Årsrevy 2011

Aldri har det vore så mykje folk og liv på finalen, og interessa for å arrangere delfinalar er større enn nokon gong.

Applaus: Finalistene i NM i poesislam 2011 klapper for seg selv under finalen på Caféteatret i Oslo. Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les.

Interessa for poesislam er i vekst i dette langstrekte land, og det er motiverande for oss i Foreningen !les som har satsa på NM i poesislam sidan 2005. Ei kort oppsummering av slamåret 2011 kjem her, så får me sjå kva høgder 2012 tek oss!

Sarah Ramin Osmundsen er regjerande noregsmeister i poesislam som de alle veit, og her er eit intervju med henne som NRK gjorde: – Jeg liker å fortelle historier. Sjekk ut videoklippa! Sjå også artikkelen som stod på trykk i Ny tid 11. november der  journalist Carima T. Heinesen spør: «Er slampoetene vår tids kulturelle samfunnskritikere?» Les også sjarmintervju på utrop.no: En verdensvant norgesmester.

TRONDHEIM
I Trondheim arrangerte Kulturutvalet til Studentersamfundet delfinalen. Sindre Renny Wigre i Kulturutvalet har verkeleg gjort ein stor innsats for slam i studentarbyen, han var med på å arrangere delfinale både i 2010 og 2011 og tok vidare inititativet til ein vårslam i fjor. Det blir også arrangert vårslam på Samfundet i år, mest sannynleg 1. mars. Meld di interesse til Sindre om du vil delta: sindrewigre@gmail.com.

Ifølge Sindre var det «tjukt av folk, jubel, skrål og knuste ølglass» på delfinalen, og Trond Wiger gjorde ein strålande jobb som konferansier. Slammen som konsept veks i merksemd både i byen og i semesterprogrammet til Samfundet, skriv Sindre, så då håpar me at ein like entusiastisk organisator overtek jobben når Sindre går av i juni. NRK P1 gjorde laiv dekning av delfinalen, som det diverre ikkje er laga podcast av.  Studenteravisa Under Dusken gjorde ein flott reportasje som ikkje ligg på nett, men to av bileta finn du nedst på denne sida. Delfinalevinnar: Simen Torgersrud.

TROMSØ
Som alltid var det fullt hus då delfinalen i Tromsø gjekk av stabelen. Rebekka Brox Liabø var konferansier og fekk det travelt med å stagge publikumsjuryane slik at dei ikkje fór i tottane på kvarandre, samstundes som ho skulle lose deltakarar og publikum elles gjennom arrangementet. Les reportasjen i Bladet Tromsø: Fresende poesi. Delfinalevinnar: Hans Christian van Nijkerk.

STAVANGER
Litteraturfestivalen i Stavanger, Kapittel, har arrangert delfinale i poesislam sidan oppstarten i 2005. I fjor blei poesislam trekt fram som det store samarbeidsprosjektet mellom musikk og litteratur, les meir: – En totalopplevelse. Delfinalevinnar: Guro Sibeko.

LILLEHAMMER
Tidlegare NM-meister (2008), Therese Bakkevoll, losa deltakarar, publikumsjuryar og publikum trygt gjennom delfinalen under Litteraturfestivalen på Lillehammer siste veka i mai som alltid opnar NM . Delfinalevinnar: Ingebjørg Liland.

GVARV i TELEMARK
Kartfestivalen arrangerte trufast delfinale som tidlegare år, og slammen blei særleg nemnt i denne reportasjen frå opninga av festivalen: Åpnet med slam. Delfinalevinnar: Kristine Søgnen.

DRAMMEN
På Union Scene trekte poesislam og konsert over 300 publikummarar, og her vann Sarah Ramin Osmundsen som altså enda opp med å bli noregsmeister.

TAKK alle delarrangørar, deltakarar og publikum! No er prosessen i gang med å finne delfinalearrangørar til årets NM, ta gjerne kontakt om du er interessert: kristine@foreningenles.no. Berre institusjonar kan vere arrangørar.