PM: På tide med nynorsk

Leseaksjonen «Tid for ti» skal vise fram breidde og kvalitet i nynorsk litteratur for elevar på 7. trinn. Hovudinnhaldet i aksjonen er ein antologi med utdrag frå nynorske bøker skrivne for målgruppa. Opplaget er på 15 000 eksemplar og blir sendt til påmelde skular i januar 2016.

Skrevet oktober 20, 2015 i Nyheter, Presse Legg inn kommentar

Pressemelding frå Foreningen !les torsdag 22. oktober 2015
Kontakt: Ole Ivar Burås Storø, tlf.: 480 03 448

Illustrert av Vibeke Røgler/Foreningen !les

Illustrert av Vibeke Røgler/Foreningen !les

Til aksjonen følgjer også ei eiga nettside med tekstane digitalt, lydfiler, aktivitetar og lærarressursar. I tillegg til Foreningen !les er Nynorsksenteret og Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane sentrale aktørar i utforminga av prosjektet.

– Målet er å presentere nynorske kvalitetsbøker for elevar på 7. trinn. Vi vil vise fram dei gode bøkene som finst og håper det vil motivere elevane til å lese meir. Samtidig legg vi til rette for at lærarane kan bruke nynorsk samtidslitteratur aktivt i klasserommet, seier Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les.

Undervegs i leseperioden skal elevane få høve til å seie si meining om bøkene utdraga er henta frå. Tilbakemeldingane frå elevane vil vere avgjerande for kva slags bøker som eventuelt blir med neste skuleår.

– Det er viktig å gi elevane eigarskap til litteraturen. Vi tek sikte på at dette blir ein aksjon som vil etablere seg på 7. trinn. Det er eit behov for litteraturtiltak for denne målgruppa, og spesielt med fokus på nynorsk. Kompetansemåla legg vekt på at elevane skal lese eit breitt utval av tekstar på bokmål og nynorsk. Samtidig kan aksjonen vere ein nyttig inngang til ungdomsskulen, seier Burås Storø.

«Tid for ti» vil innehalde utdrag frå følgjande bøker:

Keeper’n til Tunisia av Lars Mæhle, Samlaget
Hjarteklapp av Hilde K. Kvalvaag, Samlaget
Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland, Samlaget
Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo, Cappelen Damm
Drakeguten av Asbjørn Rydland, Samlaget
Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim, Samlaget
Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund, Mangschou
Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl, Samlaget
Rekrutten, grafisk roman av Robert Muchamore. Illustrert av Ian Edginton & John Aggs, Samlaget
Veslebror ser deg av Cory Doctorow, Samlaget

«Tid for ti» lanseras i dag under Nynorskkonferansen i Bergen.

Skuler kan melde seg på her.

Kontakt:
Ole Ivar Burås Storø
prosjektleder Foreningen !les
e-post: ole@foreningenles.no
tlf.: 941 29 000
www.tidforti.no

Om Foreningen !les
Ein ideell medlemsorganisasjon og Noregs fremste formidlar av litteratur til barn og ungdom. www.foreningenles.no

Om Nynorsksenteret
Eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen. Nynorsksenteret legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan vere med på å skape språkkompetanse og motivere for arbeid med nynorsk. www.nynorsksenteret.no

Om Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane
Eit bibliotekfagleg kompetansesenter og pådrivar for utvikling av gode bibliotektenester i Sogn og Fjordane. Fylkesbiblioteket skal yte bibliotekfagleg rettleiing til folke- og skulebiblioteka i fylket, og gje råd til lokale styringsmakter og bibliotekeigarar. http://fylkesbiblioteket.sfj.no/fylkesbiblioteket

###