med ryggmergsbrokk og har vore gjennom tallause smertefulle behandlingar og operasjonar. Hatterud har vore eit overvektig mobbeoffer og er dessutan homofil. Dette er ei forteljing om ikkje å passe inn, om å vekse opp i Brumunddal og vere avvikar og skeiv på alle vis. Dette er ei historie om motgang og liding, men inga sørgjeleg historie. For Hatterud har funksjonshemminga, homofilien, overvekta og mobbinga vore sjølve billetten til ei klassereise og eit godt liv.

Bjørn Hatterud Samlaget 2018

13 |

Morfar sa mange gonger at eg hadde gått gjennom mykje i livet mitt. Han syntest det var fælt at eg hadde det tøft, med helseproblem, smerter og einsemd. Men han var så glad for at eg kunne skrive og skravle. Han pla seie at det var godt hovud på meg.

Ein gong sa han til broren min: «Hæin Bjørn ha fått dæ i huggu, mens du ha fått dæ i heinna.» Det hender framleis at broren min nemner dette, om han har ein svart dag og ikkje kjenner seg bra nok. Det er vondt for meg å høyre, for frå morfar si side var dette meint som eit likestilt kompliment til oss begge.

I hans verd, i hans kultur og oppvekst, var det å ha det i hendene minst like viktig og godt som å ha det i hovudet. Heile samfunnet var bygd opp av flinke hender. Utan gode hender hadde ikkje verda gått framover.

Sidan beina mine svikta og kroppen min krangla, var det heldig, slik bestefar såg det, at eg hadde det i hovudet. Ettersom eg ikkje kunne jobbe med ein fysisk krevjande jobb, var det ei lukke at eg var laga for å sitte med ei bok i fanget. Bestefar var stolt over at eg studerte. Han likte at eg budde innanfor, som ein kallar Oslo på Hedemarken.

Mine funksjonshemmingar opna ei dør for meg, fordi den vande døra var lukka. Eg eigna meg rett og slett ikkje til vanleg arbeid. Eg hadde det ikkje i hendene. Om kroppen stod i vegen for alt anna, var hovudet framleis der, og eg fekk lov til å bruke det.

Då onkel Kjell, han med spalte i ryggmergen og tidleg demens, var ung, var han skuleflink og smart. Men slik mor hugsar det, var det ikkje rom for meir skulegang på han, nokon måtte arbeide i firmaet. Onkel køyrde dyr dag og natt til han vart ufør av hjarteinfarkt – og seinare døydde av følgesjukdommar av demensen.

14 |

Då synet mitt svikta, var eg ni år. I og med at eg har ei form for ryggmergsbrokk, måtte eg til augelege kvar gong det var endringar i synet: Legane var redde for at eg kunne ha utvikla vasshovud, eller at andre fysiologiske endringar i hjernen eller ryggmergen skulle påverke synet. Brillene mine vart sånn sett eit slags minne for meg om alt som kunne gå gale med kroppen min, ein del av eit større problemområde, ein kropp som kva tid som helst kunne svikte meg. Ein kropp utan kontroll og utan tryggleik.

Då eg var femten år, sette ryggmergen min seg fast i arrvev etter ryggoperasjonane. Ryggmergen vart difor sakte strekt, som ein stram gitarstreng, og eg fekk ein del skadar nedst i ryggen.

Ryggsøyla mi ser ut som ein S om du ser meg frå sida, der rygg mergen står i spenn. Framleis er det ein teoretisk sjanse for at dette strekket kan dra veslehjernen min ned i skalle gropa og lage skadar i hjernen. MR-bilete viser at veslehjernen alt ligg unormalt djupt nede i skallegropa, der han blir trekt i av ryggmergen.

Men heldigvis var det ikkje noko i hjernen som var årsaka til at synet mitt vart verre. Eg må nok skulde på livet mitt som barn. Når born veks opp, skal dei vekselvis skifte mellom aktivitetar som skjer rett framfor auga, og aktivitetar som skjer langt unna. Det er denne vekslinga som gir dei eit godt syn, som gjer at auga fungerer som dei skal.

Ungar skal kaste og ta imot ballar, leike i skogen, sjå på ting som er langt unna, og leike med ting i handa. Eg gjorde ikkje noko av dette. Eg leika ein del då eg var liten, men så fort eg vart trygg på å lese og forstod dei mest grunnleggande omgrepa i media, var det lesing, radio og TV som var det eg likte best. Det og samtalar med vaksne. Eg sat altså stille det meste av tida, ofte med ansiktet ned i ei bok eller ei avis. Eg las teikneseriar òg – haugevis.

Eg hugsar då eg fekk briller. Eg hadde store og plastinnfatta, slike som Åge Aleksandersen hadde. Mor sat og såg på meg, så kikka ho ned i kjøkkenbordplata. Så kikka ho tilbake på meg, fleire gonger att og fram. Fyrst mange år seinare fortalde ho meg at ho syntest det var så fælt at eg måtte ha briller, eg som hadde slike fine augevipper, som eit dådyr.

