Kommentar: Uprisen heile året!

Ingelin Røssland var den første vinnaren av Uprisen – årets ungdomsbok. I 2007 vann ho prisen for boka «Handgranateple». I år er ho nominert til Uprisen for boka «Hevner». Les hennar tekst om kvifor Uprisen er den viktigaste litteraturprisen for norske ungdomsbøker.

Skrevet mai 22, 2018 i Bibliotek/lærer, Formidling, Lærer ungdomsskolen, Meninger, Nyheter, ungdom, Uprisen Legg inn kommentar

Historisk vinnar: Ingelin Røssland vart den første vinnaren av Uprisen då ho i 2007 fekk prisen for «Handgranateple». No er ho nominert for «Hevner».

Då eg vann Uprisen i 2007 for Handgranateple (Samlaget) skjøna eg veldig lite av kva Uprisen eigentlig var og kva den etter kvart kom til å bety, både for lesarane og forfattarane. Uprisen er etter mi meining den viktigaste litteraturprisen for norske ungdomsbøker. Eg skal forklara kvifor eg meiner det.

Til skilnad frå alle andre litteraturprisar er Uprisen aktuell året rundt, bortsett frå sommarferien. På hausten begynner bokmeldingane å tikka inn på uprisen.no frå ungdommar i heile landet. Eg er nok ikkje den einaste forfattaren som alt tidleg på hausten begynner å bita negler. Vil nokon plukka opp boka? Vil nokon finna den verdig ei bokmelding? Har eg klart å fenga målgruppa? Eg var hoppande glad då den første tilbakemeldinga på Hevner (Mangschou) ENDELEG kom i haust.

Utover hausten stig spaninga. Bokmeldingane blir fleire og det blir tydeleg kor ulike lesararar som finns der ute, men samtidig kor dyktige mange er til å seia noko om kvifor dei likar eller ikkje likar ei bok. I desember begynner nominasjonsjuryen sitt arbeid. Fem ungdommar som les alle bokmeldingane, og som ut i frå dette skal nominera fem bøker til Uprisen. Når nominasjonane er klare, så er det juryklassane sin tur. Arbeidet held på heilt fram til prisutdelinga under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer kvart år. Uprisen involverer veldig mange gjennom eit heilt skuleår.

Uprisen og Foreningen !les kan trygt ta ein god del av æra for at norsk ungdom les bøker og engasjerer seg i litteratur. Når eg ser på dei mange bokmeldingane på Uprisen, så blir eg utrulig imponert og eg tenker at det er håp for bøker og lesing i framtida. Eg skreiv skikkeleg dårlege bokmeldingar i høve til det høge nivået ein del av ungdommane leverer. Det er spanande å følgja kven som blir månadens anmeldar på Uprisen og kven som til slutt blir årets anmeldar.

Eg meiner at både barn og ungdom skal lesa den litteraturen som blir til no. Då eg gjekk på ungdomsskulen var det framleis novella Tusten av Tarjei Vesaas som var litteraturen me skulle få bryna oss på. Den novella kunne ta knekken på sjølv den mest ihuga lesaren. Eg hugsar at eg såg på arbeidet med den novella som eit ork. Læraren kalla det stor litteratur, eg tenkte at eg aldri meir skulle lesa eit ord skrive av Tarjei Vesaas. Eg skulle ønska at me hadde fått jobba med ferskvare og bøker i «forbodne sjangrar» som fantasy, dystopi, krim og romanse.

Uprisen har verkelg gjort eit stort arbeid for å få aktuelle bøker ut i skulane, noko som gjer det både kjekt og meiningsfylt å skriva ungdomsbøker.

Stor takk til Foreningen !les, juryklassar, nominasjonsjuryen og alle andre involverte i Uprisen, de gjer forfatta jobben meiningsfull.

Og har eg ein ekstra kjip dag, der eg føler at alt eg skriv blir til bæsj, så går eg inn på Uprisen og les bokmeldingar. Då får eg raskt både mot og mannskap til å skriva vidare, til å skriva det beste eg kan for dei aller viktigaste lesarane.

Av Ingelin Røssland, forfattar og Upris-nominert

Vil din klasse vere bokmeldarklasse i Uprisen til hausten? Søk her