Juryklasse lager Uprisenkunst
Sjå kunstverk inspirert av dei nominerte bøkene til Uprisen!
Juryklassen frå Ås ungdomsskole har ikkje berre lest dei fem nominerte til Uprisen. Dei har også laga ei kunstutstilling inspirert av dei fem nominerte bøkene. Vi har tatt ein kort prat med to av elevane som har vore med og lest dei fem nominerte bøkene, og som har laga utstillinga: Sigurd Fløistad (15 år) og Helle Gobakken (15 år).
Kvifor har de laga kunstverk av dei nominerte bøkene til Uprisen?
Sigurd: Vi lagde kunstverka først og fremst på grunn av ein foreldre kveld vi skulle ha, der vi skulle vise fram bøkene.
Var det vanskeleg å lage eit kunstverk til kvar bok?
Helle: Den største utfordringa ved å lage eit kunstverk til kvar bok, var å lage eit kunstverk som fortalte noko om boka, men som ikkje avslørte for mykje.
Var heile klassen med på dette, eller var det berre nokre av dykk?
Sigurd: I gruppa vår er det nokon frå kvar av dei 5 niendeklassane på skolen, men ikkje alle var med på dette prosjektet.
Kva tenkjer de om dei fem bøkene de har lest – er dei aktuelle for ungdom i dag?
Helle: Mange av bøkene passar for ungdom i dag. Sjølv om alle bøkene ikkje går føre seg i vår samtid, så vil fleirtalet av bøkene vere interessante for ungdom på ein eller anna måte.
Kva for bøker likte de best av dei fem nominerte til Uprisen?
Sigurd: Eg likte best Nærmere høst på grunn av temaet den tek opp og korleis forfattaren har gjort det.
Helle: Eg likte også Nærmere høst best fordi dette er ei bok som er veldig fin og spennande. Den handla om andre verdskrig, noko eg synes er særs interessant.
Neste veke delast Uprisen ut på Norsk litteraturfestival på Lillehammer. Torsdag 30. mai, klokka 1300 blir det klart kven som har skrive årets norske ungdomsbok.