Eg hadde i tillegg briller som skifta farge i solskin, så dei vart mørkebrune så fort eg gjekk ut. Det var fyrst utpå seinhausten at ein gut i klassa mi spurde meg om kvifor eg framleis gjekk med solbriller. Eg hugsa at eg trekte pusten litt og sa at dei ikkje var solbriller, dei var vanlege briller. Eg var han eine i klassa med briller. I klassa under var det òg ein gut med briller og ei i eit par klasser over. Det var oss tre, slik eg hugsar det.

15 |

Då eg var elleve år, la eg merke til at eg var fascinert av korleis jamaldrande gutar såg ut i dusjen. Eg trur eg fantaserte seksuelt om andre gutar alt då. Seinare utvikla det seg, eg kom over bøker om seksualitet då eg var tretten år, og las der det eg fann om biseksualitet. Eg hadde fått med meg på TV at David Bowie hadde vore biseksuell, han og Iggy Pop og Lou Reed. Eg tenkte at å vere bi, det er ikkje så ille. Då kan du framleis vere mann.

Eg rota litt med ein gut i klassa nokre gonger. Då vi var femten år spurde han meg om eg var homo. Eg vart sjokkert over spørsmålet. Homo var eg ikkje, homsar hadde eg sett på TV. Dei var oftast skruller eller lêrhomsar, eg fann ikkje noko der som eg kunne kjenne meg att i. Homoar var ekle og veike sveklingar eller skitne og stygge gamle menn. Eg hadde ikkje noko i meg som likna – trudde eg.

Spørsmålet frå kompisen min var eit sjokk for meg. Han trudde kanskje at eg var homo, berre fordi vi hadde rota litt. Han lurte på om eg òg likte jenter. Likte jenter? Eg hadde jo veninner. Eg svara ja, jenter er fine folk. Så gjekk eg heim, inn i eit svart hol av fortviling. For eg likte jo ikkje jenter på den riktige måten, det skjønte eg plutseleg. Eg var jo faktisk homo, eg var ikkje som David Bowie, Iggy Pop eller Lou Reed. Eg var ikkje mann. Endå eit lag av avvik og anomali vart vikla rundt meg. Og eg var livredd – for at nokon skulle forstå.

Eg stod fram for mor, meir enn tre år seinare, midt på natta. Mor var sjølv i ei slags personleg krise, ho fekk diagnosen bipolar fyrst nokre år seinare. Ho byrja å gråte, ho hadde alltid skjønt, sa ho. Eg hadde vore heilt annleis å ta på enn broren min, ein heilt annan kropp, eg var mjukare enn broren min, alt var annleis med meg, ho hadde skjønt det alt då eg var bitte liten. Eg hadde skjønt at ho hadde skjønt. Ho hadde skjønt at eg hadde skjønt at ho hadde skjønt. Men likevel fekk eg meg ikkje til å fortelje henne at eg likte gutar, før denne natta.

Skamma over å vere homo var verre enn smerta ved å halde det ekle hemmeleg. Eg voks opp i ein kultur der verdien av ein mann vart målt i kor arbeidsam og praktisk han var, kor flink han var med nevane. Det gjorde homsar feil på så mange måtar. Å vere homo var å vere veik, upraktisk, klønete, grinete, feig og mjuk. Og skitten. Å vere homo var å ikkje klare det ein arbeidsmann skulle klare.

Då eg fortalde mor at eg var homo, var eg atten år. Heile verda fekk vite at eg var homo innan eg fylte tjue: På tjueårsdagen min ringde mor rundt til slekt og vener og fortalde det. Fordelen med å vere homo var at dei eksentriske og estetiske interessene mine ikkje kom som noko sjokk på nokon. Eg var jo ikkje som dei andre uansett.

Morfar fekk òg vite at eg var homo. Morfar var åttitre år, fødd i 1914 og med sju års folkeskule. Han hadde jobba heile livet med fysisk arbeid i eit maskulint miljø. Alt låg til rette for at dette ikkje skulle gå bra. Tanta mi fortalde det. Mor fekk seg ikkje til å gjere det sjølv. Han svara berre at det hadde han alltid visst. Bestefar sa at homoar hadde det no alltid vore. Prestar budde to og to saman og var homoar. Gamle jomfruer var homoar. Store broren hans, Aksel, han hadde no sikkert vore homo. I dyreriket var det ikkje uvanleg at rånar var homo og hoppa på andre rånar, så dei måtte ein ta livet av.

Argumenta hans var rasjonelle og handfaste. For han spela dette inga rolle. Nokre år seinare, då eg budde i Oslo, i ein studentbustad på Grünerløkka, vart han så glad, for der kunne eg jo møte jenter. Noko brast i meg. Han såg på meg så ærleg og glad, eg var redd for at han hadde misforstått alt.

Eg grein i bilen på vegen heim, og eg kjende på skuffelsen og redsla i fleire dagar. Eg visste ikkje korleis eg skulle fikse det om han, som var så stolt av meg, like vel ikkje aksepterte at eg var homo. Kanskje trudde han at dette var noko som gjekk over. Mor vart òg lei seg. Vi snakka om at han nok var glad i meg uansett, men at ho skulle ta det opp med han.

