Nominasjonsjuryen til Ungdommens kritikerpris er klar!

Kritikarane som skal nominere dei åtte beste bøkene frå 2013 er klare.

Skrevet april 22, 2013 i Bibliotek/lærer, Nyheter, Ungdommens kritikerpris, Videregående Legg inn kommentar

Carina Elisabeth Beddare er ein av kritikarane som sit i nominasjonsjuryen.

Carina Elisabeth Beddari er ein av kritikarane som sit i nominasjonsjuryen.

Arbeidet med Ungdommens kritikarpris 2013/14 er i gang – no kan du sende inn søknad om få med klassen din som juryklasse. Nominasjonsjuryen som skal lese årets norske bøker og nominere dei åtte beste, er satt ned.

I samråd med Kritikarlaget, er desse tre kritikarane valt ut til å sitte i nominasjonsjuryen til Ungdommens kritikarpris 2013/14:

– Carina Elisabeth Beddari, kritikar i Morgenbladet.

– Marta Norheim, kritikar i NRK.

– Eskil Skjeldal, kritikar i Vårt land.

Nominasjonsjuryens mandat er å nominere dei 8 beste norske skjønnlitterære bøkene frå 2013. Det er desse 8 bøkene juryklassene skal lese, og det er ein av desse bøkene som skal vinne Ungdommens kritikarpris neste år.

Nominasjonane frå nominasjonsjuryen blir sloppe den 4. november. Vi gler oss, og ønskjer juryen lukke til!