Ho snakka med han kvar dag. Ein dag spurde han om eg ikkje snart skulle finne meg ei dame. Mor svara: «Hæin Bjørn lik itte damer, veit du jo. Bjørn æ homo.»

Bestefar utbraut, letta: «Ja, visst faen, hæin Bjørn æ jo homo, hæin!» Bestefar hadde rett og slett gløymt desse homogreiene. Det spela ikkje noka rolle for han.

BONUSSPOR

Essay

Hva er et essay?

«Et essay er en tekst som stiller spørsmål ved kjente forestillinger eller aktuelle saker». Les hele Wikipedia sin definisjon av essay her. Om det personlige essayet står det:

«Det personlige essayet skrives i jeg-form og bygger ofte på personlige erfaringer og refleksjoner. Essayet er heller ikke ensidig argumenterende eller misjonerende. Ofte er det vanskelig å se hva essayisten ‘egentlig’ mener. I essaysjangeren er det akseptert med ‘sidesprang’ fra hovedemnet, i form av innfall og digresjoner. I motsetning til kåseriet er essayet som regel ikke humoristisk, men det kan inneholde et snev av ironi, og det skal jevnt over være saklig, fordi essayet er en sakprosatekst. En kan kanskje si det slik at mens kåseriet har som mål å underholde og more, har essayet mer som formål å vekke til ettertanke.»

Biografi

Hva er en biografi?

Her Store norske leksikon sin definisjon:

«Biografi, en persons livshistorie, levnetsbeskrivelse, skrevet av en annen, enten som en ren oppregning av de ytre begivenheter i en persons liv, eller som en bredere skildring, der liv og virke, karakterutvikling og årsakssammenheng blir beskrevet, enten vitenskapelig, populærvitenskapelig eller i form av en biografisk roman. En biografi hvor en person skildrer sitt eget liv, kalles en selvbiografi (autobiografi), som igjen glir over i memoarlitteratur når skildringen av miljø og tidshistorie trer frem som det vesentlige. Biografier inntar en bred plass både i eldre og i nyere historieskrivning. Se også bibliografi og bio-bibliografi – forfatterleksikon.»

Memoar

Hva skiller memoaren fra selvbiografien?

«Memoarer, erindringer, er et litterært verk hvor forfatteren forteller om sitt eget liv og virke, samtidige begivenheter og personer han har møtt. Memoarer må skjelnes fra dagboksopptegnelser, som skrives ned samtidig med hendelsene. Grensen til selvbiografien er flytende.»

Les hele definisjonen på Store norske leksikon her.

Boktips:

Stillhetens økologi
Erland Køisterud
Forlaget Oktober
2019

Stillhetens økologi består av syv essay som på ulike måter går inn i vår tids store spørsmål: Hvordan skal vi tenke og handle i møte med klimatrusselen? Erland Kiøsterud skriver om nødvendigheten av å se oss selv utenfra og erkjenne den økologiske krisen vi har skapt som del av oss selv – vår egen kropp, våre tankemønstre og fortellinger. Skrivemåten i Stillhetens økologi er dels analytisk, dels personlig, og på elegant og aktsomt vis knytter Kiøsterud etiske og eksistensielle spørsmål om forholdet mellom menneske og natur til egen oppvekst og eget forfatterskap.

 

Eg snakkar om det heile tida
Camara Lundestad Joof
Samlaget
2018

Eg snakkar om det heile tida er eit vitnemål, ein appell og ei sjølvransaking. Camara Lundestad Joof er fødd i Noreg, med norsk mor og gambisk far. Boka skildrar korleis rasismen ho stadig opplever, infiserer kvardagen og styrer tankane hennar. Ho ransakar minna sine. Kva om ho hugsar noko feil, korleis skal nokon tru henne då? Kor mange detaljar må ein hugse for å verke truverdig? Trur ho på seg sjølv? Og kan ho nokon gong fri seg sjølv frå spørsmålet om hudfarge?

Jeg lever et liv som ligner deres
Jan Grue
Gyldendal
2018

Jeg har en medfødt muskelsykdom. Jeg er rullestolbruker. Jeg har høy utdannelse. Jeg er i jobb. Jeg er familiefar. Jeg er tilsynelatende vellykket. Hva skulle til for å komme hit?

Jeg lever et liv som ligner deres handler om å leve i en sårbar kropp. Det er en fortelling om arbeid, om drømmer og om en lengsel etter det allmenne. Det er en bok om det vanlige og det uvanlige livet.

Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake
Naja Marie Aidt
Gyldendal
2018

I mars 2015 døde Naja Marie Aidts sønn Carl i en ulykke, 25 år gammel. Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake er en rasende ærlig bok om hvordan sorg føles, hvordan den forandrer ens forhold til virkeligheten, til ens nærmeste, til tiden.

 

 

 

 

 

Til toppen